Den gode viljen

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ytringa var først publisert på nettsidene til Aasen-tunet.

«Den songen som atter tonar», skreiv Jakob Sande i songen vi kjenner som «Det lyser i stille grender». Tittelen er eigentleg «Julekveld». Alle veit kva song «Det lyser i stille grender» er. Akkurat som alle veit kva song «Mellom bakkar og berg» er, sjølv om diktet heiter «Nordmannen». Dét var tittelen Ivar Aasen nytta, men det trur eg ikkje så mange er opptekne av. Og det er kanskje ikkje det verste. Det viktige er at songane blir sungne.

LES OGSÅ: Ikkje prøv deg, pop-babe!

I desse dagar kan det verke som at det verste er å byte ut eitt ord i ein song, uforvarande eller ikkje. Slik det hende på ein CD som nett kom ut. Og slikt skal ikkje skje på ein profesjonell produksjon, det er eg samd i, men kritikken mot denne plata har også mellom anna dreia seg om at heile prosjektet er utidig kommersielt. Eg har lyst til å konsentrere meg om den gode viljen som vi kan velje å sjå ligg bak utgivinga. Då tenkjer eg på viljen til å føre songen vidare til nye generasjonar. Og det kan gjere prosjektet viktig.

Sjølv song eg kanskje mest den tida eg hadde små born. Eg song og song. Og eg har stor tru på at dette var med på å gi borna mine ein god ballast i livet. Følgjande sitat frå boka Månen den gule av Sigrid Bø Grønstøl om voggesongar underbyggjer dette: «Denne første kjærlege gåva av tonar og ord varer livet ut. Songane set trygge spor i sinnet; dei minner oss om den nære familien, om foreldre, besteforeldre og søsken, om å bli tatt vare på, å bli sett og elska».

LES OGSÅ: Tone får støtte frå nynorskforkjemparar

Og nettopp det kan vi tenkje på som det aller viktigaste med det omtalte plateprosjektet. At ei mor syng for barnet sitt. Og om du sjølv ikkje er så ivrig på å syngje, kan du spele plata og la barnet ditt få songane med på vegen vidare.

Vi går no inn i ei tid der songen er meir til stades i omgivnadene våre enn nokon gong elles i året. Vi handlar gåver medan julesongar strøymer ut frå høgtalarar i butikkane. Og vi går på konsertar, både dei som det frivillige kulturlivet arrangerer, og dei der profesjonelle utøvarar framfører dei kjende og kjære julesongane. 

Dette viser at songen som fenomen er viktig for oss, om innpakninga er kommersiell eller ikkje.