– Det er det feigaste av alt

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka vart først publisert i Sunnhordland

– Konserten var slutt og lyset blei skrudd på. Då kom det eit kraftig smell. Folk blei gripne av panikk og flykta. Eg og Eirin la på sprang. Me sprang eit par kilometer før me fekk tak i ein drosje. Sjåføren meinte at det var ein høgtalar som hadde eksplodert, og med roa oss litt. Først på hotellet fann me ut kva som verkeleg hadde skjedd, seier Haukefær.

Tysdag føremiddag er det registrert at minst 22 menneske er drepne, og 59 er frakta til sjukehus etter det politiet meiner er eit terrorangrep seint måndag kveld.

Bursdagsgåve
Konserten med Ariana Grande på Manchester Arena var bursdagspresang til 14-årsdagen til Eirin.

– Dagen før hadde me vore på Manchester-kamp, fortel Haukefær.

– Eg er nesten i sjokk. Det er heilt uverkeleg. Dei som var på konserten var born. Dei var like gamle som jenta mi, nokre hadde med seg foreldre. Me såg kor redde folk var. Ein terroraksjon mot ein stad med ungar er det feigaste av alt, seier Haukefær.

Tilfeldigvis hadde dei to stordabuane plassar på motsett side av der det smalt. Arenaen skal ha ein kapasitet på 21.000 personar, men det er førebels uklart kor mange som var på konserten med superstjerna.

På veg heim
Når Sunnhordland snakkar med Jan Morten Haukefær tysdag føremiddagen ligg 14-åringen og søv.

– Ho tek det betre enn meg, og er roleg. Men det kan jo vera at det har gått meir inn på henne enn kva ho viser, seier 37-åringen.

Dei to stordabuane skal etter planen reisa til London i dag og vidare med fly til Bergen

Ifølgje NRK skal den antekne gjerningsmannen vera død, og politiet trur vedkommande som utførte sjølvmordsangrepet var åleine. Politiet etterforskar hendinga som eit terrorangrep.

LES OGSÅ: Solberg: – Trass frykta og nyt festivalsommaren