≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Nynorsk, Internett

Bloggar er Årets nynorskbrukar

Bloggaren Linda Sæbø er Årets nynorskbrukar.

Svein Olav B. Langåker
tysdag 29. mars 2011 11.37

Bloggar er Årets nynorskbrukar

Bloggaren Linda Sæbø (38) i Stavanger er Årets nynorskbrukar 2011. Ho får prisen for utviklinga av bloggen ”Den gode feen” til ein viktig stad på Internett, og for innsatsen med å gjere det like sjølvsagt å skrive interiørstoff på nynorsk som det er å skrive om kunst, historie og politikk, seier styret i Nynorsk kultursentrum i si grunngiving for tildelinga. Prisen er på 50.000 kroner og blir delt ut under opningshøgtida for Dei nynorske festspela 23. juni.

Geolog med interiørblogg
– Eg er ubeskriveleg glad, seier prisvinnaren.

– Det har vore sjølvsagt for meg å skrive nynorsk, og det har eg ønskt å gjere på min måte, seier Linda Sæbø. Kvar dag er 3000–5000 lesarar innom bloggen hennar. Sæbø er frå Halsnøy i Sunnhordland og bur i Stavanger der ho arbeider som geolog i Statoil. Ho er cand.scient. frå Universitetet i Bergen i 1998.

Bloggen har Sæbø skrive sidan 2003, og det var nokså tilfeldig at ho blei ein bloggar.

– Vi var nokre jenter som hadde dagleg kontakt i eit handarbeidsforum, og vi fann ut at på bloggar kunne vi syne fram litt av det vi hadde laga. Den gongen var blogg veldig nytt, og eg heldt den hemmeleg den første tida. Å skrive blogg er ein hobby, men eg oppdaterer nettstaden fleire gonger i veka, seier Linda Sæbø.

Ein kulturpolitisk pris
– Dette er ein kulturpolitisk pris, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. – Interiør og familieliv har vore eitt av dei sterkaste domena for bokmål, og språkpresset i Stavanger-regionen er formidabelt. Då kjem kvar einaste nynorskbrukar på Internett godt med. Hulda Garborg skreiv om interiør i vekebladet For Bygd og By på 1920-talet, andre følgde opp i Nynorsk Vekeblad i 1930- og 40-åra, og litt fanst i Dag og Tid i 1960-åra. I åtte år har Sæbø skrive om interiør og familieliv på nynorsk, og det har ho gjort utan førebilete frå ei vekepresse som behandlar nynorsk som eit framandspråk, seier Grepstad i ei pressemelding.

LES OGSÅ: hjartesmil
    
Den fremste nynorskprisen    
Det er 12. gongen Nynorsk kultursentrum kårar Årets nynorskbrukar. Prisen blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.


Oppdatert: tysdag 29. mars 2011 12.33
Kommentarar

Bloggar er Årets nynorskbrukar


Faktaboks

Årets nynorskbrukar 2000–2011

2000  Høgsterettsdomar Karl Arne Utgård
2001  Hotelldirektør og visepresident i NHO Gerd Kjellaug Berge
2002  Ringstabekk skole, Bærum
2003  Redaktør Martin Toft
2004  Musikkgruppa Side Brok
2005  Forfattar Kjartan Fløgstad
2006  Forretningskvinne og toppidrettsutøvar Kari Traa
2007  Forlagsredaktør Guri Vesaas
2008  ÅmliAvisa v/redaktør Inger Stavelin
2009  Seksjonsoverlege Ottar Rekkedal
2010  Forfattar Maria Parr
2011  Bloggar Linda Sæbø

 
ANNONSE: