Bles liv i gamle tradisjonar

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi har fått mange førespurnader om brygging og malting. Både dei store bryggeria, mikrobryggeria og heimebryggarar etterlyser råstoff med lokal tilknyting og historie. I dag er dette vanskeleg å skaffa fordi nesten alt råstoffet vert importert. Difor ville vi gjerne arbeida saman med bransjen for å få ny kunnskap om korleis ein kan produsera og bruka norske råvarer. Og sikra at dei får god nok kvalitet, seier Ragnar Eltun, forskings- og avdelingsleiar ved NIBIO si avdeling på Løken i Valdres i ein artikkel frå NIBIO.

LES OGSÅ: Lagar britisk øl på nynorsk: – Det er sexy

Ikkje vore tilgjengeleg sidan 1980-talet
Dei skriv vidare at eit auka fokus på kortreist mat og drikke og kunnskap om råvara sitt opphav, gjer at mange bryggeri i Noreg no gjerne vil ha norske råvarer for å produsera tradisjonsrikt øl med lokal tilknyting, historie og smak.  Det har likevel ikkje vore mogleg å oppdriva norske råvarer som malt til ølbrygging sidan 1980-talet, med unntak av i nokre miljø i Trøndelag og på Vestlandet. Også kunnskapane om malting er i ferd med å smuldra bort her i landet. Det same gjeld for dyrking av humle og bruk av norske urter som smakstilsetting i ølet.

16 større og mindre bryggeri tek del i prosjektet – mellom anna mikrobryggeriet Nøgne Ø og storprodusentane Ringnes, Mack og Aass. 

LES OGSÅ: Humla godt øl til Festidalen