Den digitale skulen er nær

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein ny rapport frå forskings- og utviklingsprosjektet til New Media Consortium (NMC) skildrar ny teknologi som vil ha stor innverknad på utdanninga i åra som kjem. NCM er eit ideelt samarbeid mellom universitets- og forskarmiljø over heile verda, inkludert IKT-senteret under Kunnskapsdepartementet.

– Vi viser kva for teknologiar som er her, kva som kjem og moglege konsekvensar for skulen i svært nær framtid, seier kommunikasjonssjef Vibeke Kløvstad ved Senter for IKT i utdanninga til NTB.

Ved fleire skular er nokre av nyvinningane alt testa ut. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) synest framtidsutsiktene er veldig spanande, men strekar under at det framleis er læraren som er viktigast for kva eleven lærer.

LES OGSÅ:Slik vil nettet vil revolusjonera utdanninga

Videointro

Såkalla snudd undervisning er alt i bruk. Det er ein pedagogisk metode der elevane ser små videosnuttar før undervisninga tek til. Tar dei det lett, kan dei gå rett på oppgåver, treng dei meir tid kan dei sjå videoen om att. Når dei møter til timen, kan læraren rettleie elevane på deira individuelle nivå. Metoden sparer læraren for tradisjonell forklaring til klassa, teikning og notering på tavla, som typisk tar 30– 50 prosent av timen.

Noko anna som alt blir mykje brukt, er Bring your own Device (BYOD), der elevane tek med seg og bruker eigne nettbrett og smarttelefonar på skulen. Fordelen er at dei kan samarbeide fleksibelt gjennom digitale skyar, der også læraren har moglegheit for å gå inn og følgje arbeidet eleven gjer og rettleie undervegs.

– I rapporten står det at dette kan komme alt neste år, kor sannsynleg er det?

– Sjølv om fleire skular melder om gode resultat er likevel ikkje forskinga på dette klar, så vi må sjå nærmare på det før vi konkluderer. Men eg synest det er bra at lærarar som er trygge på metodane i IKT bruker det i klassene sine, seier kunnskapsministeren.

LES OGSÅ:Digitale leksjon i verdsklasse på nynorsk

Skepsis

Reaksjonane frå lærarane på rapporten varierer frå jubel til skepsis, ifølgje Vibeke Kløvstad.

– I dag har vi ei standardisering av korleis læring går føre seg i skulen, mange lærarar er nok mest komfortable med å følgje framdrifta slik læreboka tilseier kapittel for kapittel. Men å utfordre inngrodde pedagogiske vanar er sunt, og her bidrar teknologien som pressmiddel. Det vil bli eit stort skifte til betre og meir effektiv læring når dei kan bruke digitale verktøy, seier ho.

– Er det pengar til utstyr, etterutdanning og tilpassing?

– Det rapporten peiker ut er at dei må ha ein systematisk satsing på IKT, både pedagogisk og økonomisk. Skuleeigar er nøydd til å utvikle eit system med visse standardar og reglar for bruk av personlege digitale einingar til læring. Vi må også ha kompenserande løysingar på skulane, for å byggje ned dei digitale skilja, slik at barn som ikkje har eige nettbrett til bruk, får dette på skolen, seier Kløvstad.

LES OGSÅ:Stor skilnad på pc-bruk i skulen

Både Kløvstad og Røe Isaksen understrekar at læraranes kompetanse må bli heva:

– Det er viktig at lærarstudentane får opplæring i IKT slik at dei kan ta det i bruk når det er føremålstenleg. Lærarutdanninga blir styrkte med rundt 180 millionar kroner på få år, og eg meiner det bør vere rom for digital opplæring innanfor denne ramma, seier statsråden.