– Det er ein «eg heiar på deg»-låt til alle som treng den

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 30.11.2017 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Angrar litt på den ikkje blei på nynorsk

– «Mesterverk» er ein hyllest til det å vera annleis. Den handlar om å ha det fint med seg sjølv som ein er, seier Amina Sewali.

I dag, laurdag 11. mars, framfører ho songen under Melodi Grand Prix (MGP) i Oslo Spektrum.

27-åringen kom til Noreg frå Uganda då ho var fire år, og har drive med musikk så lenge ho kan hugsa. I 2011 gav ho ut debutalbumet sitt på Warner Records.

Sidan den gong er det skodespelarkarrieren som har tatt mest tid for Sewali. Etter at ho spelte rolla som Solveig i Peer Gynt på Nationaltheatret i 2014, blei ho hekta på teater og søkte seg til Det Multinorske: ei teaterutdanning ved Det Norske Teatret for skodespelarar med innvandrarbakgrunn.

I dag er ho travelt oppteken på det andre året av bachelorprogrammet, men den vesle fritida ho har, går gjerne med til musikk. «Mesterverk» kom til ein kveld ho sat med eit glas vin og fikla på pianoet; å senda songen til NRK og MGP var berre eit whim, som ho seier.

«Eg heiar på deg»
– Kva forhold hadde du til Grand Prix frå før?

– Sidan eg kom til Noreg har det alltid vore ei sånn greie familien samlar seg og ser på. Etter kvart slutta eg å sjå på det, men no har eg blitt fan igjen, seier Sewali, og fortel begeistra om nyoppdaga Grand Prix-perler som «It’s My Life» med den rumenske operasongaren Cezar.

«Mesterverk» er langt frå like teatralsk og dramatisk, men med sine fengande rytmar og oppløftande tekst er det ein låt som raskt festar seg på hjernen.

Les om alle årets Grand Prix-artistar: Valen, electrojoik, rockarar og danseband

Sewali fortel at ho blei inspirert til å skriva songen etter at nevøen på ti år blei utsett for rasisme under eit nyttårsselskap.

– Han er veldig glad i folk, og gjekk rundt og sa «godt nyttår» til alle. Så kom han gråtande heim og fortalte at det var ein mann som hadde sagt «Hald kjeft», og så brukte han N-ordet. Det fekk meg til å tenka på korleis det var å oppleva liknande ting då eg var barn.

– Det er ein «eg heiar på deg»-låt, ein låt til alle som treng han.

– Eg veit jo kvar eg kjem frå
Sewali sjølv har alltid kjent seg norsk, og meiner me har ein del å gå på når det gjeld inkludering i det norske samfunnet.

– Spesielt med dagens høgrebølgje, understrekar ho.

I fjor, då debatten gjekk om nye passreglar med høgare krav til dokumentasjon, protesterte Sewali mot at fødebyen skulle bli stroken frå passet hennar.

«Men Eg Veit Jo. Kvar eg kjem ifrå. Kvar eg blei født. Kvar eg blei møtt, for fyrste gong av mora mi sitt moderlege smil. Kvar? På eit glovarmt sjukehus i Kampala», skreiv ho i eit debattinnlegg i Aftenposten.

Les også intervjuet med Chibundu Onuzo (26): – Folk kjem alltid til å flytta på seg, same kor mange murar ein byggjer

Sewali budde på asylmottak dei første åra etter at ho og mora kom til Noreg. Når folk som har budd i Noreg heile livet plutseleg blir kasta ut, går det inn på henne, fortel ho.

– Tenk om det plutseleg skjer med meg og min familie, og nevøane mine som er fødde i Noreg? Eg trur det gjer det vanskelegare å integrera seg når ein alltid må gå og vera redd for sånt.

Målet: Nynorskmusikal
Kvar tredje nordmann meiner i dag at innvandrarar truar norsk kultur. Amina Sewali kan ikkje skuldast for det same. Når ho konkurrerer mot travarar som Rune Rudberg, Kristian Valen, Åge Sten Nilsen i kveldens MGP, er ho den einaste som syng på norsk.

I fjor var det ingen morsmålsbidrag i finalen.

– Kvifor er det slik, trur du?

– Eg skjønar ikkje kvifor. Eller, eg skjønar jo kvifor: Ein vil nå ut, og det er jo ein internasjonal konkurranse. Men eg trur ein kan nå ut til folk uansett, på eit emosjonelt plan, viss ein leverer bra.

– For min del var det ikkje ei sånn greie at «No skal eg visa dei». Låten kom berre på norsk. Kvifor ikkje?, spør Sewali retorisk.

LES OGSÅ: Engelsk pressar ut bokmål i Melodi Grand Prix

– Du skriv også songar på engelsk. Korleis opplever du skilnaden?

– Av ein eller annan grunn føler eg det blir meir personleg på norsk. Og så fekk eg lyst til å bli betre til det. Målet er å skriva ein musikal på norsk. På nynorsk!

– Kult! Kva slags musikal er det?

– Det er ein slags barne- og ungdomsmusikal. Eg veit ikkje kor mykje eg vil seia, men eg har ei litt annleis heltinne, ei du ikkje ser så ofte på scenen.

Seier plutseleg «ikkje»
Nynorsken har multitalentet fått inn gjennom utdanninga ved Det Norske Teatret.

– Eg visste ikkje at nynorsk kunne vera kult før eg kom hit, seier Sewali, som var friteken frå sidemålsundervisninga då ho gjekk på skulen i Oslo.

– Det er ein sånn ting eg ikkje ville ha likt i den alderen, men no når eg føler eg at får velje det sjølv og ikkje blir tvungen til det, så har eg oppdaga kor vakkert og lyrisk det er.

LES OGSÅ: Etter fem album på engelsk har Hanne Kolstø funne seg sjølv på nynorsk

Studentane på Det Multinorske les berre manus på nynorsk, og Sewali røper at nynorsken også har glidd over i daglegspråket hennar. Plutseleg smett det inn eit «ikkje» i det slipne Oslo-målet.

– Kunne du ha skrive «Mesterverk» på nynorsk? «Meisterverk» funkar jo bra?

– Ja, eg angrar litt på at den ikkje blei på nynorsk, seier Sewali.

Fekk du med deg intervjuet vårt med Daniel Kvammen? Ikkje feminist for moro skuld

Faktaboks

• Amina Sewali (f. 1989) er artist, komponist, skodespelar og manusforfattar
• I 2010 skreiv ho musikk og manus til Tæsjern på Grønland, ei moderne tolking av Shakespears Kjøpmannen i Venedig, og spelte sjølv i førestillinga
• Gav ut albumet Amina Sewali på Warner Music i 2011
• I 2012 skreiv ho manus til Patty og Ulven, ei moderne tolking av Prokofjevs Peter og Ulven, saman med Sarah Ramin Osmundsen
• Spelte rolla som Solveig i Peer Gynt på Nationaltheatret i 2014
• Tatt opp på skodespelarutdanninga «Det Multinorske» ved Det Norske Teatret i 2015
• Nyleg kåra til ei av ti «Kule kvinner» av den konservative avisa Minerva
• Deltar i Melodi Grand Prix 2017 med låten «Mesterverk»