Dårleg moral er medfødd

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Er synd medfødd?

Dette er spørsmålet Shaun Shalvi, psykolog frå Amsterdam Universitet, stiller.

Shalvi har, saman med Ori Eldar og Yoella Bereby-Meyer frå Bein-Gurion Universitetet i Israel utført eit eksperiment som syner at folk juksar om dei kan. Samtidig viser eksperimentet at dei som får tid til å tenkje over kva dei gjer juksar mindre.

– Alle laug
Deltakarane i eksperimentet vart bede om å kaste ein terning. Dei fekk betalt etter kor mange augo terningen synte. Halvparten fekk 20 sekund til å utføre handlinga, medan dei øvrige deltakarane kunne bruke så lang tid dei ville. Statistisk sett skulle deltakarane ifølgje forskarane i gjennomsnitt kaste omlag 3,5, men dei som var sett under tidspress gav eit gjennomsnitt på 4,6, medan dei andre fekk 3,9. Alle laug altså om resultatet av kasta sine, men dei som hadde mest tid overdreiv minst.

Les òg: Rekordhøge juksetal

Ulike variantar av forsøket gav same resultat: Menneske juksar.

Dårleg moral
Eksperimenta viser samtidig at om folk har tid til å tenkje over det dei gjer er det større sannsynlegheit for at dei vil velje å gjere det rette.

Forskarane konkluderer med at moralen til eit menneske i utgangspunktet er dårleg.

Les òg: Slik blir du tatt i juks

Trur du vi er fødd utan moral? Diskutèr gjerne saka i kommentarfeltet under!