Brutaliteten blir målet fordi det maksimerer frykt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Maksimerer frykt

– Alle vil vere einige om at dette høyrer til ei verd som vi ikkje forstår er mogleg i handlingsrepertoaret til menneska. Vi har sett liknande groteske handlingar, men ikkje i Australia eller Noreg, seier forfattar, filosof og lektor ved Nansenskolen Joakim Hammerlin.

Spreie frykt
Når stadig fleire opplysningar tyder på at det er store likskapar mellom trugslane som australske styresmakter slo ned på torsdag, og terroralarmen som gjekk i Noreg i sommar, finn Hammerlin grunn til å peike på kva som er formålet med trugslane.

– Terrorisme handlar om å spreie frykt. Det primære målet er ikkje offeret som vert ramma av valdshandlinga. Ein ønskjer å setje frykt i dei som er rundt og vinne noko politisk ved å skape eit fryktklima, seier Hammerlin til NTB.

Sjølv om det er ein forferdeleg tanke å sjå for seg at uskyldige og tilfeldige menneske kan bli offer for brutale drap, må vi ifølgje Hammerlin alltid hugse at det er denne frykta terroristar ønskjer å spreie.

– Brutaliteten blir eit mål fordi den maksimerer frykta i samfunnet rundt, seier han.

LES OGSÅ:Dette er jihad

Drepe familie
Fleire kjelder har opplyst til NRK, NTB og VG kva for ulike hendingar tryggingsmyndigheitene frykta kunne skje då det vart slått full terroralarm 24. juli i år. Først vart det kjent at terroristane kunne ha planar om å gå til angrep med knivar i ein stor folkemasse. Torsdag kom opplysningane om at terroristar planla å ta seg inn i ein privat heim og drepe ein tilfeldig familie, og at dette skulle spreiast på internett.

– Dersom dette er riktig, set det responsen frå norske styresmakter i eit tydelegare lys, seier Hammerlin.

Den australske statsministeren Tony Abbott opplyste torsdag at planane der gjekk ut på å plukke opp ein tilfeldig person, kle han i eit svart IS-flagg og halshogge han for ope kamera.

Måtte informere
Journalist og forfattar Kjetil Stormark meiner det var uheldig at norske sikkerheitsmyndigheiter vart tvinga til å informere om at det låg føre ein trussel.

– Det er noko ein aldri ønskjer. Dersom ei terrorgruppe blir klar over at ein er på sporet av dei, kan dei endre planer og forsere angrep. Med ei generell væpning av politiet, ville det vore lettare å handtere trusselen som var i juli, seier Stormark til NTB.

Stormark meiner den norske terrorberedskapen må trappast kraftig opp for å møte det nye trusselbiletet.

LES OGSÅ:Meiner terroralarmen skapte unødvendig frykt

Grundig prosess
Joakim Hammerlin er ikkje usamd i at det vert kravd nye tiltak, men er skeptisk til generell væpning av politiet. Han peiker på at opptrappingstiltak gjort ut frå ein bestemt situasjon ofte blir permanente.

– Vi må søkje ein minneleg fornuftig inngang og finne løysingar vi kan leve med på lang sikt. Eg synest styresmaktene gjorde dette etter 22. juli med ein grundig prosess for å møte truslar i framtida. Det var eit teikn på politisk modning at vi klarte å handtere ein ekstrem situasjon på ein god måte, seier Hammerlin til NTB. (©NPK)