Dei farlege orda

Therese Sollien, Dag og Tid
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Saka var først publisert i Dag og Tid.

Førre veke kom dekanen ved universitetet i Chicago med ei åtvaring til fyrsteårsstudentane: Her ved universitetet driv me ikkje med trigger warnings. Kva meinte han med det, og kvifor fekk ei velkomstmelding frå ein dekan så mykje merksemd i amerikansk presse?

Særleg dei seinaste to åra har trigger warnings vore eit stort tema mellom amerikanske akademikarar. Trigger warnings fung­erer som ei åtvaring til studentane, ei innleiande melding om at det du skal lesa no, kan koma til å støyta deg. I verste fall kan eit traume du har, verta «trigga» av å lesa teksta som fylgjer, og gjera traumet endå verre, seier åtvaringane.

Tema som vert utstyrde med slike åtvaringar, har som oftast å gjera med rasisme, klassetilhøyrsle, sexisme og seksualitet, diskriminering av handikappa, eller andre tema som er knytte til undertrykking av ei underprivilegert gruppe.
For dei av oss som har undervist ved amerikanske universitet, er det godt kjent at ein må vakta seg vel for kva ein seier og kva ord ein nyttar når ein står bak katetret og held førelesing. Men at ein i tillegg må vera varsam med kva tekster ein bed studentane om å lesa, er noko relativt nytt. Skal ein tru ei undersøkjing frå National Coalition Against Censorship, har fleirtalet av undervisarar i USA alt nytta trigger warnings ein eller fleire gonger.

At studentane har vorte så kjenslevare at dei må få åtva­ring­ar om at dei kan verta traumatiserte dersom dei les pensum, er det likevel mange professorar som reagerer på. Organisasjonen American Association of University Professors har alt annonsert at dei formelt motset seg bruken av trigger warnings: Dei meiner slik praksis er eit trugsmål mot akademisk fridom, uansett om han er obligatorisk eller friviljug.

LES OGSÅ: Dette betyr Super Bowl-oppgjeret til Beyoncé

Ytringsfridom
I tillegg til åtvaringar mot ord som kan trigga traume, kjem det stendig fleire oppfordringar om å moderera språkbruken slik at ein ikkje skal støyta nokon.

Ved universitetet Princeton kom personalavdelinga denne månaden med ei oppmoding til dei tilsette om å unngå ord som inneheldt ordet «mann», eller på andre vis hadde i seg ei todelt tilnærming til kjønn. Grunngjevinga var «for å ta omsyn til dei individa som identifiserer seg annleis, inkludert, men ikkje avgrensa til transkjønn, interkjønn, og/eller interseksuelle». I hovudsak dreia det seg om å byta ut kjønnspronomen med kjønnsnøytrale uttrykk, som å nytta «menneskeætta» i staden for «manneætta», «mannskap» med «personell» og så bortetter. Lista var fire sider lang.

Ikkje alle held på slik. Dekanen ved universitetet i Chicago hadde altså ei heilt motsett melding til studentane førre veke:

«Når du kjem hit, vil du oppdaga at eit av kjenneteikna ved universitetet i Chicago er korleis me forpliktar oss til å ha fridom i utforsking og i uttrykk. Medlemene av samfunnet vårt vert oppfordra til å tala, skriva, lytta, utfordra og læra, utan å frykta sensur.»

Han var likevel klår på at det ikkje tyder at ein skal støyta folk med vilje: «Å vera høvisk og visa ymsesidig respekt er viktig for oss alle, og ytringsfridom tyder ikkje fridom til å trakassera eller truga andre.»

Men så var det heller ikkje det poenget dekanen ville ha fram. Ein kunne ikkje koma til eit universitet og venta at ein ikkje skulle verta støytt av noko: «Du vil sjå at me ventar frå medlemene i vårt samfunn at dei engasjerer seg i streng debatt, diskusjon og til og med usemje. Til tider kan dette vera utfordrande og jamvel gje deg ubehag», skreiv dekanen.

Når ei slik melding skaper overskrifter i nasjonale nyhendemedium, seier det noko om kor langt det har gått i USA når det gjeld å vera uroleg for å krenkja eller støyta nokon. Korleis vart den unge generasjonen der borte slike eksotiske fuglar at dei tilsynelatande knekk saman for eit godt ord?

LES OGSÅ: Konemishandling finst ikkje lenger, det uroar retorikkprofessor Berit von der Lippe

Mikroaggresjon
Eit anna omgrep som har vorte stendig vanlegare i USA, er såkalla «micro aggressions», eller altså mikroaggresjonar. Med det meiner dei små handlingar eller utsegner som tilsynelatande ikkje har ein dårleg intensjon bak seg, men som likevel syner ei underliggjande «valdshandling», som dei seier.

Døme på dette er å spørja ein som ser utanlandsk ut kvar han eller ho er fødd. Det «valdelege» ved ei slik utsegn er at ho impliserer at vedkomande ikkje er ein «ekte» borgar i landet. Vald, altså. Slik talar dei om det i USA.

Ved Brandeis University, som er eit privat og prestisjefylt universitet i Massachusetts, har dei ein samskipnad for asiatisk-amerikanske studentar. I fjor hadde samskipnaden ein kampanje på campus der dei synte ulike døme på mikroaggresjon mot asiatar ved å stilla ut ei rad plakatar med ulike mikroaggressive utsegner. Meininga var å gjera studentane meir medvitne om korleis det kunne vera sårande for asiatiske studentar å få høyra slike utsegner. Mellom døma var spørsmål som «Skal ikkje du vera god i matematikk?», «Er det ei asiatisk greie?», «Ni hao, er det ikkje slik de seier det?» og «Kvifor heng de asiatar alltid i lag?».

Diverre slo kampanjen heilt feil ut: Ei rad asiatiske studentar vart støytte av å sjå desse plakatane og meinte at kampanjen i seg sjølv var ein mikroaggresjon. Samskipnaden vart tvinga til å ta ned plakatane, og presidenten i samskipnaden måtte senda ut eit e-brev til alle studentane ved heile universitetet med ei orsaking til alle som vart «trigga eller såra av innhaldet i mikroaggresjonane», men la til at «no, når de ser desse orda, når dei er stilte ut på trappene på universitetsområdet, er dei umogelege å ignorera. Slik kjennest det å høyra mikroaggresjonar ustanseleg verta nytta mot deg.»

Slik har det altså vorte. Korleis går det når folk er så sensitive?

Jonathan Haidt
Sosialpsykologen Jonathan Haidt er ein av dei som uroar seg over utviklinga. Saman med Greg Lukianoff, som er president i den akademiske borgarrettsgruppa Foundation for Individual Rights in Education, skreiv han i fjor ein lang artikkel i bladet The Atlantic Monthly. Dei to meinte at utviklinga der ein stendig må vera meir varsam, rett og slett er farleg for kvaliteten på amerikanske universitet og for akademia generelt.

Verst av alt er det for studentane sjølve, meinte dei. Dei peika på at å læra studentane korleis dei skulle tenkja, er viktigare enn å læra studentane kva dei skal tenkja; slik har visdomen vore heilt sidan Sokrates. «Men denne hemngjerrige skjerminga lærer studentane å tenkja på ein heilt annan måte. Ho førebur dei dårleg for profesjonelle liv, som ofte krev intellektuelt engasjement med folk og idear ein kan tykkja er uhyggjelege eller gale», skreiv dei.
Det var den langsiktige mogelege konsekvensen. Men den meir beinveges faren kunne vera endå verre, meinte dei: «Ein campus-kultur vigd til å røkta ytringar og straffa talarar vil sannsynlegvis skapa tankemønster som liknar mykje på det som kognitive terapeutar meiner kjenneteiknar årsakene til depresjon og angst. Den nye skjerminga kan koma til å læra studentane å tenkja patologisk», skreiv dei.

Dei meinte universitets­utviklinga berre var eit døme på ei meir ålmenn utvikling, der born fødde etter 1980 har vakse opp med ei tru på at alt i verda er farleg, men at foreldra kjem til å tryggja dei mot alle desse farane, ikkje berre frå framande, men frå kvarandre òg.

Såleis har universiteta eit særleg ansvar for å førebu dei unge på vaksenlivet, meinte dei, ikkje ved å skjerma studentane frå støytande tekster, men nett ved å læra dei å takla ord og idear dei ikkje likar.