Bysamar er kvardagsambassadørar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Fleire skildrar det å vere samisk som eit val ein tek, difor har eg konkludert med at samisk identitet er noko ein må forvalte i større grad enn andre identitetar, seier Siv Eli Vuolab (31).

Hausten 2016 leverte ho inn masteroppgåva si i urfolksstudier ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. Her tek ho for seg den bysamiske identiteten og kva forventningar, fordommar og krav urbane samar møter.

Til masteroppgåva intervjua ho åtte samar busett i Tromsø og Oslo, som alle har valt å la den samiske identiteten spela ei viktig rolle i livet deira.

– Språket er veldig viktig og sosiale medier er til hjelp for mange. Omgrepet Sápmi – som er sameland – er på mange måtar grenselaust. Det er eit samhald som ikkje er stadbunde, forklarar Vuolab.

Ho forklarar at det krev ein del ekstraarbeid å fremme sin samiske identitet i ein by kor ein ikkje har heile samfunnet rundt seg som hjelp. Fleire av informantane hennar gjekk difor på kurs i språk og andre samiske tradisjonar for å heva den samiske kompetansen sin.

LES OGSÅ: Vil ha samisk språkdugnad

Kva er samisk?
Du har kanskje høyrt påstanden om at Oslo er Noregs største sameby?

Denne myta er vanskeleg å stadfesta eller avkrefta, sidan ein ikkje har sikre tal på kor mange samar som finst. Truleg er det ein plass mellom 50 000 og 100 000 samar fordelt på Noreg, Sverige og Finland. Dei fleste av desse bur i Noreg.

Trass i at det finst mange urbane samar har forskarane lenge vist størst interesse for dei tradisjonelle samane. Difor valde Siv Eli Vuolab å gjera ein kvalitativ studie av bysamane.

Sjølv flytta Vuolab frå Karasjok til Harstad som 17-åring, før ho seinare flytta til Oslo og vidare til Tromsø.

– Fram til då hadde det å vere samisk vore det einaste naturlege. Det var først då eg tenkte over at det var noko som var annleis. Eg måtte tenkje over korleis eg skulle skulle vere same i byen. Kva er det som er det samiske med meg?

For Vuolab er språket ein viktig del av den samiske identiteten, men for andre kan det vere heilt andre ting, som kofta, heimstaden eller samisk tradisjonshandverk, kalla duodji.

LES OGSÅ: Kvar er dei homofile samane si historie?

Mobbing
Undersøkingar viser at den samiske befolkinga vert utsett for mobbing i dobbelt så stor grad som den etnisk norske befolkninga, noko som går igjen i Vuolab sine funn.

Både Vuolab òg samtlege av respondentane har vorte møtt med hets eller negative merknadar på grunn av bakgrunnen sin.

20 år gamle John-Egil, som er fødd og oppvaksen i Tromsø, fortel at skapet der hans samiske etternamn stod ofte var blitt spytta på. Gjennom heile skulegongen opplevde han at medelevar gjorde narr av samar og brukte Sámisom eit skjellsord.

At dette framleis verkar å vere så utbreidd overraskar Vuolab. Ho meiner det framleis er altfor lite kunnskap om det samiske.

– Kva er det som er så spesielt med det samiske at ein verbalt gjer narr av det? Alle hadde vore utsett for hets eller mobbing eller kjente nokon andre som hadde det. Det som likevel er gledeleg er at ingen svara at det stoppa dei frå å utrykkje sin samiske identitet.

Vuolab er viss på at tida der ein skjemtes over å vere same er over, og meiner å sjå ei samisk oppvakning i denne samiske generasjonen. Urfolksengasjementet kan ein sjå igjen i den samiske filmbølgja, musikk og visuell kunst.

– Det er ein ufatteleg stoltheit blant unge samar. Ingen skammar seg lenger, det er ein ferdig med, seier Vuolab.  

Intervjuobjekta hennar var likevel svært medvitne på historia med fornorsking som framleis sit friskt i minnet til foreldre og besteforeldre.

Samiske ambassadørar
Vuolab meiner at det er viktig med samiske møteplassar, slik som barnehagar og fritidstilbod, òg utanfor Karasjok.  

– At fleire samar vel å bu i by kan ein sjå på som utfordring, men ein kan òg sjå på det som noko positivt. Bysamar er kvardagsamassadørar for det samiske, fordi dei er dei i størst grad møter majoritetssamfunnet, avsluttar 31-åringen.

Møt Sajje Solbakk og Dávvet Bruun-Solbakk som leiker seg med identitet og tradisjonar.