Denne annonsen vart for drøy for Facebook

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne annonsen vart for drøy

I ein annonse frå Bufdir får unge moglegheita til å spørje om kor grensa går blant anna når det gjeld sex. Facebook meiner reklamen prøver å selje eit seksuelt produkt eller teneste.

Etter to veker har difor Facebook stoppa Barne-, ungdoms- og familiedirektoratets (Bufdir) annonse «Pressa til sex?», som er ledd i kampanjen dei har kalla «#ikkegreit», skriv VG.

LES OGSÅ: – Det viktigaste ein kan gi ungdom

Gjennom spørjetenesta Ung.no går kampanjen ut på at unge skal kunne spørje direktoratet om kva som er akseptabelt, og kva som ikkje er det, både når det gjeld sex, mobbing og vald.

Bufdir har brukt Facebook som annonsekanal for å nå ut til flest mogleg, men sist laurdag fekk direktoratet beskjed frå Facebook om at annonsen var stoppa. Facebook opplyser blant anna at avgjerda er endeleg.

LES OGSÅ: Meir kvardagspupp

– Vi undrar oss over praksisen til Facebook, når dei kan stoppe ein viktig annonse slik. Og vi forstår ikkje kvifor han må stoppast. Vi har vore veldig bevisste på ikkje å spele på sex i kampanjen, og har vore nøye på å velje rette bilete, slik at dei ikkje blir oppfatta som støytande for nokon, seier redaktør Beate Aas i Ung.no til avisa. (©NPK)

LES OGSÅ: No er dei lei av sex-reklamar