Dårleg retningssans? Her er svaret!

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei fleste menneske er nøgde med dei fem sansane smak, lukt, syn, hørsel og berøring. Trekkfuglar og nokre andre dyr kan i tillegg nytte magnetfeltet til jorda for å navigere, ein eigenskap som snart kan bli kvardags også for menneskle. Ein ny dings kan nemleg gi deg ein sjette sans.

Det heile startar med ein liten operasjon. To lange titanstenger med ei kule i kvar ende vert festa gjennom huda på brystet ditt. Dei fire kulene fungerer som festepunkt for kvart av hjørna til ein liten firkant med silikonbelegg. På innsida av boksen er eit kompass som vibrerer kvar gong du vender kroppen din mot nord.


Vil du ha ein slik festa på brystet ditt? Foto: Cyborg Nest

Den vesle dingsen vert kalla «North Sense», og vert marknadsført som ein ny sans. «Tenk på det som det motsette av kunstig intelligens. All prosesseringa skjer i menneskehjernen,» skriv produsenten Cyborg Nest.

Kontakt med verda
Gründarane skriv vidare at den vesle dingsen ikkje er meint som eit verktøy, slik som eit vanleg kompass, men som ein oppgradering av menneskekroppen. Målet er at vibrasjonane over tid skal føre til ein utvida måte å vere i kontakt med verda på.

Entusiastar over heile verda er allereie i gang med å oppgradere kroppane sine og poste det til sosiale medium, slik som her frå Australia:

 

Ifølgje produsentane toler dingsen vatn, og den kan tas av og på for batterilading og for helseundersøkingar. Dei åtvarar om at prosedyren med å feste stengene under huda bør utførast av profesjonelt personell ved eit piercingstudio.

Men moglegheitene for såkalla biohackarar stoppar ikkje her. Ein kan også putta magnetar i fingertuppane, samt små radiosendarar i hendene som ein kan nytte til å styre dørlåsar og mobiltelefonar med.

Evolusjonen av framtidsmennesket får for tida god hjelp av digital teknologi.

Interessert i Biohacking? Sjå video av når kyborgen Torjus får operert inn ein chip i handa


– I framtida treng vi ikkje fysiske nøklar eller lommebok, spår 24 år gamle Torjus Bjørgo Nilsen om utviklinga innan biohacking. Foto: Privat.