≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: FN, språk

Berre 20 snakkar dette språket

Dette språket er nærmast undergangen i Noreg.

Svein Olav B. Langåker
tysdag 21. februar 2012 13.53

Berre 20 snakkar dette språket Knut Sivertsen frå Beiarn. FOTO: Norbert Kiss/Wikimedia Commons

Tysdag 21. februar markerer Unesco morsmålsdagen. Dagen blir markert for å fremja språkleg og kulturelt mangfald og fleirspråklegheit.

Det minste og mest utryddingstruga språket i Noreg er pitesamisk. 

Ikkje meir enn 20 personar i Norrbotten og grensestroka mellom Noreg og Sverige i Nordland snakkar framleis pitesamisk, går det fram av Unescos språkatlas.

– Pitesamisk ein del av eit kontinuum av dialektar der skiljelinjene for det meste går (sør)aust-(nord)vest oppover gjennom Noreg og Sverige og i ei vifteform vidare nord og aust på Nordkalotten. Mot sør grensar pitesamisk mot umesamisk og mot nord mot lulesamisk, skriv Øystein A. Vangsnes i denne bloggposten på Forskning.no. Han meiner det er kring 30 personar som snakkar pitesamisk.

Der står det elles å lese at alle dei samiske språka er å rekne som utryddingstrua. Skoltesamisk, sørsamisk og lulesamisk har mellom 300 og 2.000 brukarar, mens rundt 30.000 menneske snakkar nordsamisk på Nordkalotten.

Av dei rundt 6.700 språka i verda er norsk blant dei 100 største.

Les meir om pitesamisk på pitesamisk.no!


Oppdatert: laurdag 25. februar 2012 23.06
Kommentarar



 
ANNONSE: