Desse filmane bør du få med deg på årets Dokfilm!

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Desse filmane må du sjå

I dag opnar Den norske dokumentarfilmfestivalen i Volda. Årets Dokfilm er den 21. i rekkja av det som er Noregs eldste dokumentarfilmfestival.

Før prisutdelinga laurdag 29. april skal 70 filmar frå både inn- og utland visast på festivalen. Her er alt frå korte studentfilmar til lange tungvektarar og det kan vere vanskeleg å velje.

Programansvarlig Aron Bræstrup Løsnes har sett tallause dokumentarfilmar og kjem her med sine tips for ei god og variert festivaloppleving.

Maher midt i dalen – Øystein Frøyland (59 min.)

Maher midt i Dalen er ein feelgood film som følgjer den unge, energiske Maher i ein fråflyttingskommune med 4000 innbyggjarar. Publikum får eit innblikk i ein ung innvandrars liv, håp og draumar.

Filmen vert vist på Samfunnshuset fredag 28. april klokka 12.00.


The Whisperers – David Kinsella (97 min.)

Filmen fortel historia om den unge, sørsamiske jenta Ellen-Sara Sparrok Larsens om flyttar til California. Filmen skildrar ein tenårings val og søken tilbake til forfedrane. 

David Kinsella vil ta del i DokFokus: når fiksjon og dokumentar møtast, der han vil vere éin av tre paneldeltakare. Tema for paneldebatten er kor mykje grensene for dokumentarfilm kan utvidast når det gjeld bruk av rekonstruerte scenar, iscenesetjing og animasjon.

Filmen vert vist på Samfunnshuset fredag 28. april klokka 10.00.

 


Filmskapar Ida Kleppe og familien freista å ete berre norsk mat i ein månad. Korleis det gjekk kan du sjå i filmen Utan mat og drikke.

Utan mat og drikke – Ida Kleppe (45 min.)

Går det ann å leve på berre norsk mat? Filmskapar Ida Kleppe og familien hennar gjer eit eksperiment. Dei skal berre ete norskprodusert mat i ein månad. Dei må kutte ut kaffi og sukker, all ferdigmat, og brøda må vere av surdeig. 

Samstundes skal Ida prøve å finne ut om norsk mat er trygg, og om vi har nok mat i Norge, om importen brått skulle bli forhindra. 

Filmen vert vist på Rokken torsdag 27. april klokka 10.00. (For dei som ikkje kjem seg dit er filmen tilgjengeleg på NRK nett-tv.)

 

Nowhere to hide – Zaradasht Ahmed (86 min.)

Den norskproduserte filmen Nowhere to Hide gjev eit nært og sterkt innblikk i kvardagslivet og kampen for å overleve i et krigsherja område. Regissør Zaradasht Ahmed hadde verdspremiere på filmen under IDFA i Amsterdam der han vann hovudprisen for beste kinodokumentar. .

Filmskaparen skal halde føredrag under festivalen under arrangementet Kreative Søre Sunnmøre.

Filmen vert vist på Samfunnshuset torsdag 27. april klokka 18.00.

 

Farvel til asfalten – Ida Marie Pettersen (20 min.)

Farvel til asfalten er ein inspirerande og optimistisk film som med sine vakre natur- og miljøskildringar fortel en historie om vennskap, håp og draumar. Naturen står sentral som arena for utvikling og mestring i kampen for eit rusfritt liv. Filmen er laga av studentar ved Høgskolen i Innlandet.

Filmen vert vist på Samfunnshuset under opninga av festivalen onsdag 26. april klokka 20.00.

 

VR_The_Champions_poster-1-900x1333

VR the Champions – Jannicke Mikkelsen (15 min.)

I det splitter nye konseptet DokFabrikken kan du sjå dokumentarar i VR (Virtual Reality). I filmen VR The Champions får sjåaren oppleve QUEEN + Adam Lambert sin første live-konsert i Virtual Reality. Denne unike VR-filmen gir sjåaren ei konsertoppleving utanom det vanlege. Den er filma i flygande 3D-360. Med VR-briller og headset tek filmen deg med svevande over publikum, og ved sida av bandet på hovudscena i St. Jordi i Barcelona. 

Fabrikken er open på Rokken mellom 16.00 og 19.00 fredag 28. og laurdag 29. april.

 

Les også intervjuet med Lars Ankervold (25), som er aktuell med filmen Sviket mot sauen:

– Det er ikkje sjølve ulla, men måten det vert produsert på som er problemet. Ull er big buisness. 

Faktaboks

Den norske dokumentarfilmfestivalen i Volda (Dokfilm) vert arrangert årleg av studentar ved Høgskulen i Volda.