Det guddomlege vatnet

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

TV-aksjonen har i år mål om å skaffe over éin million menneske varig tilgang til reint vatn. Vatn er ein av dei viktigaste ressursane i verda og ei kjelde til både liv og konflikt. Men vatn er ikkje berre viktig for å overleve.

Det heilage vatnet
Vatn er ei kjelde til liv og fruktbarheit, men også til død og fare. I somme religionar finst helbreidande kjelder. I andre er det vatnet i seg sjølv som er heilagt.

– Alle religionar har ein veldig respekt for vatn, seier Dag Øistein Endsjø.

Han er professor i religionsvitskap ved universitetet i byen der vatn ikkje akkurat er ei mangelvare, Bergen. Ifølgje Endsjø har vatn liknande, men samstundes ulik tyding i ulike religionar.

– I kristendommen vert vatn til dømes brukt i velsigning, i overgangsritual som dåp, og som ei lækjande kjelde. Også i skildringar av Paradis er vatn sentralt, og vatn dukker ofte opp som ei kjelde til evig ungdom og eit symbol på livskraft, fortel han.

Hinduismen er ein annan religion der ein knyt stor verdi til vatn.

– I hinduismen spelar heilage elver ei rolle i reinsingar og overgangsrituale. I den indiske byen Varanasi er det til dømes viktig for hinduar å bli brent ved breidda av den heilage elva Ganges når ein døyr, eller til og med å verte hive uti om ein ikkje har råd til kremasjon. Frå eit sekulært perspektiv er elva så forureina at det er helseskadeleg å vaske seg eller drikke vatnet, men for mange hinduar er vatnet velsigna.

LES OGSÅ:Når vatnet ikkje renn

– Også i islam spelar vatn ei rolle, til dømes er det veldig synleg i samanheng med Paradis. Islam oppstod i det som i dag er Saudi-Arabia, eit karrig område med lite vatn, men i Paradis er det ikkje mangel på vatn, fortel professoren.

Vatn symboliserer ikkje berre liv, men også fare, som i forteljinga om Syndefloden.

– Både mangel av vatn og overflod av vatn kan i religiøs samanheng verte forstått som ein konsekvens av våre synder. Denne sterke respekten for vatn i religion er noko ein kan bruke til fremje haldningar mot å ikkje forureine, og for rettferdig fordeling av vatn, som er eit stor problem mange stader, meiner Endsjø.

Det vesle, unike molekylet
Trass i påstandar om det motsette, kan ikkje ein gong luft og kjærleik erstatte vatn. Og ikkje berre spelar vatn ei viktig rolle i daglegliv og religion, men også i storpolitikk, som i Israel-Palestina-konflikta og i Sudan.

Ein kan jo spørje seg då, kva det eigentleg er vi heller i oss, døyper våre barn i, krigar om og vaskar vekk våre synder med.

Ifølgje Tore Skodvin, som er førsteamanuensis ved Kjemisk institutt ved UiB, er det snakk om nokre veldig små og ganske unike molekyl. Vatn er nemleg eit stoff som går mot straumen, på fleire måtar.

For det første burde eigentleg vatn stort sett vore ein gass og ikkje flytande vatn.

– Vassmolekyla er veldig små, og slike små molekyl har vanlegvis mykje lågare fryse- og kokepunkt enn vassmolekylet har. Det vil seie at dei som regel vil vere i gassform under dei temperaturane vi lever i, fortel Skodvin.

Karbondioksid og metan har til dømes omkring same massen som vatn, og opptrer normalt i gassform.

LES OGSÅ: Et insekt, redd planeten

For det andre flyt is i vatn. Dette er også ganske uvanleg, ettersom dei fastare formene av eit stoff vanlegvis har større tettleik – dei er tyngre – enn dei flytande formene av eit stoff. Vatn er eit av få stoff som oppfører seg motsatt. Heldigvis, for elles hadde innsjøar fryst frå botnen og opp.

– Vatn frys frå overflata og sjeldan heilt ned til botnen. Slik kan fisk og anna dyreliv overleve under isen, fortel forskaren.

For det tredje er vatn eit stoff som kan løyse opp mange andre stoff. Salt løyser seg til dømes opp i vatn, men ikkje i bensin.

– Denne eigenskapen ligg mellom anna bak den livgjevande effekten til vatn. Blod er i stor grad vatn, og i både menneske- og planteceller er hovudkomponenten stort sett vatn. På grunn av at vatn kan løyse opp ulike forbindingar kan det transportere næringsstoff gjennom kroppen, forklarar han.

Og til sist er vatn unikt fordi det er eit av dei stoffa som har høgast varmekapasitet. Det vil seie at vatn må verte tilført store mengder energi for at temperaturen i vatnet skal auke.

– Dette er særleg viktig for å regulere den globale temperaturen. Utan verdshava, med enorme mengder vatn, som tek opp mykje av solenergien, ville temperaturen på jorda sannsynlegvis vore veldig mykje høgare enn den faktisk er.

Ceremony of a baby christening

I kristendomen er vatn viktig i overgangsrituale, som dåp. Illustrasjonsfoto: Colourbox.

Mirakel eller berre bipolar?
Eit stoff som oppfører seg annleis enn nær alle andre stoff, og som kan gi liv og ta liv. Det er nærast eit…mirakel?

Skodvin ved kjemisk institutt trur ikkje det. Forklaringane på dei unike eigenskapar til vatnet er godt kjende.

Særleg éin faktor ligg bak, nemleg vassmolekyla si evne til å danne hydrogenbindingar. Desse kjem av krefter som verkar mellom dei ulike vassmolekyla, og som igjen kjem av den geometriske forma på molekyla.

LES OGSÅ: – Vestlege statar må handle no

Vassmolekyla er bøygde, med to hydrogenatom i botnen på kvar side av eit oksygenatom. Dette dannar ein slags trekant, der oksygenatomet sit i toppunktet av ein vinkel. I tillegg er oksygenatomet noko meir negativt lada enn hydrogenatoma. Molekylet er dermed bipolart, og trekk på atoma i andre molekyl,

– Litt enkelt forklart er det dette som er hydrogenbindingar, seier Skodvin.

Karbondioksid-molekylet har til skilnad lineær form og dermed utan skeivfordeling i negative og positive ladningar.

Dei polare vassmolekyla bindar seg sterkare saman og opptrer difor oftare i flytande eller fast form enn upolare molekyl. Det er også den polare eigenskapen som gjer at vatn løyser opp andre stoff lettare enn mange andre stoff. At is er lettare enn vatn, kjem av den trekanta forma på molekyla. Denne gjer at det oppstår holrom og kvart molekyl treng større plass i fast form enn i flytande form, i motsetnad til mindre plass, som er det vanlege. Dermed vert tettleiken mindre, og isen lettare enn vatn.

Det livgjevande vatnet kan altså ikkje berre verte forklara som guddomlege krefters forlenga arm. På den andre sida:

– Eg har ikkje studert om heilagt vatn er annleis enn vanleg vatn, seier Skodvin.

LES OGSÅ:KrFU vil ha Oljefondet ut av Nestlé