– Britane gamblar med matfatet vårt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Aud Karin Oen (SV) i Hordaland fylkesutval bad nyleg fylkesrådmannen om ei orientering om stoda ved reprosesseringsanlegget for atomavfall i Sellafield. Svaret er langt frå hyggeleg lesing, men fleire miljøvernorganisasjonar meiner situasjonen er langt meir alvorleg enn det myndigheitene gjev uttrykk for eller er klar over.

Det tidlegare kjernekraftverket og kjernefysiske anlegget i Sellafield har lenge vore til bekymring for norske myndigheiter, og i 2009 slo Statens strålevern i ein rapport fast at sjølv eit utslepp på berre éin prosent av det radioaktive avfallet som blir lagra i tankane kan få dramatiske følgjer for Norge.

Atomanlegget Sellafield ligg i Cumbria, nordvest i England.

No går også avtroppande fylkesordførar Tom-Christer Nilsen ut med ei oppmodinga om at regjeringa må engasjera seg i denne saka. Han meiner utanriksminister Børge Brende no bør følgja opp arbeidet han sette i gong i sin tid som miljøvernminister.

LES OGSÅ:Atomkraft kuttar norsk straumpris

Vestlandet utsett til
Det er Hordaland og Rogaland som vil bli hardast råka av eit slikt utslepp. Ifølgje Strålevernet sitt scenario, der det oppstår ein eksplosjon og brann ved anlegget, kan eit utslepp bli transportert med luftstraumane og føra til sju gonger meir nedfall enn etter Tsjernobyl-ulukka.

Målingane er basert på faktiske og typiske vérdata frå oktober 2008 med vindretning mot Norge og store nedbørsmengder.

Også fiskarane og oppdrettsnæringa må rekne med at arbeidsplassane deira vert hardt råka.

LES OGSÅ:Testar ut nytt atombrensel i Halden

Mosegrodd anlegg
Anlegget på Sellafield vart tatt i bruk berre to år etter andre verdskrig, og uavhengige rapportar har peika på store manglar ved tryggleiken. Fylkesrådmannen viste mellom anna til bilder som magasinet The Economist publiserte i fjor. Her kjem det fram at deler av anlegget er mosegrodd og i dårleg forfatning. Fylkespolitikarane fekk òg sjå bilder av sjøfugl som badar i gamle, opne basseng, fulle av brenselsstavar.

Britiske myndigheiter skulle etter planen sluttføra oppryddinga av 21 tankar med radioaktivt materiale i løpet av 2015, men så langt har ein ikkje sett i gong dette arbeidet. Årsaka er eit kort straumbrot ved Sellafield tidlegare i år, noko som førte til at oppryddingsarbeidet vart utsett mens ein freista å betre tryggleiken ved anlegget.

Ifølgje The Guardian skal ein talsmann for Sellafield Ltd ha uttalt at det hastar, men at det vil ta fleire tiår å fullføra oppryddingsarbeidet.

Skyhøg pris
«Stråling frå desse tankane vil nå Hordaland om dei lekk. Det er uheldig med utsetjing sidan jo lenger tid arbeidet tar, jo større blir risikoen for ei ulukke eller utslepp av større mengder radioaktivitet», heiter det i orienteringa frå fylkesrådmannen.

Internasjonale avtalar krev at anlegg som Sellafield er så godt som tomme for radioaktivt materiale innan 2020, men så langt tyder lite på at britiske myndigheiter vil prioritera oppryddingsarbeidet no. Prislappen kjem truleg på over 600 milliardar kroner.

Lite handlingsrom
Mens ei rekkje miljøorganisasjonar og politiske parti har bedt miljøvernministeren ta grep i denne saka, opplyser fylkesrådmannen at den einaste kontakten mellom Norge og England som han kjenner til ligg på embedsmannsnivå, med byråkratar frå Klima- og miljødepartementet og Statens strålevern som norske representantar.

Fylkesrådmannen meiner Hordaland fylke må leggje press på britiske myndigheiter til å prioritera oppryddingsarbeidet. Han peikar på at Hordaland har presidentvervet i Nordsjøkommisjonen, og ønskjer at spørsmålet blir tatt opp der. Også Vestlandsrådet blir oppmoda til å engasjera seg i saka.

Kartet viser kor lang tid det tar for cesium-utslepp frå Sellafield å nå norske farvatn med havstraumane. Foto: regjeringen.no

– Verst for Storbritannia
Også no i sommar måtte klima- og miljøministeren tole hard kritikk frå mellom anna Bellona for ikkje ha ha engasjert seg då britiske myndigheiter og representantar for Sellafield var i Oslo for å drøfte problemet med norske myndigheiter.

Klima- og miljøminister Tine Sundtoft avviste kritikken, sa at Bellona kunne ta det heilt med ro og at regjeringa var svært opptatt av utfordringane på Sellafield.

Også ho seier seg uroa over at arbeidet med å fjerna radioaktivt avfall frå Selafield er satt på vent.

– Men i våre møter med britiske myndigheiter opplever me at denne saka blir tatt svært alvorleg. Det er trass alt Storbritannia sjølv som vil bli hardast råka dersom noko verkeleg skulle gå galt, uttalte Sundtoft til NRK i sommar.

LES SAKA I BØMLO-NYTT!

Faktaboks

Sellafield er eit kjernefysisk anlegg og eit tidlegare kjernekraftverk i Cumbria i England på kysten av Irskesjøen. Det blei bygt i 1947 i ein nedlagd sprengstoffabrikk for å produsera spaltbart material til atomvåpenprogrammet til Storbritannia. Anlegget blir i dag drive av British Nuclear Fuels Limited (BNFL), men anlegget er sidan 1. april 2005 eigd av Nuclear Decommissioning Authority (NDA). Anlegget omfattar Thermal Oxide Reprocessing Plant (THORP), Magnox nuclear fuel reprocessing plant, den inaktive Calder Hall Magnox kjernekraftverk — dei første kommersielle kjernekraftverka i verda og nest eldste kjernekraftanlegg.

Den 19. april 2005 blei det oppdaga at 83.000 liter med radioaktivt materiale i THORP-anlegget på Sellafield hadde lekkt frå eit sprukke røyr ut i ei stor betong-botnpanne innkapsla i rustfritt stål som var bygt for å samla opp eventuelle lekkasjar.

Allereie i august 2004 blei det oppdaga at det ikkje var samsvar mellom mengde radioaktivt materiale som blei tilført og sleppt ut av THORP-anlegget. Dette funnet blei ikkje rapportert oppover i systemet.