Den nye Tsaren

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Krig trugar Europa, og Ukraina held på å bli rive i to og kasta ut i borgarkrig. Ein mann ruvar over alt dette og kontrollerer rytmen i spelet.

I denne artikkelen vil eg fortelje tre historier om Vladimir Putin som forhåpentlegvis kan fortelje litt om kor Putin kom frå, korleis han har heldt på makta i 15 år og kvifor det er så vanskelig å gå imot mannen som har blitt kalla Russland sin nye tsar.

KGB i Aust-Tyskland
Det er lite i Vladimir Putins tidlige karriere som tilsa at han skulle vokse til å bli ein av verdas mektigaste menn. Sjølv om han vart eit medlem av den sovjetiske etterretningstenesta KGB i 1975, var det ingen spanande jobb med spionering og James Bond-tendensar han kunne vise til. Han var ein lågtståande byråkrat stasjonert i Dresden, Aust-Tyskland som for det meste jobba med den nasjonale etterretningstenesta Stasi for å leite etter nye rekruttar. Då Berlinmuren falt i November 1989 sto Putin på kontoret sitt i Dresden og prøvde febrilsk å brenne alle KGB-dokumenta han kunne finne då ein gjeng stod på døra og truga med å bryte seg inn. Medan dokumenta brann ringde Putin heim og bad om ordre frå hovudstaden, men ingen svarte. «Moskva var tyst», minnast Putin om situasjonen seinare.

LES OGSÅ:Tvingar russarar til patriotisme

Blodspor
Etter Muren sitt fall i 1989 flytta Putin tilbake til heimbyen Leningrad (dagens St. Petersburg). Han klarte gjennom KGB-erfaringa si å få ein jobb som rådgivar hos borgarmeisteren. Etter ei iherdig klatring i løpet av 90-talet vart han president Boris Jeltsin sin statsminister i 1999. Jeltsin var gamal og skrøpelig på dette tidspunktet og ville ha Putin til å overta.

Men opposisjonen stod sterkt og Putin hadde eit popularitetsproblem. Folk visste ikkje heilt kven han var som person og han vart ofte kalla «mannen utan ansikt». Vladimir Putin har alltid visst å utnytte tragediar og katastrofar. Dette kunne ein også allereie sjå i september 1999 då ei serie med bomber vart detonerte i fleire russiske byar og tok livet av nesten 300 menneske. Putin, statsminister på dette tidspunktet, vart sett til å ta hand om situasjonen og sette i gang oppryddingsarbeidet. Han byrja også å bombe Grozny, hovudstaden i Tsjetsjenia, der han meinte bombene hadde kome frå.

Putin sin popularitet skaut i vêret, noko som skulle komme godt med i presidentvalet neste år. Mange skulda på den russiske regjeringa for å ha stått bak bombene, etter at bevis kom fram om at tre agentar frå den russiske etterretningstenesta vart arrestert medan dei forsøkte å detonere ei bombe i eit leilegheitskompleks i byen Ryazan. I lys av ei rekke liknande bevis var det mange som ville ha ei grundig etterforsking av saka. Alle forslag om ei statlig etterforsking vart nedstemt av den russiske regjeringa.

Ingen har nokon gong klart å bevise at russiske myndigheter eller Putin sjølv visste om bombene, men eit overraskande tal personar som har prøvd å etterforske bombene og den påfølgande krigen i Tsjetjenia har enda opp døde. Deriblant journalisten Anna Politkovskaya som vart skoten fire gongar i leilegheitsblokka ho budde i og forlaten død i heisen. Populariteten som Putin vann gjennom å portrettere seg sjølv som ein handlingens mann som tok kontroll under krise førte til at han enkelt vart valt inn som president av Russland i 2000, sjølv om hans fiendar for alltid kom til å huske han som «Slaktaren av Grozny».

Den grå kardinalen
Vladimir Putin si historie er ikkje komplett utan ein mann ved namn Vladislav Surkov som meir enn nokon andre har heldt Putin ved makta dei siste 15 åra. Surkov studerte teaterregi i Moskva i tre år, før han gjekk inn i PR-bransjen. Han var ein kreativ og ambisiøs person og var eit geni innanfor kontroll og bruk av media, noko som gjorde til at han vart ein av dei mektigaste personane i Putin sin inste sirkel og han fekk kallenamnet «den grå kardinal». Alle dei største media i Russland er statlig kontrollert, og Putin vendte seg mot Vladislav Surkov som mannen som skulle styre og regulere kva som var på den politiske dagsorden i Russland.

Surkov såg at han kunne bruke ideane han lærte frå teaterregi-studiane sine og gjere politikken i Russland om til eit stort teaterstykke gjennom bruk av media og statlege midlar.

LES OGSÅ:Vil ha våpentrening for russiske elevar

Surkov byrja å gi ut statlig støtte til ei rekke grupper. Ikkje berre til grupper som var positive ovanfor Putin, men også ny-nazistiske grupperingar, menneskerettsforkjemparar og andre folk som gjekk direkte imot Putin sin politikk og ideologi. Målet var å legge eit gedigent røykteppe over alt av russisk politikk, for når Surkov let folk vite at han hadde støtta dette vide spekteret av grupper ville dei ikkje vite kva som var ekte russisk politikk og kva som var ein illusjon, skapt for å forvirre.

Dette gjorde, over fleire år, til at all makt i Russland samla seg mot ein person: Vladimir Putin – som den einaste konstanten i eit system som var i uendelig forandring og omvelting. I tida like før Russland annekterte Krim-halvøya kunne ein høyre kvar dag at russiske myndigheter og Putin sjølv nekta for at det var nokon russiske troppar på Krim. Samtidig kunne alle vestlige nyheitskanalar vise til bilde som viste russiske soldatar og køyretøy på ukrainsk land.

Tidligare i år vart det annonsert ei våpenkvile i Minsk og det blei feira som ein triumf for freden, men den neste dagen vart det igjen utlaust skot i Ukraina. I dag kan ein sjå det same i Donetsk-regionen i Aust-Ukraina. Putin fortel at det ikkje er russiske soldatar i Ukraina, men alle bevis peiker i motsett retning. Dette er Surkov sitt røykteppe som igjen skal skjule kva den faktiske russiske politikken er, medan den held all opposisjon konstant forvirra.

LES OGSÅ:Transseksuelle får ikkje køyra bil i Russland

Putin på tribunen saman om IOC-toppane under vinter-OL i 2014. Foto: Wikipedia

Kva kan vi vite?
Vladimir Putin er ein heldig mann: Media i Russland viser Putin som ein sann leiar og han har aldri vore meir populær enn han er i dag. For nokre år sidan forandra han lovverket i Russland og forlenga presidentperioden frå fire til seks år, noko som gjer at Putin kan bli sittande med makta til 2024. Kvar gong det dukkar opp ein moderat sterk opposisjonsleiar eller businessrival i Russland har vedkommande ein tendens til å enten bli fengsla eller skoten på open gate.

Det gjer det jo kanskje litt enklare å vere den nye tsar, når alle Putin sine rivalar både innanlands og utanlands må gå til kamp med hans enorme og forvirrande maktsystem – bygd på røyk og blod.

Artikkelen er henta frå Peikestokken.