≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: språk, språkrådet

Bokstaven Å er hundre år

Den siste bokstaven i alfabetet vårt vart offentleg godkjent i 1917.

NPK-NTB
måndag 13. februar 2017 14.13

Bokstaven Å er hundre år Bokstaven Å kan i år feire sitt 100-årsjubileum som ein del av det norske alfabetet. Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

– I 1917 var det ei stor rettskrivingsreform, og der blei det tilrådd at å blei brukt i staden for dobbel a, seier seniorrådgjevar Sturla Berg-Olsen i Språkrådet.

Det førte til at bokstaven å konsekvent blei tatt i bruk og erstatta aa i blant anna ordlister og skulebøker. 

– Men det tok litt tid før bokstaven blei tatt i bruk overalt. Blant anna heldt ein del aviser igjen, og brukte framleis aa. Aftenposten gjekk for eksempel ikkje over til å bruke å før i 1928, seier Berg-Olsen.

Etter 1930 er å i vanleg bruk, seier språkeksperten.

LES OGSÅ: Martin Ødegård banar veg for Ø

Danskane tek tilbake aa
Det var praktiske årsaker til at ein gjekk over frå aa til å.

 – Det var mange ord der det så litt rart ut med fleire a-er etter kvarandre. For eksempel finst det eit stad som heiter Håa. Det så litt merkeleg ut å skrive det Haaa. Det finst mange slike døme, seier Berg-Olsen.

Den doble aa-en kom frå dansk. 

– Det var liten eller inga skilnad mellom dansk og norsk riksmål før 1907. Frå 1907 kan vi snakke om riksmål som ei eiga norm separat frå dansk. Men før det hadde vi jo også eit eige norsk skriftspråk, landsmålet, som blei etablert på slutten av 1800-talet av Ivar Aasen. Også Aasen brukte aa, seier Berg-Olsen.

 På svensk blei å brukt i trykte tekstar allereie på 1500-talet. 

– Danskane heldt på aa heilt til 1948, først då innførte dei å, men du ser framleis ofte aa i dansk skriftspråk, seier Berg-Olsen og viser til byen Aarhus som eit eksempel. Her vedtok bystyret i 2010 at stavemåten skulle bli endra tilbake frå Århus til Aarhus. Også fleire andre danske kommunar har tatt Aa-staving tilbake i stadsnamnet.

LES OGSÅ: Unge sørlendingar droppar dei blaude konsonantane

Ei Å
Her heime er Å eit ganske så hyppig brukt stadnamn.

– Det er minst ti stader som heiter Å. Det er ingen andre stadnamn i Noreg som berre består av ein bokstav, seier Sturla Berg-Olsen.

Stadsnamnet Å har truleg si forklaring i at mange stader ligg ved ei elv – eller ei å.

Aahar fått ein renessanse med dataalderen, der å bli til aa om ein berre har tilgang til engelsk tastatur. Å-en kan heller ikkje bli brukt i e-postadresser, der blir den gjerne til ein a

– Derfor heiter då også Språkrådet sprakradet i våre e-postadresser. Vi skulle sjølvsagt ønskt at vi kunne hatt det korrekt stava, seier språkeksperten.

Eksklusiv bokstav
Å
-en er av den eksklusive sorten. Den finst ikkje i noko store språk. I tillegg til norsk, dansk og svensk, bli å-en berre i andre mindre språk som sørsamisk, lulesamisk og skoltesamisk – i tillegg til språket chamorro, som bli brukt på Guam og Marianene, og istroromansk som bli brukt i Kroatia. 

– Vi ser også at våre sære bokstavar æ, ø og å bli brukt i marknadsføring og namn på band. I utlandet signaliserer det noko eksotisk og kan minne om vikingar. I Frankrike har eg til dømes sett at dei har eit yoghurtmerke som heiter Fjord, men dei har slengt på ein strek over o-en, «Fjørd». Det ser jo ganske så merkeleg ut for oss, seier Sturla Berg-Olsen.


Oppdatert: fredag 17. februar 2017 13.35
Kommentarar

Bokstaven Å er hundre år
Far til landsmålet, Ivar Aasen, brukte sjølv aa. Foto: J. Sæthern, 1895


 
ANNONSE: