Borgar (28) var i ambassaden då det small

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Var i ambassaden då det small

Saka var først publisert i Hallingdølen. 

Ambassadesekretær Borgar Olsen Tormodsgard (28) var på jobb i ambassaden i den indonesiske hovudstaden Jakarta då terroristar slo til mot ein kafé og eit kjøpesenter torsdag.

På jobb i ambassaden
Den norske ambassaden ligg seks-sju kilometer frå Starbucks-kafeen og kjøpesenteret som fyrst vart råka av terrorangrepa. Tormodsgard og kollegaene i ambassaden opplevde ikkje dramatikken på nært hald då terroristar slo til torsdag føremiddag indonesisk tid.

– Me vart varsla av lokale om at det var eksplosjonar og skotvekslingar i byen. Situasjonen var uoversiktleg i starten, men me fekk ganske fort ei oppfatning av omfanget, seier han tre-fire timar etter at terrorangrepa starta.

LES OGSÅ: Fryktar ikkje radikalisering i Noreg etter Paris-terroren 

Hektisk arbeidsdag
Ålingen er ein av ti tilsette ved den norske ambassaden i Jakarta. Han kom dit som ambassadesekretær i august i fjor og skal vera der i tre år.

– Korleis har arbeidsdagen vore?

– Me merka ikkje det store trykket i starten, men det vart hektisk utover dagen. Mesteparten av det me har jobba med i dag har gått via Utanriksdepartementet i Oslo.

– Kom terrorangrepa uventa?

– Det har vore terrorangrep mange stader siste tida, så me kunne ikkje sjå bort frå at det kunne skje her også.

LES OGSÅ: Sterke reaksjonar verda over etter Paris-terror 

– Skremmande og ubehageleg
Internasjonale media opplyste torsdag at minst ti personar skal vera drepne i skotvekslingar, terrorangrep og sjølvmordsaksjonar i Jakarta i løpet av dagen. Indonesiske styresmakter opplyser at dei har sterk mistanke om at IS står bak, og at terroristane skal vera inspirert av IS-angrepa i Paris i november.

Ein utanlandsk statsborgar, fem sivile, ein politibetjent og fire terroristar/gjerningsmenn skal vera drepne i den indonesiske hovudstaden torsdag. Ingen nordmenn skal vera skadde.

– Kan du ferdast fritt, eller må du halde deg innandørs?

– Me kan bevege oss fritt, men må tenkje oss om kvar me ferdast. No er arbeidsdagen slutt, eg står på farten til å reise heim.

– Kjenner du deg utrygg?

– Det er litt skremmande og ubehageleg. For ein veit ikkje om eller når det kan skje nye angrep. Men ein kan ikkje tenkje for mykje på det. Eg kjem ikkje til å gå på kjøpesenteret i dag. Det blir ein roleg kveld inne.