≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Øyafestivalen, Arkitektur

Desse hengekøyene skal prega Øyafestivalen

Fjorårets vinnar av studentkonkurransen 120 Hours får sjå bidraget sitt i Tøyenparken i år – Øyafestivalen blir pynta med hengekøyer.

Anders Veberg
fredag 26. juni 2015 15.16

Desse hengekøyene skal prega Øyafestivalen Desse hengekøyene skal setta preg på Tøyenparken i år. Foto: 120 Hours

Øyafestivalen skriv på sine heimesider at vinnarbidraget i fjorårets utgåve av arkitektkonkurransen 120 Hours skal reisast i Tøyenparken.

Arkitektkonkurransen, som er arrangert for og av studentar, hadde i fjor eit samarbeid med Øyafestivalen, den kanskje største festivalen i Noreg. Konkurransen gjekk ut på å teikna berekraftig arkitektur til festivalområdet – og allereie før vinnaren var kåra, var Øyafestivalen positive til å faktisk nytta seg av vinnardesignet i Tøyenparken. Dåverande miljøsjef i Øyafestivalen, Julie Forchhammer (noverande festivalsjef for Vinjerock), var den gong ekstra nøgd med det tunge miljøaspektet i oppgåva.

– Publikumet vårt har eit langt større miljøengasjement enn snittet, så om me får sjansen til å både trigga den interessa og bidra med nye bærekraftige idear for festivalar og utendørsarrangement, så har me fått delta i noko stort, sa Forchhammer i eit intervju med Universitas.

LES OGSÅ: Slik får du ein nynorsk Øyafestival

Vinnarane av konkurransen i fjor heiter Antariksh Tandon og Jennifer Tu Anh Phan, og studerer på University of Waterloo i Canada. Dei trona øvst i ein konkurranse som fekk inn 610 bidrag frå 83 ulike land.

Noko av det spesielle med konkurransen er ikkje berre at den er av og for studentar, men også den stramme tidsramma. Deltakarane har berre 120 timar frå dei får vita kva oppgåva er til bidraget skal leverast inn. Det legg opp til nokre intense dagar.

Prosjektleiar for årets konkurranse, Brit Kristin Heltne, meiner konkurransen er eit viktig tilskot for lovande arkitektar.

– Arkitekturkonkurransar elles er lite tilrettelagt for studentar, og det er sjeldan studentar har moglegheit til å delta. Det kan vere grunna tid, at dei ikkje vågar, eller at det er krav til at berre etablerte arkitektbedrifter kan delta. Bransjen er konkurranse og gjennom dette får studentane ein smak av arbeidsverkelegheita utfor skulen, seier Heltne.

LES OGSÅ: – Bransjen er konkurranse

– Bransjen er konkurranse

Prosjektleiar for 120 Hours i år, Brit Kristin Heltne. Foto: Anders Veberg


Oppdatert: fredag 26. juni 2015 15.22
Kommentarar



 
ANNONSE: