– Det er ulovleg å dele bilde ein har mottatt. Men er det ulovleg å lagre?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er det ulovleg å lagre nakebilde?

– Vi hadde om prevensjon og lærte korleis vi tok på eit kondom. Og så lærte vi korleis ein skal unngå å få kjønnssjukdommar, seier Thien Tran (16) om seksualundervisninga han hadde på ungdomsskulen.

Framtida møter Tran og kameratane Mika Hassani (17), Andreas Lunde (16) og Jeron Alexander Joseph (16) på Torgallmenningen etter skuletid.

– Vi lærte også at kjønnsorgan såg ulike ut, seier Tran vidare.

Mika Hassani (17) fortel at ein har mange ulike spørsmål som ein ønsker å få svar på.

– Eg lurte til dømes på korleis alkohol kan påverke ereksjonen, og søkte det opp på nett.

LES OGSÅ: Det er lett å google klamydia og «how to make babies»

Besøker skular
Sidan 1973 har Medisinernes seksualopplysning (MSO) besøkt ulike skular for å undervise i kropp og seksualitet. Opplegget lagar studentane sjølv, basert på eigne erfaringar frå klasseromsundervisninga.

– Vi underviser i anatomi og fysiologi knytt til kjønnssjukdommar og prevensjon. Det er den harde delen, seier Emil Graff Ramsli, leiar i MSO Bergen.

Når dei har undervisning, er dei to stykk – helst ei kvinne og ein mann samtidig – og minst ein av dei må vere ein erfaren undervisar i emnet.

Den mjuke delen styrer medisinstudentane i større grad sjølv. Då snakkar dei om grensesetting og kjønnsidentitet. Andre emne kan vere porno, nettvett og liknande.

LES OGSÅ: Skamlaus kalender skal knuse mytar om seksualitet

Nakenbilde
Tilbake på Torgallmenningen har gutegjengen ein livleg samtale om seksualundervisninga frå ungdomsskulen.

– Lærarane sa at ein ikkje bør legge ut nakenbilde av seg sjølv. Og at det er ulovleg å dele bilde ein har mottatt. Men er det ulovleg å lagre det? lurer Hassani på.

– Vi lærte ikkje om at det var ulovleg. Men at ein bør vere forsiktig, og kanskje at det er ei ulempe å lagre det, seier Tran.

Svaret er at nakenbilde av personar under 18 år i utgangspunktet vert sett på som barnepornografiske, men det kan ifølgje straffelova § 204a vere lovleg om det er gitt samtykke og personen som tek eller oppbevarar bilda sjølv er mellom 16 og 18 år. 

Guttegjeng
Gutegjengen i Bergen lærte om kroppen i seksualundervisninga, men ikkje så mykje om kjensler. Foto: Elise Løvereide.

– Ikkje ha sex, du vil døy
Julie Dyrdal (21) og Maiken Søderholm (21) er ikkje nøgde med informasjonen dei fekk på skulen.

– Vi hadde omtrent ingen seksualundervisning. Ein lærar fortalde om blomar og bier, men ikkje om menneske, seier Dyrdal.

Det irriterer Søderholm, som meiner at ungdom treng å utforske og lære meir om sin eigen seksualitet. Ho påpeikar at lærarane burde vite det, sidan dei har vore unge sjølv.

– Det er nok litt tabu. Vi lærte berre om prevensjon. Om alt det vi ikkje burde gjere. Litt sånn: Ikkje ha sex, du vil døy, seier ho.

Ingen av dei hugsar at lærarane tok opp kjensler knytt til kropp og seksualitet.

– Og dei snakka berre om heterofile. Eg forstår godt at ungdom har behov for å søke opp informasjon på nettet, seier Dyrdal.

LES OGSÅ: Er intimkirurgi eigentleg så farleg?

Kva er normalt?
Leiaren i MSO trur det er ein lengre veg å gå for at elevar skal få den kunnskapen dei treng om dei mjuke emna grensesetting og kjønnsidentitet.

– Kunnskapen om det biologiske er ganske bra. Dei fleste kan ein del om fysiologi, prevensjon og seksuelt overførbare sjukdommar. Men dette varierer veldig frå klasse til klasse.

Han fortel at elevane lurer på veldig mykje forskjellig, men dei undrar oftast på kva som er normalt.

– Vi plar seie at alt er normalt, for å normalisere og klargjere at det å sjå annleis ut, eller det å vere litt annleis, ikkje er noko dei skal bekymre seg for.

Dei fleste spørsmåla kjem i den anonyme spørjerunde mot slutten av undervisninga. Spørsmåla varierer naturleg nok frå ungdomsskulen til vidaregåande, men noko går igjen.

– Mange spør om tydinga av ord dei har høyrt, eller korleis komme ut som homofil, og korleis gå fram om ein er forelska, seier MSO-leiaren.

LES OGSÅ: Bent Høie vil at du skal snakke om sex

Faktaboks

Medisinernes seksualopplysning (MSO)

Etablert i 1973. Organisert i Oslo, Bergen og Trondheim

Støtta av Helsedirektoratet

Organisasjonen er partipolitisk og religiøst uavhengig

Målet er å redusere tal uønska svangerskap ved haldningsskapande seksualundervisning og prevensjonsrettleiing, deriblant hindre spreiinga av seksuelt overførbare sjukdommar

Nyttar Metodeboken frå Sex og samfunn