Beviset på ein ulovleg demonstrasjon

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hengde opp to sløyfer – fekk mann i fengsel

25. august 1942 hengde to elevar ved Gjøvik skole opp to sløyfer i raudt, kvitt og blått i klasserommet i protest mot Nasjonal Samling. Saka vart meld, og i arkiva frå Vestoppland politikammer har sløyfene lege ved saka i over 70 år etter at det fekk ein mann i fengsel og truleg skremde eit heilt skulemiljø.

Under krigen var dei norske fargane raudt, kvitt og blått forbunde med sivil motstand. Som dei fleste har lært på skulen, freista den tyske okkupasjonsmakta å kontrollera bruk av nasjonale symbol som flagg og flaggfargar på klede og dekorasjonar.  

Den 25. augusten 1942 hengde to gymnaselevar ved Gjøvik skule opp to sløyfer i nasjonalfargane raudt, kvitt og blått i klasserommet, fortel Arkivverket på nettsidene sine.

Sløyfene var laga av kreppapir. Ifølgje politirapporten fann elevane papiret i kateteret. Foto: Arkivverket

Politiet rykte ut for å finna ut av kven som hadde festa dei to sløyfene til høvesvis kateter og vegg. Det vart utarbeidd ei skisse over rommet, slik at me i dag kan sjå kor sløyfene var festa. Etter avhøyr vart lektoren sett i varetektsfengsel. Då politiet kom for å avhøyra elevane dagen etter, tilstod to av elevane. I sakmappa kan me lesa avhøyra, og det framgår at lærarane og elevane i klassen var motstandarar av Nasjonal Samling. Unntaket var ein elev som var NS-medlem. Dei to elevane som hadde hengt opp sløyfene i raudt, kvitt og blått, blei utvist frå skulen. Ein månad etterpå vart saka lagt vekk, og lektoren vart lauslaten 23. september 1942 .

Politidokumenta viser ein del av den lange armen til okkupasjonsmakta, og gjev eit glimt inn i tilhøva under krigen. Ifølgje Arkivverket finst det fleire slike historier i arkiva, men bevismaterial finst normalt ikkje i dei melde sakene hos politiet.

Det kan elles nemnast 17. maitog òg vart rekna som demonstrasjonar.

LES OGSÅ: Trur folk treng å forstå og læra av krigen