«Boblande litteratur»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det finst teikneseriar av mange slag, men jamvel om mangfaldet er stort, kan det vera vanske­leg å oppdaga det. Av nynorske teikneseriar kjenner mange berre til gamle travarar som Hårek og Vangsgutane. Men dei gode og moderne nynorske teikneseriane finst, dersom du veit kva du skal leita etter.

Teikneseriebøker
Dei siste åra har det kome ein del nynorske teikne­seriar i bokform, ofte sokalla grafiske romanar.­ Distribusjonen i bokhandlar gjer at desse titlane­ gjerne er lettare å få tak i enn teikneseriane som kjem ut som hefte. Til dømes har Samlaget gjeve­ ut Rekrutten, som er ei teikneserie­utgåve av den fyrste­ boka i den populære spionserien Cherub, og Soga om Olav Sleggja, ein teikneserieroman frå vikingtida av Øystein Runde. Ein annan Runde-teikneserie som finst i bokform, er Bjartmann, ei samling med teikneseriar om ein superhelt med meir krefter enn vit. Og etter femten år borte frå teikneserieverda gav Jens K Styve i fjor ut boka JensK sesong 1.

Teikneserien Goliat av Tom Gauld fortel soga om David og Goliat. Forteljinga vert sett frå synsvinkelen til Goliat, som syner seg å vera ei fredsæl kjempe som helst vil driva med administrativt arbeid. Ein annan god omsett teikneserie er den Pulitzer-vinnande klassikaren Maus. Der fortel Art Spiegelman to parallelle historier. Den eine er forteljinga om korleis Vladek Spiegelman, far til Art, vert råka av jødeforfølgingane i Polen og nær drepen i Auschwitz. Den andre forteljinga er om Art Spiegelman sjølv og arbeidet hans med å skriva ned og laga teikneserie av augevitne­skildringane til faren. For nokre år sidan kom det ut ei samla bokutgåve på Cappelen Damm, medan ei eldre utgåve ligg tilgjengeleg i den digitale bokhylla til Nasjonalbiblioteket: Maus

Antologiar
Mange antologiar har nynorskinnslag. Det vesle forlaget Überpress gjev til dømes ut ein serie med antologiar, der kvart hefte har eit tema. Übermaritimt har teikneseriar om havet, Über-fantasy har fantasy-teikneseriar, Über-western har … ja, du skjønar. Kvart av hefta har ein stor del nynorske teikneseriar. Ein annan antologi som ofte har nynorskinnslag, er Forresten, som vert gjeven ut av Jippi forlag.

Norsk Barneblad
Ein kjem ikkje utanom Norsk Barneblad når det er snakk om nynorske teikneseriar. Mange veit at dei gjev ut jolehefta med Smørbukk og Tuss og troll, men ikkje like mange veit at bladet er ein av dei viktigaste formidlarane av norskproduserte teikneseriar for born. I kvart nummer av Norsk Barneblad kan tingarane lesa mange sider med nye, nynorske teikneseriar – både humor- og dramaseriar – for born og ungdomar.

Teikneseriar på nett
For å letta tilgangen til nynorske teikneseriar har Nynorsksenteret utvikla eigne ressurssider om teikneseriar: nynorsksenteret.no/teikneseriar/. På sida ligg det ute ei stor mengd titlar som høver for ulike aldersgrupper. Kvar serie kan lesast på skjerm, men finst òg som PDF til utskrift. Her kan du dessutan læra korleis du kan laga teikneseriar sjølv.

Først publisert på bloggen https://iver.nynorsksenteret.no/