– Bergensarane er suverene på fest

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndags morgon: Frode Grytten står ved kassa på Tanum på Egertorget i Oslo. 17. mai-boka han har skrive tekst til står utstilt på disken.

Oslo-mann stansar opp og glor: – 17. mai i Bergen?? Er det en bok dere selger mye av, eller???

Butikkdame: – Ja, faktisk ganske bra.

Mann: – Hmmm ….

Frode Grytten tek opp mobilen og tekstar scena til Framtida kort tid etter at han har vorte intervjua.

LES OGSÅ:Vil ha norske jordbær på 17. mai

Flaggdag
På ein skala frå ein til ti, der ti er veldig entusiastisk for nasjonaldagen, plasserer Grytten seg på ein toar.

Han er ein kvardagens mann frå Odda. Bergensarane, som han har delt by med sidan 1979, er på si side glade i fest og leven.

– Det er ein karnevalaktig fest. Det er noko fint med alle som har lyst å visa seg på sitt beste, som har teke seg tid med å kle seg ut i kostymet sitt. Institusjonar som skular og barnehagar kjem ut og viser framsida av medaljen. Då spelar det ikkje så stor rolle kva eg synest, seier Grytten, som er lunken til feiringa, men likevel set pris på det store mangfaldet.

Nettopp dette har inspirert ei av dei etter kvart så mange Twitter-novellene frå Odda-poeten:

Vift med alle flagg.

Norge er i raudt, kvitt og blått.

Verda er i fargar.

Bare rasistane er i svart og kvitt.

Vift med absolutt alle flagg.

LES OGSÅ:Det vi står for

Dei nye bunadsfotografane
Dette folkelege karnevalet i Noregs nest største by har fotografane i kollektivet Moment laga bok av. Dei siste to åra har dei sett opp eit mobilt fotostudio midt på Torgalllmenningen i vestlandshovudstaden og foreviga feststemte menneske på nasjonaldagen. Resultatet er ei praktbok med alt frå statsministeren til cosplay-entusiastar, utgiven på SKALD forlag.

– Bergensarar er seg sjølv like. Dei er snurrelege, sjølvhøgtidelege og pompøse, samstundes som dei er sjølvironiske. Dei har ein snert, som ikkje er så lett å sjå utanfrå, meiner Grytten, som har bidrege med sitt språklege blikk på det heile.

Då fotografane han deler kontor med stakk hovudet inn og spurde om Grytten ville bidra med tekst, sa ikkje Grytten noko om sitt noko lunkne forhold til dagen.

– Dei spurde ikkje om det, smilar han litt lurt.

– Det var to dagar i Odda som var veldig like: 1. og 17. mai. Eg  veit ikkje kor gamal eg var då eg skjøna at det var forskjell på dei to, og at det ikkje var slik alle andre stader.

LES OGSÅ:Vilt og uendeleg interessant

Mannen på Mannsåker
Det var pølser og rømmegraut – tog og leikar. Det viktigaste for ungane var – då som no – å få tak i pengar for å kjøpa snop. Og få dei til å rekkje lengst mogleg. Andre igjen, sparte på kronene.

– Ganske fjollete, når ein fyrst hadde sjansen til å få i seg litt sukker, tykkjer forfattaren.

Framtida møter han på Kaffistova i Oslo for ei mimrestund. Han er kledd i dress, nesten slik han plar pynta seg til nasjonaldagen.  

Han minnast ein skandaløs 1. mai i Odda for nokre år tilbake. Alt gjekk gale. Flyet med talaren kunne ikkje landa på grunn av skodde. Korpset streika fordi dei hadde vorte flytta til nye lokale. «Internasjonalen» måtte difor spelast av på cd-spelar. Og då fotografen frå lokalavisa skulle ta bilete, verka ikkje spelaren. Det vart nesten slagsmål. 16-17 stykk hadde møtt opp og ryktet om arbeidarsamfunnet si mislukka 1. mai-feiring gjekk verda rundt.

17.mai-feiringane i Odda har ikkje sett lika djupe spor, men noko sit att.

Kvart år viste dei Odda-filmen, ein sosialdemokratisk propagandistisk film frå 60-talet med forteljarstemme av Jarle Høysæter. Etterpå fekk dei sjå teiknefilmar som «Tom & Jerry», eller liknande animerte figurar som gjekk laus på kvarandre.

– Viser dei Odda-filmen enno?

– Får ikkje håpa det. Eg tykte det var ganske skummelt. Det var musikk av Geir Tveitt. Veldig pompøse komposisjonar. Det var underleg og rart å sjå film av ein gamal mann som gjekk på Mannsåker til den musikken. Det var nok meir skremmande enn oppbyggjeleg, meiner forfattaren.

LES OGSÅ:– Dagens russ er for snille

Byfesten
Russefeiringa var heller ikkje noko å skriva heim om. Grytten hugsar det som eit einaste stort fylleslag han ikkje tykte noko om. Men den første 17.mai-feiringa som student i Bergen gjorde inntrykk.

– Eg tykte det var overraskande at det var så valdsamt og intenst. Det er ingen fridag, dei byrjar allereie tidleg om morgonen. Eg var student så eg var seint oppe og gjekk inn til byen, der var det alt anna enn stille, seier Grytten, som likar seg best i suburben, der det er rolegare og mindre folk.

Ein kan gå tur i områda rundt byen nesten utan å møta ei einaste sjel.  

– Eg er ikkje så glad i 17. mai. Eg tykkjer det er ein vanskeleg dag. For korleis skal ein visa kjærleik til ein nasjon? Kva er poenget? Eg er ein kvardagens mann, ein måndagsmann. Det vert for valdsamt, konkluderer Grytten.

Han er ikkje åleine om å finne feiringa overveldane. Grytten fortel om den svenske Moment-fotografen, som vart positivt overraska over skalaen og intensiteten på den norske feiringa.

– Bergensarar er morosame. Når det kjem til fest og feiring er dei suverene, men dei er ikkje noko gode på kvardagar. Det jamne arbeidet bryr dei seg ikkje om, smilar innflyttaren, som faktisk budde sine tre første år i Bergen og samla sett har budd der vesentleg lenger i Bergen enn i Odda.

17.mai-entusiast eller ei – han set pris på retninga den norske nasjonaldagsfeiringa har teke.

– Eg ser poenget med å ha ei 17.mai-feiring. Særleg etter krigen då det var ein viktig politisk og symbolsk dag. Og det uttrykket feiringa har fått i Noreg tykkjer eg er vakkert. Det er noko fint med at det har vorte borna sin dag. Han har fått eit fredeleg uttrykk som er veldig flott. Det eg tykkjer er spesielt fint er dei lokale markeringane etterpå rundt om på skular og i lokalsamfunn. Desse er viktige for å sveise folk saman, sjølv om det kan vere litt kleint. Særleg om det regnar og alle helst vil heim. Det er ikkje så mange slike møtestader att.

LES OGSÅ: Maratonintervju med Grytten

Melankolske ishockeynasjonar
– Har du stilt opp på potetsekkeløp og liknande?

– Nei, Gud forby. Det har eg heldigvis klart å lure meg unna. Men eg får stadig spørsmål om å halde 17.mai-tale. Ein gong sa eg ja, eg trur det var på Øystese. Eg snakka om ishockey. Det var ein svensk poet som heiter Bengt Berg, som ein gong forklarte korleis alle nasjonar som er gode i ishockey har eit vemod og svartsinn. Det er land som Sverige, Finland, Canada og Russland.  Han forklarar det slik at puken er svart vemod som vert skyfla fram og attende på banen. Noreg er ikkje så vemodige, difor er me ikkje gode i ishockey. Men den samanlikninga passa betre før.

Talen var ikkje nokon suksess, for publikum forsvann fort og lydlaust. Truleg er publikum meir entusiastisk for talande festportrett enn smale ishockeypoet-referansar.

Grytten rosar fotoprosjektet og kunne godt tenkje seg ein måndagsversjon, der folk på ein heilt vanleg kvardag vert henta inn frå gata og får fritt spelerom som fotoobjekt i eit provisorisk studio.

Han likar det autentiske uttrykket og dialogen som oppstår når Oddleiv Apneseth og dei andre fotografane har latt heilt vanlege folk posere som dei vil i studio. I bunad eller andre kostymer.

Forsvinningsnummer
– Du har ikkje bunad du då?

– Nei. Eg er ein mann utan bunad frå Hardanger. Eg har gått i bunad ein gong, men det var berre som ein spøk. Det er eit rart forhold mellom Odda og resten av Hardanger. Hardanger har vore meir tradisjonelle, medan Odda har vore meir internasjonale. Bunad vart kanskje sett litt på som noko konservativt og gammalmodig.  Medan Odda er litt meir internasjonale. Men eg likar bunad, eg. Det er staseleg og fint. Men somme tider er det greitt å forsvinna i ein dress, seier han.  

Faktaboks

17. mai – Bergen

Fotobok utgiven på SKALD forlag
Fotografane Knut Egil WangHelge SkodvinEivind H. Natvig Chris MaluszynskiMartin von Krogh Johan Bävman og Oddleiv Apneseth frå Moment Agency hart teke bileta på 17. mai i Bergen 2013 og 2014.
Tekst av Frode Grytten
Design av Rune Døli