Då demokratiet svikta naturen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 01.06.2017 14:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg trudde jo Noreg var stolt over naturen sin, stolt over fjordane. Men når det kjem til stykket betyr det ingenting, seier aksjonist Synnøve Kvamme i dokumentarfilmen «Kampen om fjordane».

Kvamme vart sjølve ansiktet på Hardangeraksjonen, då ho ikledd Hardanger-bunad vart boren bort av uniformert politi.

Dette har dokumentarist Vigdis Nielsen frå Ulvik i Hardanger nytta seg av, når ho vender kameralinsa mot ei av dei mest betente naturvernsakene i Noregs historie.

Ein ventar seg kanskje ein film boren av det brennande engasjementet til Kvamme, når det heile opnar med nærbilete av at ho spenner på seg bryststykke og mansjettar på kampbunaden.

Men dokumentaren er ikkje noko portrett av leiaren for Hardangeraksjonen.  

Kampen om fjordane var opningsfilm under Den norske dokumentarfilmfestivalen i Volda og vann publikumsprisen under Eurodok i Oslo.

Kampen om fjordane / The Fight for The Fjords – Teaser (long version) from Hardingfilm on Vimeo.

Monstermaster
«Kampen om fjordane» har Nielsen sett nærare på prosessen rundt dei omstridde mastene i Hardanger, som media døypte til monstermaster.

Filmen problematiserer den demokratiske prosessen rundt mastebygginga og dokumenterer korleis motstanden bygde seg opp, korleis motstandarane vart møtt av styresmaktene – og ikkje minst kva dei tenkjer, når dei i ettertid ser attende på prosessen og utfallet.

For Kvamme starta engasjementet allereie på ungdomsskulen og enda med at ho vart hovudpersonen i medieoppstyret. Ein ser konturane av ein ung idealist, som instinktivt reagerer på urett og legg ned ein imponerande innsats i det ho vil verna. Filmen følgjer Kvamme gjennom aksjonar og dei rettslege konsekvensane i etterkant. Ein ivrig naturvernar, som no er ei dyrekjøpt erfaring rikare.

Leiaren i Hardangeraksjonen reagerer sterkt på måten aksjonistane vert behandla på. I ettertid vart då også ferdselsforboda politiet delte ut til aksjonistane dømt ugyldige.

Etter filmframsyninga peiker Nielsen på korleis same type ferdselsforbod vart brukt på ny under aksjonane ved Førdefjorden.

Tung jakke: Modig og vakkert om ung, angstfull mann

Demokratikritikk
Men den viktigaste kritikken kjem ikkje mot korkje politiet eller Statnett. Heller vert hovudskytset retta mot staten Noreg og den udemokratiske prosessen, som verkar å overraska dei fleste involverte. Materialet til mastene viste seg til dømes å vere kjøpt inn rundt eit halvt år før vedtaket om Hardanger-traseen falt.

Kjeldeutvalet er den største styrken i filmen. Filosofiprofessor Gunnar Skirbekk og Hardanger-aksjonist og næringslivsleiar Johan Fredrik Odfjell kjem med treffande refleksjonar over demokratiet si rolle, i ei sak der staten både var pådrivar og klageinstans.

Aller sterkast inntrykk gjer kanskje møtet med grunneigarane. Når hardingen Hans Uglenes tek til tårene, kjenner ein på maktesløysa hans oppi det heile. Han set si lit til at Riksantikvaren skal stogga mastebygginga ved den verneverdige stølen sin, men når linjene er på veg, er det ikkje råd å stogga dei. Som grunneigar sit han att med ein bitter smak i munnen – samt ei erstatning på 1000 kroner.

Filmen kom for seint for Hardanger, men kan læra oss mykje til neste gang.


Grunneigar Hans Uglenes (til venstre) er ein av dei som gjer sterkast inntrykk i filmen. Foto: Hardingfilm