≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Lærarutdanning

Berre fire av ti ferske lærarar får rettleiing

Éin av tre lærarar sluttar før dei har vore fem år i jobben. For Isabelle Trondsæter er det ein tryggleik å ha nokon å snakka med.

Andrea Rygg Nøttveit
måndag 13. februar 2017 08.42

Berre fire av ti ferske lærarar får rettleiing – Det er veldig travelt. Ofte må eg velje om eg skal bruka pausen til å ete eller gå på toalettet, då må ein gjerne prioritera det siste, smilar lærar Isabelle Trondsæter. Foto: Andrea Nøttveit.

– Kva kan eg forventa av deg? spør lærar Isabelle Trondsæter.

– At eg ikkje snakkar, ler eleven.

Læraren poengterer at det berre gjeld snakking når han ikkje har handa i vêret.

– For eg diggar at du snakkar når du rekk opp handa, smiler ho.

Klassen ler.

Det er samfunnsfag og elevane på tredje trinn lærer om forventningar og korleis det påverkar dei.

Taus kunnskap
Isabelle Trondsæter er ei av dei som har kjent kallet til læraryrket. For 24-åringen svara arbeidskvardagen til forventningane, sjølv om ho erkjenner at praksissjokket var stort.

– I utdanninga vart me godt budde til å vera ein tydeleg klasseleiar, men eg skulle ynskja me lærte meir om alt rundt. All den tause kunnskapen som ligg i veggane, seier Trondsæter.

Då tenkjer ho spesielt på det ho kallar papirmølla, med lover, forskrifter og vedtak; kva elevane har krav på og korleis samarbeida med andre instansar.

Isabelle Trondsæter tykkjer praksisen i lærarutdanninga førebudde ho godt til kvardagen i klasserommet, men skulle gjerne lært meir om alt rundt. Foto: Andrea Nøttveit
Isabelle Trondsæter tykkjer praksisen i lærarutdanninga førebudde ho godt til kvardagen i klasserommet, men skulle gjerne lært meir om alt rundt. Foto: Andrea Nøttveit

Rettleiing gjev trygge lærarar
24-åringen var ferdig utdanna grunnskulelærar for 5.-10. trinn frå Høgskulen i Bergen, våren 2015. Etter eitt og eit halvt år er ho framleis overtydd om at valet om å følgja lærarkallet var riktig.

Men for mange vert møtet med arbeidskvardagen for tøff. Éin av tre nyutdanna lærarar sluttar innan fem år.

I 2009 skreiv Kunnskapsdepartementet og KS (tidlegare Kommunenes Sentralforbund) under på ein intensjonsavtale for barnehage og skule. Denne vart i 2014 erstatta av kvalitetsavtalen. Eit av tiltaka er å jobba for at alle nytilsette pedagogar skal få rettleiing.

I Rambøll-rapporten (pdf) frå 2016 svarar seks av ti nyutdanna at dei opplevde overgangen frå utdanning til yrke som eit sjokk. Evalueringa viser at rettleiing bidreg til å gjera nyutdanna trygge, medvitne og reflekterte. Slik får dei sjølvtillit og motivasjon til å dela av kunnskapen sin med resten av lærarane.

Men berre fire av ti får rettleiing. 45 prosent av desse får rettleiing annakvar månad eller sjeldnare. Difor føler Trondsæter seg heldig.

– På studiet fekk me høyra at me hadde krav på eitt år med rettleiing, men fåtalet av dei eg studerte med får rettleiing, forklarar ho.

«Ikkje gi meg ein lærar som ikkje kan læra», skriv Anders Veberg i denne kommentaren.

Travel kvardag
På pauserommet på Reier skole i Moss får den nyutdanna læraren akkurat tid til eit knekkebrød før undervisninga startar att.

– Det er veldig, veldig travelt. Ein skal læra og gjera mykje, særleg dei første åra. Nokon seier det tek fem år å koma inn i rutinane. Dette er ikkje ein jobb for alle, men det å ha ein ventil kan vera ein forholdsregel for at fleire blir i jobben. Det er godt å ha ein person å spørja om ting, seier Trondsæter.

Ho trivst godt på Reier skole og håpar å få følgja dei 27 elevane på tredje trinn heilt til ungdomsskulen.

Nyutdanna Isabelle Trondsæter har vore i læraryrket i eitt og eit halt år og synest det er godt å kunne snakke med rettleiar Astrid Nielsen Eliassen.
Nyutdanna Isabelle Trondsæter har vore i læraryrket i eitt og eit halt år og synest det er godt å kunne snakke med rettleiar Astrid Nielsen Eliassen. Foto: Andrea Nøttveit

Elevar, foreldre og samarbeid
Ved byrjinga av skuleåret bestemte skuleleiinga ved Reier skole at alle nyutdanna og nytilsette skal få rettleiing. Målet er at alle nyutdanna skal få éin til éin samtale kvar tredje veke.

Lærar ved Reier skole, Astrid Nielsen Eliassen, har eit halvt års vidareutdanning i rettleiing. Ho forklarar at alle ho er rettleiar for gjev uttrykk for eit slags praksissjokk.

– Det handlar ofte om kva ein skal gjera med elevar med utfordringar, klassemiljø og korleis ein skal møte foreldra. Ofte dreier det seg om samarbeidsproblem, seier Eliassen.

Ho er med i styringsgruppa for Veiledningsnettverk Østfold. Utdanningsnytt fortalte i fjor om nettverket, som har vorte til ei varig løysing. Tre gongar i året møtest rettleiarar frå heile fylket til seminar.

Pedagogstudentene krev endring
Eliassen er ikkje i tvil om at rettleiing av nyutdanna er eit viktig verkemiddel for at folk skal bli i jobben. Her er ho heilt på bølgjelengde med Pedagogstudentene, som krev ei nasjonal rettleiarordning.

– Rettleiinga betrar overgangen til yrkeslivet og bidreg til å utvikla gode lærarar. Det er difor uakseptabelt at ordninga framleis er så lite utbreidd, uttaler leiar Silje Marie Bentzen på Pedagogstudentene sine eigne nettsider.

23. februar skal Stortinget behandla eit forslag om ei slik nasjonal ordning.

Les meir fleire saker om lærarutdanning her!


Oppdatert: torsdag 16. februar 2017 17.52
Kommentarar



 
ANNONSE: