Breivik saksøkjer staten

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Advokaten hans, Geir Lippestad, seier til Dagbladet at dei førebur eit søksmål for brot på menneskerettane.

LES OGSÅ: – La Breivik skrive brev for hand

Sit åleine
Sidan han vart gripen har Breivik, som einaste norske fange, vore på avdeling for særleg høg sikkerheit, utan kontakt med andre fangar. Lippestad seier at Breivik ikkje kan sitte isolert for alltid og at han no ønskjer kontakt med andre innsette.

– Vi førebur eit søksmål mot staten ved justisdepartementet, seier advokaten til Dagbladet.

Han seier dei satsar på å levere søksmålet før påske.

– Den sentrale delen av søksmålet er at han i praksis framleis sit isolert, og at det no er på tide at det tek slutt. Vi ønskjer at domstolen skal vurdere om dette er i tråd med regelverket, seier Lippestad til Dagbladet.

LES OGSÅ: Breiviks forsvarstale lagt ut på Youtube

– Ei form for tortur
Advokatane til Breivik meiner soningsforholda er i strid med Den europeiske menneskerettskonvensjonens (EMK) artikkel tre, der det heiter at ingen må bli utsette for umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff.

– Langvarig isolasjon blir ei form for tortur, seier Lippestad.

Etter at Breivik vart dømt i august 2012 har han sendt mange brev til tilhengarar, presse og andre. Dette vart det slutt på i desember i fjor etter at Kriminalomsorga i eit vedtak slo fast at Breivik har prøvde å danne «en bevegelse som inkluderer ekstrem vold og terror som virkemiddel». (©NPK)