Denne skulen kan bli brennheit i valkampen

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Porten.no

– Me synst det er flott, for målet vårt har heile tida vore å spreie bodskapen. Å sjå det att her, i eit dokument som når veldig mange, det set vi pris på, seier rektor Bjarte Ramstad ved Trudvang skule i Sogndal.

Han har nettopp fått overrekt boka Fremtidsskolen av Sogndal SV, ei bok skrive av partileiar Audun Lysbakken og som er oppskrifta på korleis partiet vil gjere den norske skulen betre. I boka har satsinga til Trudvang på aktiv læring blitt via tre fulle sider.

Ei grasrotrørsle for aktiv læring
Satsinga blir omtala som «aktivitetsrevolusjonen på Trudvang»: elevane lærer til dømes gangetabellen ved å springe mattestafettar i staden for å sitte bak skulepulten.

 – Barn over heile landet må få same høvet til å utfalde seg som elevane på Trudvang, skriv Lysbakken før han føresler å innføre ein time aktiv læring kvar dag.

Idèen bak aktiv og fysisk læring vart utforma i samarbeid mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane og Trudvang skule gjennom eit prosjekt som vert kalla Active Smarter Kids.

Då det starta i 2004 handla det om å få meir fysisk aktivitet inn i skulen. Etter kvart utvikla det seg til ein kombinasjon med læring, eit konsept som no breiar om seg i skulenorge. I fylket har allereie fleire titals skular omfavna tankegongen, utover dèt er Drammen kommune eit godt døme på at den òg har byrja å få fotfeste andre plassar 

– Det har blitt ei nasjonal grastrotrørsle, som etter kvart òg har fått internasjonal merksemd, der alt kan sporast tilbake til Trudvang og ASK-prosjektet, seier Øystein Lerum ved Høgskulen på Vestlandet.

Vinn-vinn med fysisk aktiv læring
Han har vore vitskapleg assistent for prosjektet og håpar modellen kan få enno større resonnans når han no utgjer ein del av grunnlaget for den nasjonale skuledebatten fram mot stortingsvalet i haust.

Vibeke Johnsen i Sogndal SV seier aktiv læring er eitt av deira ønskje om meir variert undervising i skulen, eitt av fem punkt partiet vil fronte i valkampen som kjem. Dei andre er ei ny lærarnorm (maks femten elevar per lærar i første til fjerdeklasse og maks tjue per lærar i femte til tiande), noko lengre skuledag for dei yngste elevane, leksefri skule og innføring av skulemat. 

– ​Vi trur det er viktig med meir variert undervising, og her er Trudvang si satsing på aktiv læring eit godt eksempel, men vi vil òg ha inn meir kunst og kultur, seier ho.

LES OGSÅ: Lærer meir i andre fag av gym

– Mange er kanskje redde for at alt dette skal gå ut over realfaga, den harde kunnskapen. Kva vil skje med den?

– Vi skal ikkje tone ned læringa av basisfaga, men bruke andre måtar å øve på til dømes gangetabellar og engelske glosar, seier Johnsen.

For rektor Bjarte Ramstad er helsefordelane med å få meir fysisk aktivitet i skulen den viktigaste grunnen til at han har tru på deira måte å jobbe på. Det er mykje betre å førebyggje enn å reparere, meiner han.

– Då må du inn i tenester der alle unge er. Det at du kombinerer fysisk aktivitet med læring gjer at det blir ein levedyktig modell innanfor rammene til skuleverket. Det blir vinn-vinn, seier han.

Møt studentane som har falske nyhende på pensum