Dei nye vegperlene på Vestlandet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nye vegattraksjonar

Det mest spektakulære er truleg den nye utkikksplattforma «Utsikten» langs riksveg 13 over Gaularfjellet. Rasteplassen ligg på toppen av stigninga opp frå Vetlefjorden og blir bygd som ei stor plattform med tre hjørne som peikar i kvar si retning.

– Hovudmålsetjinga er å laga eit utkikkspunkt med ei utforming som utnyttar staden maksimalt, skreiv Nasjonale turistvegar då byggjearbeidet tok til for rundt eitt år sidan.

Utbyggjarane viser til at den nye utkikksplassen vil gje folk panoramautsikt til den storslegne og vakre naturen der riksveg 13 slyngjer seg oppover lia.

Målet er at det nye utkikkspunktet på Gaularfjellet skal stå ferdig i haust.

LES OGSÅ: – Fleire turistar vil til distrikta 

Tettare på Hardanger-foss
Fossar er populære turistattraksjonar for folk som vitjar Hardanger, men ikkje alle fossane er like tilgjengelege. Det vil Statens vegvesen no gjera noko med.

Skjervsfossen på tidlegare riksveg 13 mellom Granvin og Voss er ein av fossane i Hardanger du no skal få oppleva på nærare hald. Her skal det lagast nye gangvegar og fleire utkikkspunkt. Frå det luftigaste utkikkspunktet kan du sjå korleis Skjervsfossen stuper 150 meter ned i juvet. Lenger nede kan du studera fossen frå andre vinklar. Mellom anna skal det lagast sti inn til foten av fossen til den siste utkikksposten, som har fått namnet «Dusjen».

Sherpaer frå Nepal skal hjelpa med å byggja den krevjande naturstien ned til fossen, fortel Statens vegvesen.

I området skal det også leggjast til rette fotturar for folk flest og for meir ekstreme naturopplevingar.

Reisande langs vegen kan også sjå fram til ein utbetra rasteplass på toppen av Skjervet og eit nytt toalett med spennande arkitektur.


Ved hjelp av nye turstiar bygd av sherpaer frå Nepal skal reisande no få koma tettare på Skjervsfossen i Hardanger. Illustrasjon: Østengen og Bergo landskapsarkitekter

LES OGSÅ: Gløymer presentasjonen av attraksjonane 

Vøringsfossen i ny drakt
Også området rundt Vøringsfossen skal rustast opp. Statens vegvesen peikar på at fossen er ein av dei mest besøkte turistattraksjonane i Noreg, men at området er prega av slitasje, manglande tilrettelegging og dårleg sikring.

No skal heile området få eit løft med nye utsiktsplassar, ei spektakulær gangbru over elva, nye stigar, parkeringsplass og toalett. Arbeidet, som er eit spleiselag mellom Statens vegvesen, Eidfjord kommune, Hordaland fylkeskommune og Hardangerrådet, startar i år og skal vera ferdig om fem år.

LES OGSÅ: Berekraftige reisemål lokkar turistar 

Storstove på Sognefjellet
Skal du over Sognefjellet kan du også få med deg ei ny oppleving. Her kan Sognefjellshytta snart ønskja velkommen i ei ny og særprega storstove. Bygget knyter saman dei to eksisterande bygningane til den gamle Sognefjellshytta og er bygd i limtre og glas – noko som gjer at folk kjem tett på naturen også innandørs. Grus på golvet er også med på å forsterka utekjensla.

– Her er det så mykje utsikt og variasjon at dei som kjem på besøk heile tida kan finna sitt eige rom, anten dei snur seg mot Smørstabbstindane eller mot Fanaråken, fortel Werner Harstad i turistvegseksjonen til Statens vegvesen.

Også dette prosjektet er eit spleiselag. Nasjonale turistvegar, Statens vegvesen og Sognefjellshytta AS har delt på utgiftene.

– Det er døme på eit godt samarbeid som kjem alle partar til gode, meiner pressekontakt Per Ritzler i Nasjonale Turistvegar.

LES OGSÅ: Lærdalstunnellen går verda rundt 

Ny portal til Jærstrendene
På Jæren held spleiselaget fram. I samarbeid med Jæren Friluftsråd byggjer Nasjonale turistvegar og Statens vegvesen no eit nytt servicebygg ved Orrestranda. Arkitektane har lagt vekt på at det nye bygget skal passa inn i landskapet og tenkjer seg bygget som ein liten portal mot sanddynene, Jærstrendene og havet.

Orre er frå før eit populært turområde med nærmare 45.000 besøkjande kvart år. Med det nye servicebygget – i tillegg til Friluftshuset til Jæren Friluftsråd som frå før er ein del av attraksjonane til Nasjonal turistveg Jæren – er det venta at endå fleire vil finna vegen til området.

LES OGSÅ: Vestlandet er førebilete for turiststrategien 

Marmororm på Nordmøre
Også langs Atlanterhavsvegen i Møre og Romsdal får Nasjonal turistveg i år eit nytt stoppunkt. På Vedvang i Eide kommune på Nordmøre skal det leggjast ut ein 90 meter lang marmororm eller ei marmorsøyle i bitar lang kyststigen. Installasjonen er eit kunstverk laga av kunstnaren Jan Freuchen.

Prosjektet har vore omstridd i lokalsamfunnet, men ordføraren meiner eit folkemøte i vinter medverka til større forståing og ønskjer alle velkommen til å oppleva den italienskproduserte marmorormen som buktar seg i terrenget.

Faktaboks

 Nasjonale turistvegar

Omfattar 18 utvalde vegstrekningar i heile landet.

Dei utvalde vegane går gjennom landskap med spesielt vakker natur.

Nyskapande arkitektur og kunst skal forsterka naturopplevinga på tilrettelagde utsiktspunkt og rasteplassar.

Det overordna målet er å gjera Noreg meir attraktivt som reisemål og styrkja næringslivet og busetnaden i distrikta.

Prosjektet skal vera ferdig i 2023. Då skal det vera over 250 rasteplassar, utsiktspunkt og andre installasjonar langs vel 2.000 kilometer turistvegar. (Kjelde: Nasjonale turistvegar) (©NPK).