Tema: landbruk, Jens Stoltenberg, Senterpartiet

– Bøndene og Sp tener på brotet

– Brotet i landbruksoppgjeret i vår vil gagna både bøndene og Senterpartiet på sikt, seier forskar og rektor ved Høgskulen for Landbruk og Bygdeutvikling.

Svein Olav B. Langåker
fredag 18. mai 2012 15.08

– Bøndene og Sp tener på brotet Partileiar Liv Signe Navarsete (Sp) og landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) vil truleg tena på brotet i landbruksforhandlinga, trur forskar og rektor Dag Jørund Lønning. FOTO: Sp

Dag Jørund Lønning ser brotet i landbruksforhandlingane som forpostfekting framfor neste års oppgjer. Då er det stortingsval, og då må Senterpartiet levera, og det kjem dei nok også til å gjera, ifølgje rektoren ved Høgskulen for Landbruk og Bygdeutvikling.

– Eg trur det er alt for enkelt å seia at brotet i jordbruksoppgjeret representerer spikaren i kista for den raudgrøne regjeringa, seier Lønning, og tilbakeviser dermed oppslaget i Dagsavisen onsdag, der fleire meiner at brotet i landbruksforhandlingane kan vera starten på slutten av det raud-grøne samarbeidet.

– Det er heller slik at det måtte koma eit brot no i år. Landbruksmelding tek til orde for auka matproduksjon utan å tydeleggjera korleis denne auken skal koma. Forventingane var veldig store på grasrota om at det som ikkje kom på bordet med meldinga skulle koma i første forhandlingsrunde etter at meldinga var lagt fram. For Senterpartiet og difor den raudgrøne regjeringa, var det nok viktig at brotet kom nettopp i år. Den politiske husken i folket vert stadig kortare. Det har me mange nyare døme på. Eit vellukka landbruksoppgjer med nøgde bønder i 2013 vil ha langt meir å seia for det raudgrøne prosjektet til valet neste haust enn eit brot i 2012, seier Lønning i ei pressemelding.

QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?

Han held fram med å peika på at det både for bøndene og Senterpartiet kan koma noko godt ut av brotet:

– Senterpartiet er nok i røynda på bøndene si side i denne saka. Det skal ein ikkje gløyma. Det er vener som forhandlar, og ein anar ein overordna strategi som vil gagna både bøndene og Senterpartiet på sikt. Kanskje tapte Senterpartiet den interne budsjettdragkampen om landbruket i år, men bondeopprøret gjev dei vektige argument overfor både Jens Stoltenberg og Sigbjørn Johnsen om å bla opp neste år dersom ein ønskjer ein ny raudgrøn valsiger. For bondeorganisasjonane handlar det om å ta grasrota på alvor no, samtidig som ein slett ikkje ønskjer den langt meir marknadsfokuserte landbrukspolitikken ein vil kunna få med Høgre og FrP etter valet i 2013. Me har difor følgjande situasjon føre landbruksforhandlingane neste vår: For det første har Landbruksdepartementet hatt eit år på seg til å omsetja landbruksmeldinga til politikk. For det andre har både bøndene, Senterpartiet og det raudgrøne prosjektet har alt å tapa på brot. At det og vil liggja meir i potten ligg nok i korta, seier Dag Jørund Lønning.

LES OGSÅ: Sparar lite på prisfall for bøndene

Lønning oppsummerer situasjonen før 2013 slik:

– Ved å seia frå seg nokre hundre millionar i år kan bøndene truleg ta inn langt meir neste år. Ved å framstå som ”tapande” i oppgjeret i 2012 kan Senterpartiet koma sterkt att som ”vinnar” i det politisk langt viktigare året 2013.

Kva meiner du skal til for å auka matproduksjonen til Noreg?


Oppdatert: fredag 18. mai 2012 15.20
Kommentarar 0

– Bøndene og Sp tener på brotet Dag Jørund Lønning er rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdenæringar. FOTO: HLB

 
ANNONSE: