Den fødde leiar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

–  Det har absolutt ikkje alltid vore slik at unge vil bli direktørar. Eg synest tida vi er inne i er litt urovekkande, fordi det er så sterkt fokus på individuelle prestasjonar. Det å vere leiar gir status og er attraktivt, fordi vi har fokuset på at det er «du som leiar som skapar resultat». Det seier Endre Sjøvold. Han er førsteamanuensis ved Institutt for industriell økonomi og teknologileiing (Indøk) ved NTNU. Studieprogrammet har hatt fleire søkjarar enn nokon sinne, nærare 1 900 til 140 plassar, og kravet for å komme inn kraup nett over 60 skulepoeng.

LES OGSÅ: Rektor tør vere meir sjef

Verneplikt med maksimal uttelling
To år etter vidaregåande starta Ole Hovland Rosenlund endeleg på bygg- og miljøteknikk ved NTNU. Det starta i det små, med etablering av ei prosjektgruppe på vidaregåande som vurderte alternativ til Operasjon Dagsverk, fordi informasjonen var dårleg og det var usikkert kva pengane gjekk til. I staden samla dei inn sine eigne pengar, fekk ekstra offentleg støtte til reise og opna til slutt ei ny avdeling ved ein barnehage i Sør-Afrika.

– Barnehagen har no Sogndal VGS–logo. Etter dette vart det nærast forventa at eg blei elevrådsleiar. Då eg tok på meg den oppgåva, fekk eg òg høve til følgje opp prosjektet.

Sjølv om han hadde stor interesse for realfag, fall valet lett når han han skulle tene verneplikta si. Han blei tatt opp til utskrive befalskurs i luftforsvaret. Militærutdanninga sit bokstavleg talt i ryggmergen på han og i det faste handtrykket.

– Normalt går ein eit år i utdanning og så eit år i praksis for å bli befal. Men den vegen eg gjekk korta ned utdanninga til eit år. På den måten fekk eg maksimalt ut av vernepliktperioden min, seier den joviale sogndølen.

LES OGSÅ: Pris til landets yngste hotellsjef

Eit gruppefenomen
Mange tenkjer på militæret som ein organisasjon med svært rigid struktur, der ein alltid skal følgje ordre frå overordna offiserar. Ifølgje Sjøvold er dette ein avleggs modell som forsvaret har forlate for lenge sidan.

– Underordna i stridssone har plikt til å bryte ordre om dei oppfattar situasjonen annleis enn dei som gir han, seier Sjøvold. Sjøvold har jobba med leiarutdanninga i Forsvaret, og seier at hovudvekta ligg på forstå intensjonen med oppdraget og å kunne formidle den til gruppa. Leiing er definert som eit gruppefenomen.

– Når ein trenar på leiing i militæret, så er det viktige å få offiserane til å forstå kva som skjer mellom menneske. Den viktigaste delen av utdanninga er faktisk praksisen dei går gjennom. Igjen legg han vekt på erfaring. Militæret har framleis sine drillar og prosedyrar, men fordi Forsvaret er engasjert i stadig meir kompliserte internasjonale operasjonar treng ein betre leiarar.

LES OGSÅ: Gransking: – Kvinneleg sjef er best

Piratverksemd
Etter avtent verneplikt hadde Rosenberg fått skuleplass og bustad i Trondheim, men rett før studiestart blei han kontakta av Forsvaret.

– Eg blei spurt om eg ville bli med på eit oppdrag frå Nato om anti-piratverksemd, som lagførar for bakkesikring. Det virka både interessant og spennande, og som ei god erfaring å ha med seg vidare. Han tok ei avgjersle der og då om å blir med på oppdraget, og utsette studiane. Hovudoppgåva var rekognosering med fly og fregattar, i samarbeid med andre nasjonar. Han vart lagførarar for bakkesikring av leir, ammunisjon, våpen og fly på ein base på Seychellene, eit øysamfunn aust for Somalia.

– Vi var litt underbemanna i starten, og jobba veldig lange skift. Men eg følte at oppdraget var viktig, og at vi saman gjorde ein viktig innsats for tryggleiken til sjøfolka i området. Sjølv om oppdraget i all hovudsak gjaldt etterretning og rekognosering, var det store verdiar på spel og mykje ansvar for unge menn. Dei hadde alltid arbeidsoppgåvene i bakhovudet. Rosenlund trur det høge stressnivået og ansvaret kan skremme mange, men sjølv trivst han med å ta ansvar.

– Ansvar gjer meg konsentrert. Eg har alltid likt å utfordre meg sjølv for å finne ut kva som må gjerast og korleis ein skal løyse oppgåva. Går det feil, så går det feil. Men det eg eventuelt gjer feil, det gjer eg betre neste gong, seier han og viser med hendene kor viktig der er å gje seg sjølv litt spelerom.

Rosenlund beskriv militæret som eit godt springbrett for å ta steget vidare med leiing. For han var utdanninga ei veldig god oppleving, og etter enda utdanning ved NTNU kan han tenkje seg å gå vidare i militæret.

– Eg trur det er bra å kaste ungdom ut i det, for ein eller annan gong må ein prøve seg. Og det er jo rom for å dumme seg ut. I ein svak augneblink seier han at militæret kanskje ikkje er for alle, men at alle kan ha godt av militæret. For det er mange som treng å lære om haldningar og høflegheit, samt å brette tøy og litt disiplin.

LES OGSÅ: Dyre sjefar til inga nytte

– Leiing kan lærast

I Sverige har debatten om ein er genetisk disponert for å leie gått ei stund, og no har den komme til Noreg. I ein studie gjort av talentplukkarane i selskapet Assessit, seier 30 prosent av dei nominerte til «Årets unge leder» at leiing er noko som ligg i deira natur. Fyrsteamanuensis Endre Sjøvold er tydleg på at leiing er noko ein kan lære.

– Eg veit at leiing kan lærast, og at det kjem gjennom erfaring. Du må lære deg situasjonen, du må lære deg den rolla du skal ha og du må lære deg å sjå kva som skal til.

Evolusjonsbiolog Torbjørn Ekrem er einig i at leiing kan lærast, men trur også at genetiske faktorar kan spele inn.

– Det er heilt sikkert medfødde menneskelege eigenskapar som kan gjere personar til gode leiarar. Men eg meiner og at ein både kan og må lære å bli ein god leiar. Som dei fleste eigenskapar er òg gode leiareigenskapar eit samansett produkt, skriv han i ein e-post. Leiing er eit yrkesval, og nett som ein kan vite i 14-års alderen at ein vil bli ingeniør, kan ein tenkje at leiing er noko for meg.

– Eg har alltid hatt interesse for leiing, og eg trur eg passar godt til det. Folk rundt meg har alltid sagt at eg har ei god tilnærming til og jobbar godt saman med menneske, fortel Ole Rosenlund.

Men på lik linje med Sjøvold og Ekrem trur han ikkje at leiareigenskapar er medfødde. Det er noko ein må lære.

LES OGSÅ: Trivst under streng disiplin

Må brukast i praksis
I Assessits studie seier berre 40 prosent av mennene at erfaring har vore viktig for å forme dei som leiarar. Men Sjøvold meiner dette er noko av det viktigaste. Etter ferdig utdanning har ein berre fått kompetanse som ein må lære seg å omsetje i praksis.

– Om du trur du går ut av Industriell økonomi og teknologileiing og kan leiing, så har du eit kjempeproblem. Ein god leiar blir du når du møter praksis, er villig til å ta inn alt det du lærer der og kan relatere det til det du har lært fagleg, formanar Sjøvold.

Rosenlund seier at dei viktigaste faktorane for å bli ein god leiar er å ta til seg konstruktiv kritikk og så jobbe vidare med dette. I felt kan ein oppleve at folk er slitne, svoltne og stressa. Då må ein berre ta ei avgjersle og stå for ho. I mindre pressa situasjonar kan ein ha meir open leiarskap, og det er spesielt relevant for verksemd som byggjer på friviljuge medarbeidarar.

– I dei fleste tilfella vil sjefen at du skal vere mest mogleg kreativ, at du skal bidra og gi av deg sjølv. Tek ein den harde linja og bestemmer alt mistar medarbeidarande fort gnisten, seier Rosenberg.

LES OGSÅ: Meir disiplin i skulen?

Baksida av medaljen
I fjor skreiv Øystein Bonvik boka «Frist meg ikke inn i ledelse». Ho er meint for å skremme folk vekk frå direktørdraumen og å avsløre baksida av medaljen. Om ein likevel skulle gå inn for å bli leiar, meiner Bonvik at gode leiarar bør vere lyttande, tolmodige, empatiske og pragmatiske.

– Du må la deg motivere av leiaroppgåvene, også av dei mange trivielle utfordringane som kvardagen til ein leiar er fylt av. Det er som kjend flest kvardagar i løpet av eit år. Ein viktig del av leiing er viljen og evna til å setje andre sine behov framføre eigne. Då må ein jobbe like mykje med å byggje opp andre som å leve ut sine eigne ambisjonar, fortel Bonvik.

– Kva er, i dine auge, dei verste sidene med å vere leiar?

– Om du ikkje er motivert for oppgåva er vel det aller verste at du kan kaste bort tid og avgrense karriereutsiktene dine. Arbeidsmarknaden er i aukande grad kunnskapsbasert. Som leiar kan du fort ende opp med at din eigen fagkompetanse forvitrar – rett og slett fordi du ikkje har tid til å fokusere nok på den. I det daglege handlar det meir om frustrasjon på grunn av forstyrringar og avbrytingar som gjer det vanskeleg å konsentrere seg om alt du sjølv har satt deg føre å gjere. Som leiar kjenner ein seg ofte som ein seigmann som blir dratt i alle kantar og må strekke til på så mange områder som ein verken har tid til eller er interessert i.

Bonvik understrekar at alle kan lære å bli ein betre leiar, men at leiing passar betre for nokon.

– Eg trur det er vanskeleg for ein del personlegdomar å bli ein god leiar utan å måtte gi avkall på for mykje av seg sjølv. Om du til dømes er utolmodig, sta og helst vil jobbe berre med fagfeltet ditt, vil du fort bli frustrert i ein leiarjobb.

Han trur at grunnen til at mange unge ønskjer å bli leiarar er ei villfaring om at suksess er synonymt med leiing.

– Enkelte let seg freiste av merksemda dei trur dei får som leiar, altså nesten eit snev av kjendisstatus, avsluttar Bonvik.

Få fram det beste i andre
Ifølgje Sjøvold er det ikkje oppgåva til leiaren å skine klårast.

– Som leiar må du sette deg sjølv tilbake til fordel for dei som skal gjere jobben og skape verdiane. Leiinga er den funksjonen i ei bedrift som ikkje skapar verdiar.

Han peikar vidare på at erfaringa tilsei at dei leiarane som er svært opptatte av sine eigne prestasjonar og vekst, er ei katastrofe for den organisasjonen dei leiar.

– Dei leiarane som har evne til å få fram det beste i andre er ofte dei med best resultat. Rosenlund er forsiktig når vi kjem inn på motivasjonen andre kan ha for å bli leiarar. For han er det viktig at han likar å jobbe med folk, ta ansvar og sjå at produktet blir noko bra.

– Det triggar meg at noko er mitt ansvar, eg må få det til å skje. Og skal eg gjere noko så skal eg gjere det ordentleg, seier han og legg til:

– Eg trur det er viktig å vere stolt over jobben og genuint bry seg om resultatet, men det fins dei som likar signaturen betre enn jobben. Ein kan sjå at gestikulasjonane blir større og at han er svært engasjert i det han snakkar om. No går han ein integrert master i bygg- og anleggsteknikk ved NTNU, og ønskjer å ta fag innan prosjektering og leiing.

– Eg blir gira berre no når eg snakkar med deg, og tenkjer: Kva skal eg ta ansvar for no?

LES OGSÅ: Jentedominans i høgare utdanning

Eit talent må utviklast
Talentjag. Selskapet Assessit gir ut prisen «Årets unge leiar», og har fokus på å utvikle talent. Men når leiarskap er noko alle kan lære, er det kanskje ikkje relevant å snakke om talent.

– Om ein ikkje knyter talent til gen, men interesse for faget, for å lære og for korleis få folk til å yte, så kan ein snakke om talent, meiner Sjøvold.

– Men du må fortsett øve for å bli god. Det er ingen automatikk i at ein blir god berre ein har talent, det skal veldig mykje trening til før ein er verdsmeister.

– Det ein ønskjer er folk med erfaring, potensial og ambisjonar. Då er visjonen din om korleis skape verdiar, og ikkje korleis du skal bli best, viktig. Så det er ikkje nok å vere eit talent, ha vilje og lyst, men du må òg ha erfaring med folk. Nestekjærleik kjem gjentekne gongar opp i samtalen med Sjøvold, og også Rosenlund har lagt vekt på at ein må forstå menneske.

Men som ei avslutning seier Sjøvold at det er ikkje berre den mjuke leiaren som er idealet. Å kunne gi ein tøff beskjed på ein ryddig måte krev at ein er verkeleg glad i menneske.

– God leiing ligg i balanse mellom beinhard tydleg og delegerande og oppmerksam. Begge deler krev at du kjenner og forstår dei du skal leie, avsluttar Sjøvold.

I eit samfunn der fokuset flyttar seg frå å saman skulle byggje landet til å komponere den aller beste CVen, kan nestekjærleiken kome i baksetet. Det kan få uheldige utfall når leiing handler om å jobbe saman med menneske.

Les saka i Dusken!