Bøndene får meir å rutte med

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jordbruksinntektene ligg an til å auke med 827 millionar kroner frå 2014 til 2015. Knapt 600 millionar kroner kjem av rentenedgang. Det viser tal som i dag blei lagt fram av Budsjettnemnda for jordbruket (BFJ).

LES OGSÅ: – Skal sauehaldet gå frå gull til gråstein?

– Det er såpass låg rente at det gir stor reduksjon i utgiftene til den norske bonden. Det er kjempebra, seier Merete Furuberg, leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, til ABC Nyheter.

Bonden vil dermed sitte igjen med 337.700 kroner som lønn for eitt års strev i år, og til dekning av kapitalen bonden har bunde opp i bedrifta si. I fjor var inntekta per årsverk 310.800.

– Ser vi på effekten av jordbruksoppgjeret åleine, så er det så lågt som 7.500 kroner for gjennomsnittsårsverket. Og av dette kom det ikkje éi krone frå staten, men frå prisane, seier Furuberg.

Dei 26.900 kronene i forventa inntektsvekst i år, kjem før verknadene av den nye jordbruksavtalen som skal inngåast mellom staten og bondeorganisasjonane i vår. Nye prisar som blir avtalte der, vil gjelde frå andre halvår 2015. (©NPK)

LES OGSÅ: Her er Listhaug-protesten som fenger landet