Byar er meir enn oppbevaring av folk

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Av Sigrid Sørumgård Botheim.

Matjord er ein knapp ressurs i Noreg.

Om lag tre prosent av landarealet vårt er dyrka mark. Den beste matjorda ligg rundt byane våre, og denne jorda har blitt redusert dei siste 25 åra. Jorda kjem naturleg nok i konflikt med veksande byar, næringsliv og samferdsel.

Difor er det viktig å ha eit spesielt vern for jorda. God matjord tek lang tid å laga, og nydyrking av myrområde fører til klimagassutslepp. Regjeringa skriv at det er viktig med eit sterkt jordvern for å sikre moglegheit til å dyrke mat på eiga jord.

LES OGSÅ: Vil forby utbygging av matjord

Men hovudansvaret for arealforvaltinga skjer i kommunane. Nyleg såg vi eit døme på at jordvernet tapte mot andre omsyn i Trondheim. Arbeiderpartiet og Høgre sikra fleirtal for mindre jordvern i områda rundt byen. Lokalpartia går altså mot partia nasjonalt – for både Ap og Høgre har som målsetting å verne dyrka mark.

Det er ikkje berre i Trondheim jordvernet blir nedprioritert. For nokre dagar sidan kunne Nationen melde at kommunane byggjer ned langt meir jord enn dei rapporterer inn. 2015 var eit rekordår for omdisponering av dyrka jord. Det hjelper lite med nasjonale retningsliner når kommunane ikkje følgjer opp, og når statistikken ikkje er til å stole på.

Når ein ser kor lett det er å nedprioritere jordvernet, blir eg forundra over kor heilage markagrensene er. Heilt ordinær, kjedeleg skog er tydelegvis viktigare for folk enn mat. I Oslo vart ei byggjegrense trekt allereie i 1934 på grunn av vassforsyninga. All bebyggelse skulle vera under 220 m.o.h. for å sikre nok trykk i vassrøyra. I dag er ikkje dette problemet aktuelt lenger, men markagrensa er svært lik byggjegrensa frå 30-talet. Oslo skal snart bli ein millionby, og det blir stadig debattert korleis vi skal få plass til alle. Så lenge marka er heilag tyder det to ting: Det må byggjast tettare og høgare – og den dyrka marka blir meir trua.

Eg meiner ein må laga byar der ein ikkje berre skal oppbevara menneske, men der ein skal kunne ha det godt. Ein må kunne ha grøne lunger, sol og utsikt inne i byane. Er det eit bra miljøtiltak å byggje så tett i byen at alle køyrer bil ut i marka for å lufte seg i helgene? Er det eit bra miljøtiltak å verne så mykje om friluftsområda at matjorda blir bygd ned?

Eg meiner ein må vurdere å justere markagrensa noko, fordi andre omsyn er viktigare. Problemet er at inngrep i marka blir så synlege fordi folk brukar marka i stor grad. At jorda blir bygd ned er ikkje like synleg, for maten finst i butikkane uansett. Eg håpar vi ikkje treng å oppleva ei krise for å sjå verdien av den lille matjorda vi har.

I dag er det Jordas dag – eg håpar alle vil ta vare på både Jorda og jorda!

LES OGSÅ: Lukka er ein flekk med jord