– Det gjev meg mykje å hjelpe andre

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det gjev meg mykje

Artikkelen vart først publisert i Vest-Telemark Blad

Den blide kviteseidjenta Lene Lauve jobbar og bur i Bø. Me møter ho på Elatio, eitt av to treningssenter i studentbygda i Midt-Telemark.

Lene fekk tilbod om stilling som personleg trenar ved studioet i haust, og 18. august var ho i gang.

– Me er to personlege trenarar her, fortel ho og legg til at Elatio opna i Bø i fjor haust.

Ho seier at stillinga som PT ikkje er ein ni-til-fire-jobb, men at dagen må bli litt slik kunden ynskjer, om det er dagtid eller kveldstid.

– Ein får servert «alt», og det kan vere krevjande. Men det er viktig å fokusere på at det alltid finst ei gulrot: Det blir betre og vil gå lettare etterkvart. Om ein lagar avtale om trening er ein forplikta til å møte og gjennomføre, meiner ho.

– Men du får vel servert ein del unnskyldningar frå folk som ikkje kan møte?

– Ja, smiler ho, men legg til;

– Det er så moro når ein ser det losnar for kundane. Det er stort å få vere med å endre eit liv til å bli betre, og det skal oftast ikkje så mykje til, sjølv om kunden kan føle det som om det tar hundre år.

– Skal eg vere PT, må eg gå heilt og fullt inn for det, og det gjer eg.

LES OGSÅ: Med Lena på jobb

Nytt prosjekt
Lene fortel entusiastisk om planane treningssenteret jobbar med. Dei vil i gang med eit tilbod til menneske som slit med overvekt.

– Me ser føre oss små grupper med til dømes fire personar per personleg trenar. Her vil kvar deltakar få ein kosthaldsplan, rettleiing, hjelp til treningsplanlegging og ikkje minst motivasjonssamtalar. Skal folk bli med på dette må dei binde seg til gruppa for eitt år, og me ser føre oss treff to til tre gonger i veka, seier ho.

Ho fortel at desse gruppene kan trene for seg sjølv innomhus i eige lokale, eller dei kan leggje treninga ute med til dømes stavgang. Jobben hennar blir at ein til ei kvar tid skal leggje til rette for at liknande trening kan bli gjort heime.

– Planen er at me skal kome med tilbodet på nyåret slik at gruppene kan starte opp når det går ann å trene meir ute att, seier Lene.

LES OGSÅ: Trening kan gje syreskadde tenner

Klarer ikkje vere stille
Men korleis hamna Lene som personleg trenar?

– Eg vil hjelpe folk – eg likar å motivere, det er bare slik eg er. Eg har bestandig vore utadvent. Eg er eigentleg litt sjenert, men på same tid klarer eg ikkje å halde kjeft. Det er nok difor eg har vore kaptein på laga eg har spela også, gliser ho og me er brått inne på fotballen, ein viktig del av 26-åringens liv.

LES OGSÅ: Treningslyst kan styrast

Prøvespel i 1. divisjon
– Etter ungdomsskulen i Kviteseid søkte eg på idrettslina i Bø. Venninna mi Ida Brubakk og eg drøymde om idrettslina. Det var bare dit me ville, men me kom fyrst ikkje inn. Og me grein, minnest Lene, ler og ristar på hovudet.

Men etter ei tid fann skulen ut at dei skulle utvide tilbodet sidan det var så mange som hadde søkt idrettslina. Jentene fekk skuleplass likevel.

– Det var då eg starta på spele på Skarphedin. Eg har alltid drive med lagidrett, seier ho.

Og det kan VTB sitt arkiv stadfeste. Lene sitt namn går stadig att, gjerne knytt til eitt eller anna idrettsarrangement, og gjerne på fotballbanen.

Storesystera Anita, vakta målet på fotballen, og far til Lene, Helge, har og ei solid karriere på fotballbanen som målvakt. Han har redda mang ein ball før han har gått i nettet. Og det var nok ikkje tilfeldig at Helge hamna på fotballbanen heller, sidan far hans, Olav, også var målvakt i si tid.

– Idretten har vel forma meg slik at eg ynskjer å hjelpe andre fram, og eg treng også hjelp til å meistre betre sjølv. Pappa har vore med på å få meg opp og fram. Eg starta å spele fotball som 5-6-åring, og Lene og pappa var sjølvsagt dei eg såg opp til, sidan dei spela sjølv. Eg er svært takksam for at foreldra mine alltid har vore der og følgd meg opp, seier ho.

LES OGSÅ: Høgsesong for trening

Ikkje bare fotball
Andre året på vidaregåande i Bø starta Lene med volleyball som valfag. Då vidaregåande var fullført gjekk difor turen vidare til volleyball-lina ved Sunnfjord folkehøgskule.

– Då blei det mykje speling, kampar, turneringar og reiser både til Brasil og Tyrkia, minnest ho.

Då folkehøgskuleåret var over returnerte ho til Bø og tok fire år på høgskulen. Studiet enda med ein bachelor i idrettsvitenskap, fordjupa i idrett, administrasjon og leiing samt fysisk aktivitet og helse.

I tillegg til studiar blei det også tid til å halde fram med fotball i Skarphedin og volleyball hos Bø volleyballklubb, begge i 2. divisjon.

LES OGSÅ: Kim skal spela fotball med Valencia

LeneLauve3

«Galen nok»
Lene har spela utpå fotballbanen heile livet, men for tre år sidan blei målvakta til Skarphedin gravid og laget fekk behov for ein stand in i målet.

– Trenaren meinte eg var galen nok til å stå i mål. Og pappa var flink til å motivere meg, så då hamna eg i målet då, legg Lene til og kjem inn på det spennande som skjedde nokre veker tilbake.

– Det kom ei tekstmelding, eg skjøna fyrst ingenting. Eg fekk tilbod om å kome og trene med 1.divisjonslaget Urædd på Kjølnes. Dei har fyrstekeeper, men andrekeeperen er langtidsskadd, så dei er på leit etter ei målvakt til. Det er så moro at dei hadde sett meg, og gjev meg sjansen til å prøvespele, smiler ho.

– Eg vil aldri gjere noko halvhjarta, eg må fylgje det opp og få med meg treningar, men nå er det jobben som går fyrst. Så får eg prøve å få med meg mest mogleg av dei fire treningane Urædd har kvar veke, i tillegg til kampar. Sesongen er også snart over, så får me sjå kva som skjer.

– Men det var utruleg moro å trene med jentene på Urædd. Det var eit heilt anna tempo enn det eg er vant med.

Urædd ligg nå på andreplass på 1. divisjonstabellen for kvinner, og luktar på toppserien.

– Kva om det blir tilbod om fotball på fulltid?

– Alt har skjedd så fort, det er litt kaos nå. Eg kan ikkje la sjansen gå frå meg om det dukkar opp, men eg tar det litt som det kjem. Og skulle eg vere så heldig å få bli med Urædd og dei rykker opp i toppserien, må eg nok fint jobbe ved sidan av uansett. Damefotball er ikkje som hos karane, seier Lene.

LES OGSÅ: – 15 timar med smerte

Til USA
I fjor vinter reiste Lene saman med venninna Jenny Myrstad til Orlando for å utdanne seg som personleg trenar. Kurset gjekk over eit halvt semester og gav ho 30 studiepoeng. Det var 75 norske studentar som reiste saman, i regi av Høgskulen i Østfold.

Utdanninga tok mellom anna føre seg å bli ein betre rettleiar og instruktør, lære om sunt kosthald, anatomi og fysiologi.

Under studietida i Orlando hadde dei eit rikt tilbod av treningsarenaer.

– Det var mellom anna eit kjempestort treningssenter med over hundre kvadratmeter med styrketreningsapparat, ti tennisbanar, to squashbanar, basketballbanar, symjebasseng, badstuer og boblebad i garderobane.

Reiselysta hadde lenge vore stor for Lene, så turen til Orlando blei også litt meir enn bare studering.

– Me hadde undervisning nesten kvar dag, og det var varmt, rundt 30-35 varmegrader. Det blei sjølvsagt mykje lesing i helgene, men eg prøva å reise litt også. Og så blei eg kjent med nokre lokale sandvolleyballspelarar. Eg blei med dei rundt og spela turneringar. Eg trur faktisk eg var innom dei fleste strendene i Orlando, då me reiste rundt og sette opp liner og nett for å spele volleyball.

Lene fortel at det også blei litt farting saman med studievenene til kjente turistmål som Miami, Key West, Disney World og Universal studios.

– Eg burde sikkert sitte med nøsi i bøkan heile tida, men eg måtte då nytte sjansen til å oppleve litt anna også, smiler ho.

LES OGSÅ: – Eg hadde 200 hjarteslag i minuttet

Overvekt
Under opphaldet i Amerika blei Lene meir bestemt på at ho ynskjer å hjelpe folk i aktivitet og til å ta fatt i livet og kjempe mot overvekt.

– Overvekt og inaktivitet er utruleg stort der. Det er så mykje usunn mat, og det er vanskeleg å finne dei sunne alternativa. I butikken møter ein metervis med hyller av usunn mat. Eg minnest at eg mellom anna la merke til innhald i pålegg då eg skulle kjøpe salami. «Lite fett» reklamerte dei med, og det var fort å tenke at dette var sunt, men då eg såg på innhaldet var det ekstreme menger salt – så ikkje mykje sunt akkurat …

– Rett der me budde var ein McDonalds-restaurant, ja dei var då i grunnen overalt. Men der var kø, tidleg og seint, ikkje rart folk blei overvektige.

LES OGSÅ: Nordisk kosthald er bra for helsa

For lite gym i skulen
Men det er ikkje bare i Amerika stillesitjing er ei utfordring.

– Teknologien tar over kvardagen. Folk er alt for lite aktive, meiner Lene.

Ho er bekymra for at dagens 5-åringar ikkje veit kva sunn mat er.

– Ein må tenke på kosthaldet. Ta til dømes i skulen; Dei har alt for lite gym. Det er faktisk ikkje meir enn 30 minuttars aktivitet kvar dag som skal til. Det er så viktig at foreldre tenker over kva dei et, barna tar jo med seg vanane vidare. Og tilpass porsjonane, et med måte, oppmodar ho.

– Det er så mange idiotiske diettar. Et heller variert og sunn kost, og ta den halvtimen ut med bikkja. Eit tips kan vere å lage ei dagbok for veka, skriv ned kor mykje tid du brukar til å sjå på fjernsyn, internett, telefon, kor mykje du et i løpet av ein dag. Det vil gjere det meir tydeleg korleis stoda er.

LES OGSÅ: Noko er gale i matbutikken min

Ho oppmodar til å leve meir «normalt».

– Eg forstår at det kan vere vanskeleg å leve sunt, det synest eg au at det er. Men om ein får inn gode rutinar går det lettare. Lag maten fargerik og interessant, lag gjerne middagen ute, lag niste og ta den med deg ut. Lag faste tider til aktivitetar og ei tid til fjernsyn og nett. Eitt anna tips i ein hektisk kvardag kan vere å lage porsjonar med mat klar til neste dag.

– Neste gong du skal gje barna ipad eller ein telefon, send dei heller ut, oppmodar Lene og legg til:

– Og bli med barna! Eg minnest det å spele fotball med pappa mot låveveggen heime var kjempemoro. Om vaksne treng å gjere noko med eiga livsstil og vekt, kan barna vere den beste motivator og til stor hjelp. Det er moro for barna å ha foreldre med på tur, dei vil mykje heller ha ein aktiv mor eller far, enn ein som ikkje orkar.

– Stress er også ein stor faktor til inaktivitet og overvekt, og trening hjelper faktisk på stress også, meiner ho.

LES OGSÅ: Gutar taklar mobbing med idrett

Likar å trene med andre
Men som PT ligg det vel latent å kome seg ut på trening stadig?

– Å nei, sjølv om eg er personleg trenar er det slett ikkje så lett å trene åleine, sofaen min er god den og. Eg likar best å trene saman med andre, med ei venninne. Når eg trenar styrke er det absolutt lettare å vere saman med nokon, seier ho.

– Så ikkje tren åleine, finn nokon å trene saman med slik at du pliktar deg til å møte fram og gjennomføre. Slik er det også lettare å motivere kvarandre til nye mål.

LES OGSÅ: Meir kvardagspupp