Berre éin av fire utnyttar BSU

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lukka smiler til Trine Espelid og Jan Morten Dvergsdal. Dei er nygifte, nettopp ferdige med studia sine og har nyleg kjøpt seg bustad på Danmarksplass.

– Det er deileg å sleppe å betale kvar månad til nokre framande i staden for å investere i noko eige, seier Trine og merkar nokre esker som skal vere med i flyttinga.

Høg eigenandel
Bustadsparing for ungdom (BSU) er ei ordning som gjer det både rente- og skattemessig gunstig for unge å spare pengar til bustad. Ordninga har eit sparingstak på 20 000 kroner i året, og 150 000 kroner totalt.

Ei undersøking gjort av Synovate for DnB NOR viser likevel at berre éin av fire unge sparar 20 000 kroner eller meir i året.

Vidar Korsberg Dalsbø, kommunikasjonsrådgjevar i DnB NOR, går likevel inn for å auke grensa for der mykje ein kan spare i BSU. Ei av årsakene til dette er at det etter finanskrisa vart stilt krav om at alle som kjøper bustad må ha ti prosent i eigenkapital.

– Når eigenandelen på bustadkjøp ofte ligg opp mot to til tre hundre tusen kroner må ein spare resten på andre måtar, seier Dalsbø, som gjerne vil ha eit maksbeløp på 300.000 kroner.
Sparing er einaste utveg

Hevingsforslaget frå DnB NOR får støtte frå fleire større bankar, i tillegg til alle dei politiske ungdomspartia. Blant dei er Henrik Asheim, leiar i Unge Høgre.

– Vi synest det er bra at ungdom sparar til bustad. For mange vil ikkje grensa bli nok, men det er ikkje noko gale i å gjere det meir attraktivt å spare til bustad, seier Asheim.

At ikkje alle har råd til å spare, trur ungdomspolitikeren det er lite å gjere med. Han peikar på at ein kan freiste å få ned bustadprisene.

– Alle er samde i at ein ikkje kan prisregulere meir. Den tida er forbi, siar Asheim.

Om forslaget får gjennomslag er førebels uklart. Det er opp til Finansdepartementet.

– I kva grad BSU-ordninga skal utvidast ytterlegare, er eit budsjettspørsmål som må vurderast i samband med den årlege budsjettprosessen, seier Eva Karin Dahle Rabben, senior kommunikasjonsrådgjevar i Finansdepartementet.

Pengane går til mat
Tilbake i flyttekaoset fortel Trine og Jan Morten at dei hadde ingen eigenkapital, og måtte difor få foreldra til å steppe inn som kausjonistar. Jan Morten er klår på dei aldri hadde klart å spare opp eigenandelsbeløpet sjølv.

– Det er nestan umogleg å kjøpe bustad viss ikkje ein har ein rik onkel i Amerika, seier han.

Både Trine og Jan Morten har ein BSU-konto. På Trines konto står det 7000 kroner. På Jan Morten sin står det 50 øyre.

– Vi har ikkje hatt høvet til å spare fordi vi ikkje jobba ved sida av studia. Eg vart tilrådd av skulen å ikkje ta meg jobb fordi studiet var såpass krevjande, seier Trine, som er nyutdannet sjukepleier.

Begge jobba seg gjennom sommerferiane, men dei pengane gjekk til mat og andre nødvendige ting.

Nytt kapittel
1. oktober er overtakingsdatoen for den nye leilegheita, og Trine, Jan Morten og hunden Max startar då på eit nytt kapittel i livet.

– Vi har tenkt på å kjøpe lenge, men no som begge er i jobb har vi eit mykje betre utgangspunkt for å betene eit lån, forklarar Jan Morten.

Bustaden dei har kjøpt betalte dei to millionar for så utgiftene blir på ca 10 000 i månaden, noko som er overkommeleg med to inntekter.

– Det er deileg å ha noko som er ditt eige. Eg har leigd i fem år, og ein kan ikkje eksempelvis male stova. I tillegg blir følt det bra å ha investert i noko, og at ein har vore lite smart, gliser Trine.

LES SAKA I STUDVEST (på bokmål)!