Derfor bør du slå av lyset i kveld

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er sjuande gong Earth Hour – den timen i året der så mange som mogleg skal skru av lyset for å visa at dei bryr seg om miljøet – blir arrangert i Noreg.

World Wide Fund (WWF) Noreg står som arrangørar her heime, og saman med Grøn Ungdom og Natur og Ungdom fortel dei kvifor akkurat du bør slå av lyset i ein time i kveld.

Klokka 20.30 må du skru av lysa dine i kveld, om du vil visa engasjementet ditt i ein time.

LES OGSÅ: Sju av ti meiner Noreg gjer for lite for klimaet

Heidi Katrine Bang – presseansvarleg i WWF Noreg
Kvifor bør ein markera Earth Hour?

Fordi Earth Hour er den største klimamarkeringa i verda, som gir alle høve til å uttrykka engasjementet sitt i klimasaka. Sjølv om dette berre er ei symbolhandling er den svært viktig fordi det blir umogleg for politiske leiarar å lukka augene når over ein milliard menneskjer står saman om å senda ein felles bodskap. Earth Hour har vekst kvart einaste år og det har aldri vore viktigare å delta enn no.

Kva skal du sjølv gjera laurdag kveld?

Laurdag kveld skal eg vera saman med gode kollegaer frå WWF. Det er mykje jobb som ligg bak å mobilisera kommunane, bedriftene, skulane, institusjonane, foreiningane og privatpersonar i landet til å slukka lyset. Klokka 20.30 feirar me innsatsen og nyter utsikta over Oslo sentrum medan bygningar som Slottet, Stortinget, Operaen, Postgirobygget og ei lang rekke andre går i svart.

Korleis kan ein slå i hel ein time utan lys?

Når det er mørkt, er det mykje å finna på. Mange nyttar høvet til å invitera vener og familie til god mat og tid til å snakka. Det kan også vera hyggeleg å gå ein tur når lysa blir sløkt. Barn har ofte veldig gode forslag til aktivitetar. Då me spurde fire førsteklassingar foreslo dei både gøymeleik og vasskrig i mørket.

LES OGSÅ: WWF trur på rekordmørk jordtime

Arnstein Vestre – leiar i Natur og Ungdom
Kvifør bør ein markera Earth Hour i år?

Earth Hour er berre ein time, om me skal løysa miljøproblema treng me miljøengasjement heile året. Men om ein time utan lys kan vera starten på ein meir miljøvenleg kvardag og å stilla strengare krav til politikarane om å gjera noko med klimaproblemet, så er det grunn nok i seg sjølv til å skru av lyset. Earth Hour må vera startskotet for meir miljøengasjement!

Kva skal du sjølv gjera laurdag kveld?

Laurdag har påsken starta på ordentleg, så då skal eg stort sett ta det med ro – eller gå ein tur og sjå om ein kan sjå ein skilnad. På St. Hanshaugen i Oslo er det god utsikt over Oslo, så kanskje det er det eg skal gjera.

Korleis kan ein slå i hel ein time utan lys?

Spela kort, henga med vener eller dans på bordet. Eller les ei god bok om miljø med hovudlykt. Moglegheitene er uendelege.

Sjå den offisielle videoen til WWF i høve Earth Hour 2015:

LES OGSÅ: Vakna til lukta av ny klimalov

Anna Serafima Svendsen Kvam – talsperson Grøn Ungdom
Kvifør bør ein markera Earth Hour i år?

Earth Hour er eit vakkert symbol på korleis store delar av verda kan gjera noko felles til same tid, i håpet om å nå eit felles mål. Det er eit fint høve til å markera at me som enkeltmenneskje ønskjer å legga ned ein innsats i å endra vanene våre til det beste for planeten.

Kva skal du sjølv gjera laurdag kveld?

På laurdag er eg på hyttetur med Grøn Ungdom sitt sentralledd. Me skal eta god mat, tenna telys og snakka om valkampen som kjem.

Korleis kan ein slå i hel ein time utan lys?

Tenna stearinlys, lesa krim og eta smågodt. Det er jo påske!

Korleis skal du markera Earth Hour? Del i kommentarfeltet!

LES OGSÅ: – Me bør produsera meir frå norsk industri, ikkje mindre