Det er ingen som tenker på oss!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I tilfelle du har levd under ein stein med hørselvern den siste tida: Då Frp-landsmøtet mellom anna diskuterte båtflyktningar sist helg, hadde nestleiar Per Sandberg på seg ei t-skjorte med bølgjemotiv og teksten «Good journey». Ein del av oss som lever av å meine ting om landsmøte og politikarar, har antyda at dette var usmakelig. Kanskje til og med usmakelig med vilje.

Og då kan du sjølvsagt seie at det er billig og lettvint av oss. Gi litt då, kan du seie. Vis litt velvilje. Konsentrer deg om innhaldet i dei politiske diskusjonane.

Det er lett for deg åseie.

Men ærlig talt: Prøv sjølv då. Sjå kor lett det er åmeine noko fornuftig om eit landsmøte. Ein masse likt kledde folk som går opp til ein talarstol for å skryte av seg sjølve og meine akkurat det du trur dei skal meine.

Og det er kvar einaste helg!

Som om vi som skriv i avisa ikkje har anna ågjere i helgene. Nokon av oss har faktisk liv å leve. Ikkje mange, men nokon. Denne helga, for eksempel, er alle vi som skriv i avisa på ein stor konferanse i Bergen, med mediefolk frå heile Norden. Og kjendisar som er nominerte til Gullruten, som vi kan late som om vi kjenner. Folka våre. Og når ein er påkonferanse, dåer det mykje som skal gjerast. Ein skal gå med bøylemikrofon og snakke om samfunnsoppdrag. Ein skal plukke rett kvit skjorte og grå dressjakke før paneldebatten. Ein skal knappe opp den øvste skjorteknappen for åverke som eit vanlig menneske. Og ikkje minst: Ein skal drikke fråplastglas.

Det er mykje. Og samtidig er det to landsmøte i helga. To!! I to tulleparti. Eit gammalt tulleparti og eit nytt tulleparti. KrF og Miljøpartiet De Grønne.

Og apropos grå dressjakker og skjorteknappar: Det er ikkje mykje variasjon i politikken. Alle som har fått med seg litt av den britiske valkampen, for eksempel, har nok lagt merke til at den einaste variasjonen i klesdrakta til statsministerkandidatane der, er at dei tek av seg jakka og brettar opp skjorteermane når dei snakkar med folk som ikkje er politikarar.

Slik er det i norsk politikk også. Alle kler seg likt og ser like ut og er så flinke og gjer som dei skal og meiner det dei skal meine og oppfører seg ordentlig. No kan ein sjølvsagt seie at det er ein god ting at politikarar oppfører seg ordentlig. Og det er ogsådet vi som skriv i avisa oftast påstår at vi meiner. Og det er sikkert ein god ting, for samfunnet. Men ikkje for oss. Kva med oss? Er det nokon som tenker påkva som er bra for oss? Vi skal då også more oss.

Og det er derfor vi blir så glade kvar gong nokon gjer det litt lettare for oss å meine noko. Kvar gong nokon innfrir fordommane. Når ein i Frp-leiinga er uvøren og har påseg ei t-skjorte med skrift, for eksempel. Det er ikkje meir som skal til.

Er det verkelig for mykje å be om, at alle parti har i alle fall ein person i leiinga som gjer det lett åmeine noko om landsmøtet? At KrF, for eksempel, har ein – berre ein! – morsk fyr med halsskjegg og krusifiks? At berre ein SV-ar bryt ut i protestsong eller brenn det amerikanske flagget? At berre ein høgremann et tusenlappar på scena? At berre ein i Miljøpartiet De Grønne røyker hasj på talarstolen?

Er det verkelig for mykje å be om?

Tydeligvis.

Ingen tenker på oss.

Det verkar som om folk trur desse plastglasa drikk seg sjølve.


Først publisert i Aftenposten 9. mai.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!