Boblande språkentusiasme

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg tykkjer det er synd med ting som går tapt, men eg går ikkje rundt og irriterer meg, forklarar Tor Erik Jenstad om dialektengasjementet sitt til Framtida.no.

LES OGSÅ: Frå Toro-kokk til heimelaga blogg

Boblande språkglede
Det er ein smørblid nordmøring, som lett kan forvekslast med ein trønder, som tek telefonen og får beskjed om at bloggen Moro med ord og uttrykk,er kåra til Vekas blogg.

Jenstad har eit levande engasjement for språk, som boblar gjennom telefonrøret, og som bloggen ber tydeleg preg av. Kanskje ikkje så rart, når han har vore redaktør for Norsk ordbok 2014 og no er konsulent i Stadnamntenesta i Midt-Noreg. I tillegg har språkforskaren frå Sunndal gjeve ut fleire bøker om dialekt, særleg trøndersk.

– Språkleg er me ei underavdeling av trøndersk. Ein viktig forskjell er at me seier ikkje, medan dei seier itsj, forklarar 57-åringen, som no er busett i Trondheim.

LES OGSÅ: Kårar verdas beste nynorske blogg

Vårt daglege ord
Bloggen er høgst levande. Kvar dag kjem eit nytt «Dagens ord». Andre spalter er: «Det muntre hjørnet», «Ord som forsvinn»og «Sagt på dialekt».

– Kva er det med dialekt som engasjerer slik?

– Dialekt har jo mykje med identiteten vår å gjera. Så er det noko som er i sterk forandring. Folk ser at ein del ting held på å gå tapt, og det skapar ei interesse, trur Jenstad, og peikar på den enorme interessa for Dialektriket, som gjekk på NRK1.

Jenstad ville starta eit forum for dyrking av den gode dialektglosa. Slik vart bloggen fødd i 2012, med god hjelp av biletredaktør Unni Ulltveit og Kristian Voldheim.

Saka fortset under biletet.


Tor Erik Jenstad likar dialektord som skildrar ting i naturen. Foto: Privat

Ein grøn mann
– 
Kvifor bloggar du?

– Eg bloggar primært for å formidle kunnskap om fagfeltet mitt, først og fremst om ord og uttrykk.

– Kva har du lært sidan starten?  

– Først og fremst har eg lært ein del om tekniske ting, som å laste opp bilde med meir. Men også om kva som gjer seg i dette formatet, om å linke til andre nettsider etc.

– Kva er dine beste tips til andre bloggarar?

– Eg er såpass grøn på dette området at eg neppe har særleg å lære bort. Eg legg i alle fall ut på Facebook når det er eit nytt innlegg, og får nok ein del ekstra klikk på den måten, trur nordmøringen.

Dei mest populære spaltene på bloggen er «Rakkelspørsmål» og «Kor er dette», altså dei som inviterer lesaren med.

Rauvalykkjyll
Elles finn bloggaren ein del informasjon hjå diverse Facebook-grupper som dyrkar dialekt.

– Kva er dine topp tre dialektuttrykk?

– Topp tre dialektuttrykk ja, det varierer nesten frå dag til dag, for eg er innom så mykje. Men la meg prøve:

1. Rauvalykkjyll (Sunndalsuttrykk for unge som diltar i hælane på deg heile tida).

2. Landmon (forskjell på snømengde mellom kyst og innland).

3. Vedbju – snø som ligg og tyngjer greinene på trea (vakkert ord frå Nordmøre og dels Sør-Trøndelag).

Dei kjekkaste tilbakemeldingane språkentusiasten får, er når lesarane kjem med nye opplysningar. Som når han fekk vete at skitstol var i bruk i eit større område enn berre Trøndelag. Skitstol er ikkje så gale som det kan høyrast ut, det er nemleg ein høg stubbe som blir ståande att når ein har felt eit tre. Slike hadde dei på Nordmøre òg.

Kjipe tilbakemeldingar har han ikkje fått. 

– Det er jo relativt ukontroversielle ting, meiner bloggaren.

Faktaboks

Verdas beste nynorske blogg

• Kvar veke ut 2014 kårar Framtida, i samarbeid med Noregs Mållag og Norsk målungdom vekas nynorske blogg.
• Når året er omme vil ein av desse kunne smykke seg med tittelen «Verdas beste nynorske blogg» og få ein pengepremie på 10.000 kroner.
• I juryen sit Synnøve Marie Sætre (Norsk målungdom), Kjartan Helleve (Noregs Mållag) og Svein Olav Langåker (redaktør i Framtida)
• Publikum kan nominere bloggar så lenge kåringa føregår.