Desse jobbar hardast

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

CNN har laga lista over dei mest hardtarbeidande nasjonane i verda, basert på tal frå OECD. Tala gjeld lønsarbeidarar, og inkluderer ikkje sjølvstendig næringsdrivande.

Desse arbeider mest
Øvst på lista tronar Mexico, der 45 timar i veka er gjennomsnittet. Meksikanarane arbeider dermed kring 250 timar meir enn den jamne amerikanar, til mindre enn ein femtedel av løna. På andreplass kjem Chile, der gjennomsnittet er kring 40 timar i veka. Deretter følgjer Korea, med 39 timar i veka.

Estland, Russland, Polen, USA, Ungarn, Japan og Slovakia er også blant topp ti. Som i Russland, er deltidsarbeid nærast eit ukjent fenomen i Slovakia. Berre fire prosent av arbeidarane jobbar mindre enn 30 timar i veka.

LES OGSÅ: Sjekka arbeidstilhøve

Desse arbeider minst
I Nederland ser arbeidsveka ganske annleis ut. Der er fire dagars-veka nærmast standard, og gjennomsnittlege arbeidstimar i laupet av ei veke er 29 timar. Dermed er Nederland det landet i verda der innbyggjarane brukar minst tid på jobb. Deretter følgjer Danmark og Noreg, som begge har eit gjennomsnitt på 33 timar i veka.

I Irland, som er neste på lista over kortaste arbeidsveker, har timetalet minska frå 44 i 1983, til 34 timar i 2012. Noko av nedgangen skuldast at talet på fulltidsbønder har gått kraftig ned. Dei andre landa på lista er Tyskland, Sveits, Sverige, Australia og Italia.

Belgia kjem òg inn på topp ti-lista over korte arbeidsveker. Likevel har belgiske myndigheiter innført tiltak for å motverke at arbeidstakarane skal bli utbrende. Såkalla «karrierepausar» inneber at alle belgiske arbeidstakarar har rett på eitt år fri i laupet av sitt yrkesaktive liv. I pauseåret mottek arbeidstakarane offentleg støtte.

LES OGSÅ: Her vil norske studentar jobbe