– Det er draumestaden min

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mange norske bønder er uroa for at ingen vil ta over garden etter dei. Heile fire av ti trur gardsdrifta stoggar med dei.

Men kva gjer ein dersom ein er to, og begge vil ta over kvar sin gard? Når det i tillegg er 45 minutts køyretid mellom gardane, byrjar det å verte komplisert.

– Eg hadde ikkje planlagt å finne ein med gard, seier Elen Marie Serigstad Ege.

Men slik vart det. Både ho og mannen, Bjørn Serigstad Ege, er femtegenerasjons bønder. Og begge ville føra tradisjonane vidare. På kvar sin kant.

Det har dei løyst med at halvparten av ekteparet bur to-tre dagar i veka på Serigstad, alt etter kor travelt det er på den andre garden.

LES OGSÅ: Iskrem med Aasensk sus

Åtte sauenamn
27-åringen tek imot Framtida på garden på Serigstad på Bryne. Steingardar og jorder ligg bada i vårljos. Det er lett å forstå at ho ikkje vil gje slipp på eigedommen.

Inger Aurora på halvtanna år ser òg ut til å trivast godt med katten på tunet.

Bjørn er travelt oppteken med gardsdrift på Ege. For med fint vårvêr kjem arbeid for bonden.

Det er noko ulikt storleiksforhold på gardane til dei unge bøndene. Medan Elen Marie har åtte sauer, som alle har eigne namn, har ektemannen rundt 150 stykk. Han er fulltidsbonde.

Ho er for tida heime med Inger Aurora, og nestemann på veg. Planen er å søkje seg jobb i olja.

LES OGSÅ: Bønder auka inntektene

Generasjonsbustad
Far til Elen Marie dreiv den vesle garden fram til han døydde brått for ein del år sida. Allereie i byrjinga av 20-åra hadde Elen Marie eigen gard. Den tida hugsar ho ikkje så mykje av, men med god hjelp kom ho gjennom det.

Far hennar hadde teke over etter sin barnlause onkel, som budde der så lenge han kunne saman med søster si. På slutten flytta faktisk Elen Marie inn for å hjelpe grandonkelen. Det gav ho eit nytt syn på livet. Gamleheim unner ho ingen.

– Det er dyremishandling av folk. Gamle må få lov å gjere det dei vil, ikkje berre sitje i ein stol fordi dei kan skade seg, meiner Elen Marie, som før ho flytta til garden hadde budd ei tid hjå farmora.

Etter ei veke på garden fekk ho beskjed om å ikkje kome tilbake, fordi grandonkelen trong ho.

LES OGSÅ: Unge bønder satsar friskt

Saka fortset under biletet.

Familieflette
Huset frå 1850 har mykje historier mellom veggane og dei låge taka. I 1880 kom det inn i familien til Elen Marie, då dei første eigarane søkte lukka i Amerika.

I stova heng bilete av eigaren med langt hår, saman med ei innrama flette. Snart skal det lange håret hennar opp på veggen igjen.

Garden har vore oppe i 35 sauer og eigaren vil gjerne ha talet opp på 15 igjen.

I tillegg planlegg ho å vøla alle bygningane innan 2017. Då er det er mange søknadar som skal godkjennast. Ho er allereie i gang.

Låven, der bryllaupet stod for to år sidan har vorte vøla. Det er plass til både sau og lystig lag.

Etter bryllaupet vart bryllaupsnatta sjølvsagt lagt til høyloftet, trass i at brudgommen har høysnue.

LES OGSÅ: Skilsmisse verre for bønder

Innedo ute
Lenge hadde garden berre utedo, men no har ho fått både vatnklosett og dusj. Men ein må framleis over tunet for morgonstellet. Badet ligg vegg i vegg med sauefjøset, så kvar morgon kan ho helse på sine ulne vener.

– Eg er ei skikkeleg sauejente, fortel ho.

Og det sladrar omgivnadane om. På steingarden står ein keramikksau og på badet heng ein sauespegel. Og sjølvsagt går Inger Aurora rundt med ein kosesau.

Elen Marie er oppteken av å halde gardstunet slik det alltid har vore.

– Eg har alltid tenkt at ting var betre før i tida. Når ein slapp bil og hadde hest og kjerre.

Likevel medgjev ho at pendlinga mellom dei to gardane hadde vore ganske mykje meir tungvint då. I tillegg er internett ein viktig reiskap, òg for bønder.

Men tv har ho ikkje på Serigstad.

– Det er draumestaden min. Eg finn ingen annan stad som har så avslappande atmosfære og er heilt fri for stress, forklarar 27-åringen.

Men unge bønder er ikkje heilt bekymringslause om dagen. På Jæren samlast dei for fagleg innputt i Jæren Young Cowboys.

– Det har vore litt problem med namnet, fordi ingen forbind med kyr, smilar bonden.

Elen Marie fortel at fleire er spente på framtida.

– Det vert diskutert ein del økonomi og politikk. Dei er spente på kven som overlever. Det er ikkje godt å vete om ein må leggje ned.

Ho sjølv driv ikkje den mest risikofylte gardsdrifta, men for mange betyr utbygging og effektivisering at dei vert bundne av store lån. På Serigstad er dyra si hovudoppgåve å halde liv i garden.

Garden får òg ekstra liv i høgtidene. Då er han samlingspunkt for familie og vener med grautfest og påskejakt.

– Har du fått konkrete forespørslar frå folk som vil kjøpe?

– Folk har spurt meg kva eg skal ha. Då seier eg at eg skal ha garden eg.


Inne på låven er det plass til sau, høy og bryllaup.