– Det er det sosiale som gjer at folk driv med dette her

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Folkemusikkbasillen smittar unge

– Rundt omkring i landet er det eldsjeler som gjer at ein får eit bra rekruttmiljø, men ein må heile tida jobbe for det, for om ein sluttar så fell det bort, seier Sivert Holmen.

Den unge felespelaren, som i fjor vart kåra til årets folkemusikar som ein del av duoen Odde & Holmen, har no ei deltidsstilling i Valdres folkemusikkarrangement og Valdres folkemusikklag.

LES OGSÅ: – Folkemusikken fortener ei offentleg unnskyldning  

Meir konkurranse
Frå han var 11 til 16 år deltok Holmen sjølv på Strunkeveko heime i Valdres, før han seinare har vore med i styret, der han i år er kursleiar.

Mellom slaga går det i hallingspark og reinlender – og sjølvsagt hårgele og sjokolade.

Denne veka er 69 ivrige folkemusikarar og – dansarar i alderen 11-17 år samla på Røde Kors-leirstaden Merket i Tisleidalen i Valdres. Det er ein liten oppgang frå i fjor, men helst ser Holmen at elevtalet kjem tilbake til då Strunkeveko i glansdagane på Leira hadde over 100 elevar.

– Då hadde ein ikkje dei andre kursa og Strunkeveko var noko heilt nytt og dominerande. Det er positivt at me no har fleire folkemusikkurs, men samtidig må ein då jobba enno hardare for å få ein større elevmasse, seier Holmen, som til neste år vil gjera grep for å hindra at dei unge lovande utøvarane fell frå i løpet av tenåra.

Men sjølv om mange vil leggja instrumentet eller dansinga på hylla i nokre år, trur Holmen at så mange som 70 prosent av dei som no dansar i ringen vil halde på med folkemusikk livet ut.

Margit Myhr Strunkeveko
Multikunstnar Margit Myhr spelar sjølv både fele, lyr og langeleik, men har song som hovudinstrument og debuterer i år som lærar på Strunkeveko.

Lærer av dei beste
I tillegg til breidda er det viktig å få fram enkelttalenta, som har den spesielle gneista.

Til inspirasjon har elevane nokre av dei beste musikarane i landet som lærarar. Ei av desse er Margit Myhr, som under Landskappleiken i år vann kongepokalen i Vokal klasse A, som er eliteklassen i kveding.

Ho har sjølv mange års erfaring som deltakar på Strunkeveko, men er attende som lærar for fyrste gong i år.

– Eg trur det viktigaste med Strunkeveko er det sosiale, at du møter nokon på din eigen alder som er interessert i det same som deg og skjønar kva ting går ut på. Men òg det å sitja att med litt nytt materiale og føla at du har utvikla deg på instrumentet ditt.

Martin Myhr Strunkeveko
Folkedansar Martin Myhr er i år ansvarleg for avslutningsførestillinga på Strunkeveko, der han no har vore med i 17 av 19 år. 

Juniorar i kappleik
Etter ein lang dag med kurs, kvelds og prisutdeling er det klart for ringdans, der elevane ikkje er vanskelege å be.

Folkedansar Martin Myhr, som har delteke som mellom anna lærar på Strunkeveko i 17 år, meiner òg å sjå ein positiv tendens i rekrutteringa til folkemusikkmiljøet.

Ifølgje entusiasten er det no sterke miljø i både Valdres, Hallingdal, Tinn, Jondalen i Buskerud, Hardanger og Verdal, samt Oslo og Akershus.

– Det har vorte eit sterkare ungdomsmiljø fleire stader i landet, noko ein såg på deltakinga i juniorklassa under landskappleiken der flokkar med ungdommar kom saman. Det er mykje takka være Strunkeveko, seier 55-åringen, som ser lyst på framtida for folkemusikken.

– Det har knapt vore fleire unge folkemusikarar som spelar fele enn no. Mange unge vaksne har det som levebrød, noko som bidreg til å gjera det meir synleg, seier Myhr.

Sivert Holmen er ein del av denne bølgja av unge musikarar, som gjekk folkemusikklinja på Vinstra før han gjekk vidare på Musikkhøgskulen. Likevel er det Strunkeveko han løftar fram som ein av dei viktigaste grunnane til at han i dag er folkemusikar.

– Eg kom inn i eit godt miljø då eg var 14-15, mykje takka vere Strunkeveko og Landskappleikane. Det er det som er viktig med Strunkeveko, det sosiale. At dei vert kjent med ungdom på sin eigen alder som også driv med folkemusikk, som dei møter att år etter år. Det er det sosiale som gjer at folk driv med dette her – og så er musikken ein viktig del av det sosiale, seier Holmen.

Det er stemning når dagens premiar skal delast ut
Det er stor stemning når dagens premiar skal delast ut på Merket i Tisleidalen i Valdres. 

Einaste i klassen
Medan nokre av elevane kjem i store grupper er det andre som synest det er ekstra morosamt å få vera sosiale med fleire som har felles interesser.

Endre Møller Berg frå Elverum har spelt fele i fire år og deltek i år på Strunkeveko for fyrste gong.

– Både mor og far spelar, så då var det naturleg at eg starta, forklarar 11-åringen.

– Er det kult med folkemusikk på skulen din?

Endre dreg litt på det.

– Nja. Eg er den einaste i klassen, men eg er ikkje den einaste på skulen.

– Kjem du til å koma tilbake på Strunkeveko til neste år?

– Mest sannsynleg, svarar Endre, før aktivitetane lokkar.

LES OGSÅ: Folkemusikk – ein heilt alminneleg hobby

Folkemusikkbasillen
Holmen sjølv starta med hardingfele då han var seks, fordi det var det kulaste namnet i kulturskulekatalogen. Lite visste han då om kor viktig det valet skulle bli.

– Så lenge me får smitta neste generasjon med denne folkemusikkbasillen, så er det ikkje noko uro få mi side. Det viktigaste er at du er interessert. Er du interessert kan du få til alt uansett kva føresetnadar du har, avsluttar felespelaren. 

Erlend Apneseth hardingfele
På Strunkeveko i Valdres svingar 69 unge folkemusikarar- og dansarar i alderen 11-17-år seg til tonar frå den prisvinnande spelemannen Erlend Apneseth.