Berre éin av tre vil ha olje i LoVeSe

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 02.02.2022 17:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei største partia på Stortinget – Ap, Høgre og Frp – har alle programfesta at dei ønskjer ei konsekvensutgreiing av mogleg oljeutvinning i havområda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja (LoVeSe), men SV, Sp, KrF og Venstre har så langt stilt seg i vegen.

Ei fersk spørjeundersøking som Respons Analyse har utført for Aftenposten, viser småpartia har fleirtalet med seg:

43 prosent svarer at dei er negative til konsekvensutgreiing

34 prosent er positive

I Nord-Noreg er motstanden på heile 57 prosent.

Også ei undersøking som Sentio gjorde for Klassekampen før nyttår viste eit klart fleirtal mot oljeboring i havområda.

– Oljebransjen og andre som meiner det er viktig med konsekvensutgreiing, har vore for lite aktive i debatten og i for stor grad overlate arenaen til dei som er mot, seier leiar for Norsk olje og gass, Karl-Eirik Schjøtt-Pedersen til Aftenposten som forklaring på den labre støtta blant folket.

Spørsmålet om oljeboring i LoVeSe ligg an til å bli eit heitt tema også i årets i stortingsvalkamp.

LES OGSÅ: Stor motstand mot oljeboring i nord