– Det går an å reise på naturen sine premiss

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Reiser 21 timar for å nå landsmøte

– Alle har ansvar for å ta vare på miljøet, men me som er engasjert i friluftsliv har kanskje eit ekstra ansvar, seier Amalie Fjellsøy (18), leiar i DNT ung Brønnøysund på telefon til Framtida.no.

Denne helga arrangerer DNT ung landsmøte på Voss. For å kome fram dit skal Fjellsøy og venninna Othilie Rodahl DNT Brønnøy ta tog i heile 17 timar. Undervegs på togturen, som går frå Grong via Trondheim og Oslo, skal dei snappe for DNT Ung.

LES OGSÅ: Snapchat – no også som læreverktøy

«Reis mindre, opplev meir»
Leiar i DNT-ung Stig Øystein Schmidt er over seg av begeistring for at landsmøtedeltakarane vel ein reisemåte som set mindre avtrykk på naturen og miljøet.

I fjor lanserte organisasjonen i samarbeid med organisasjonen POW (Protect Our Winters) Noreg sju miljøvettreglar. Fleire av desse set fokus på miljøaspektet ved transport.

Nummer éin er: «Reis mindre, opplev meir». Schmidt oppmodar friluftsinteresserte til å ta i bruk nærområda både med tanke på tid og miljø. Vidare handlar den femte miljøvettregelen om at «samkøyring er bra køyring».

– Om ein må reise treng ein ikkje køyre åleine i bil eller fly. Ein kan reise på naturen sine premiss, seier Schmidt.

– Me som har mest glede av at snøen ligg lengst mogleg, at fjelltoppane og naturen vår held seg slik han er har eit ekstra stort ansvar for å ikkje vere med å øydeleggje naturen, understrekar DNT ung-leiaren.

LES OGSÅ: – Vil gjere det enkelt å kome seg ut 


Leiar i DNT ung, Stig Øystein Schmidt, er oppteken av at friluftsliventusiastar skal ta vare på naturen. Foto: Sindre Thoresen Lønnes

Utstyrspress
Fjellsøy avslører at hovudmotivasjonen for å velje fly framfor tog, er at dei sparar pengar.

– Men det er ein stor fordel at me òg sparar miljøet, legg ho til.

– Har ein godt med tid, er tog ein behageleg måte å reise på. Om alternativet er å sitja 6-7 timar på skulen for så å fly, kan ein like greitt sitje 8 timar på toget å lese, argumenterer Fjellsøy.

Sjølv har ho eit lite håp om å få unna litt skulearbeid og førebu seg til landsmøtet, i tillegg til å snappe og vere sosial med landsmøtedeltakarane som kjem på undervegs. 

18-åringen fortel at ho har vorte meir medviten på miljø – og særleg forbruk – den siste tida. Ein av grunnane til dette er det ho opplever som utstyrspress i DNT Ung-miljøet.

– Det har vorte eit stort utstyrspress på det å ha dei nyaste og mest moderne utekleda. Eg merkar det òg blant venene mine, der mange er opptekne av å ha «den kulaste turbuksa». I det siste har eg byrja å stoppe opp litt og tenkje over kva det er me held på med, seier Fjellsøy.

Ho peikar til dømes på at ein kan finne mykje godt turutstyr brukt, heller enn å alltid kjøpe det nyaste. I fjor var ho med å arrangera «Grøn fredag», ein byttedag DNT ung lanserte i samband med kjøpefesten «Black Friday».

Lurer du på kva «Black Friday» eigentleg er? Her er historia om ein dag, som var langt frå ein kjøpefest.

Minner framfor utstyr
Schmidt forklarar at organisasjonen med «Grøn fredag» vil ta grep om utstyrsfokuset, som han meiner har gått for langt.

– Nordmenn er dei som brukar desidert mest pengar på sportsutstyr og mange er for opptekne av å få det beste utstyret, framfor dei beste opplevingane, meiner han.

DNT ung oppmodar difor sine medlemer om å byta vekk klede og utstyr dei ikkje bruker. Personleg meiner Schmidt at den viktigaste miljøvettregelen er nummer to, som handlar om å satse på opplevingar framfor utstyr. 

– Ein treng ikkje ha den nyaste skaljakka eller skiutstyret for å koma seg ut på tur og få ei oppleving for livet. Eg meiner at ein bør fylla boden med gode minner, framfor sportsutstyr, avsluttar han.

Les intervju med Kirsti (29), som har flyfritt år!