«Det er så lett fordi du er jente»

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Amalie Marie Reisvaag/Proxyfox
Dette innlegget blei først pulisert på Proxyfox.

Kvar dag blir eg fortalt at eg har det så lett fordi eg er jente. At eg får utfortent merksemd. Eg er jo ikkje flink i noko spel, men folk ser på fordi eg ser bra ut. Sidan eg er jente, kvifor viser eg ikkje kløft når eg streamer då? Så kan eg jo få fleire tusen sjåarar? Nei, det er ikkje slik det fungerer. Eg kunne sjølvsagt valt å vise kløft når eg streamer. Eg kunne sjølvsagt vore overemosjonell på streamen min, gråte meir, fnise og le meir. Men nei, det er ikkje slik eg er. Ja det kunne gitt meg fleire sjåarar, følgjarar – men det er ikkje eit slikt bilete eg vil at folk skal ha av meg. Eg vil ikkje at folk skal sjå på meg og tenke «der er ho streamaren med kløfta». Eg vil at folk skal sjå på meg og tenke «åja, det er ho som er så flink på vel'koz" eller «ho som er så drøy på P90» (heh). 

LES OGSÅ: Kampen om verda

Eg blir så forbanna når folk kommenterer at folk kun ser på streamen min fordi eg er jente – fordi eg veit at dei ikkje gjer det. Eg veit at dei som ser på streamen min omtrent kvar dag er der for å sjå meg spele, vere med meg å spele og henge saman med meg og dei andre i chatten min. Dei ser ikkje på meg fordi eg er jente, dei ser på meg fordi eg har laga eit koseleg chatsamfunn og streamer på ein måte der eg snakkar med dei som ser på, som gjer at dei føler seg inkludert. Eg blir så vanvittig forbanna når folk førehandsdømmer meg fordi eg er ein «jentestreamer». Når vart jentestreamer eit negativt omgrep?

LES OGSÅ: «Misforstått maskulinitet»

Eg seier ikkje at eg er best i alle spela eg speler, fordi eg veit jo at i enkelte spel så er eg ikkje flink i det heile tatt. Men alle må jo begynne ein stad? Det er som at folk ventar at eg skal byrje med å vere Global i CS:GO, men eg starta jo som unranked og lærer spelet medan eg spelar det (og streamer det). Når folk då kjem inn og kommenterer at eg er dårleg – ja, eg veit? Eg lærer. Eg har berre spelt i nokre månader. «Men», seier du, «viss du berre har spelt det i nokre månader, kvifor er du då Master Guardian? Du er så jævlig boosta».

Veit ikkje ein gong kvar eg skal starte. Kvar gong eg streamer kjem folk inn og seier at nokon har boosta meg, uansett kva spel eg speler. Seier at eg er dårleg fordi eg har minst kills eller mest deaths. Betyr det eg ikkje fortener å vere i den ranken eg har klart å kome meg til heilt sjølv? Og for dei som endå ikkje trur at eg har klart det heilt sjølv, så har eg streama 99 prosent av alle gamsa eg har spelt – uansett kva for spel. Eg har streama når eg har climba frå  silver til plat i LoL, same med cs:go. Korleis kan du då sei at eg er boosta? At der er no way eg har klart å kome meg dit sjølv?

Eg blir så frustrert av alle som seier jenter ikkje kan vere flinke i dataspel. Slutt å sei at det er så lett for jenter å bli populære innanfor streaming, ros oss heller for så bra marknadsføring at du faktisk fann streamen.

LES OGSÅ: «Herregud, ho er jente»