Bendik håpar å unngå oksygenmaske på konsert

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Møt kvinna bak Bendik

Saka var først publisert i Studvest. 

Då Silje Halstensen starta som soloartist valde ho Bendik som pseudonym med eit ønskje om at det var musikken som skulle bety noko, ikkje kva kjønn som stod bak. Seinare har Bendik blitt band, og no har karrieren byrja å ta fart.

– Eg har jo jobba i mange år for det her, så det er veldig deilig å kjenne at enkelte ting er litt lettare no enn det var før. Det er rett og slett ei lette at det løsnar litt, seier Halstensen.

LES OGSÅ: Farao: Speledame blant spelemenn 

Konsert i tusen meters høgd
Ein kan trygt seie det har løsna for Bendik. Førre helga opptredde dei på Spellemannprisen, og snart skal dei spele på Sjoggfest under ungdoms-OL på Lillehammer.

26. februar kjem Bendik sitt tredje album, «Fortid», ut. I tillegg til alt dette er Bendik ein av fleire artistar som skal spele for SAS, anten i lufta eller i lounge på ein flyplass.

– Eg føler at eg har eit veldig godt forhold til SAS i frå før av. Om eg går inn med gitaren er det ofte dei seier; «Skal du ikkje ta ein liten trall for oss i dag, då,» og no kjem det faktisk til å skje. Been there, done that! seier Halstensen.

Ho bekymrar seg ikkje mykje for å spele på fly, men nemner at dei tekniske utfordringane, som støyen, og korleis dei skal nytte instrumenta sine er noko ho tenkjer på.

– Også hadde det vore fint om det ikkje var første gong eg fekk oppleve oksygenmasker akkurat då, legg Halstensen til, og ler.

Ann-Kristin Kreutz, ansvarleg for forretningsutvikling i Universal Music, fortel at når dei skulle velje artistar til samarbeidet med SAS var det viktig at artisten var under utvikling.

– Samarbeidet er meint til å skulle gi artisten ein arena for å nå nye kundar, så blir det ein gevinst at dei når ut til fleire. Alternativ promo, kan ein kalle det, seier Kreutz.

LES OGSÅ: Mennene dominerer radiomusikken 

– Eg kjente at det eg gjer er viktig
Det er ikkje nytt for Bendik å skulle spele for eit utradisjonelt publikum. I fjor var bandet på turné i fengsel og på rusklinikkar.

– Prosjektet var veldig interessant og spennande. Og om ikkje i fengsla, så i alle fall på rusinstitusjonane, følte eg ofte at tekstane mine fekk ei litt større betyding. Eg fekk nokon reaksjonar kor eg kjente at det eg gjer er viktig, fortel Halstensen.

Ho rosar dei som stod bak opplegget, og seier at ho sjølv har stor tru på musikkterapi. Dette har ho nytta i arbeidet med det nye albumet, som Halstensen seier er kalla «Fortid» fordi ho vil vere meir i nuet i staden for å halde seg til fortida.

– Det er nokon opplevingar eg har vore nøydd til å arbeide med, og som eg ville arbeide med i musikken sidan det fungerer som terapi for meg, fortel ho.

Kvalitetsartistar til ungdoms-OL
19. februar står Bendik på scena på Sjoggfest, ein kulturfestival for ungdom under ungdoms-OL på Lillehammer.

Festivalsjef Eirik Høyem Rogn seier til Studvest at dei fleste som skal opptre på festivalen er under 30 år. Då dei skulle finne artistar nytta dei eit bookingråd beståande av ungdom og studentar på Lillehammer. Det var slik Bendik sitt namn blei nemnt.

– Me er jo glad i kvalitetsartistar, så det var ikkje så veldig vrient å gå vidare med dei, seier Rogn.

Halstensen frå Bendik fortel at ho gler seg til at dei får vist seg fram for eit nytt publikum.

– Eg håpar dei likar oss på Instagram. Ungdom er jo veldig flinke til å like bilete, seier ho lattermildt.

– Livredd for å dø
På spørsmål om kvar ho ville opptredd dersom ho kunne spele kvar som helst, seier Halstensen at å spele på Preikestolen hadde vore eit kick. Studvest lurer på om ho har høgdeskrekk.

– Ikkje som eg veit om. Eg har ikkje så veldig masse skrekk, men eg er livredd for å dø, så det er klart at det kunne blitt ein konsekvens.

– Då me spelte på By:Larm i fjor, høyrde eg ein knekk-lyd i nakken min. Nakken klarte ikkje å halde hovudet mitt oppe lenger og eg måtte halde det med hendene. Då fekk eg eit augeblikk der eg tenkte at om eg først skulle falle om, så var det greitt om det hadde noko med ein konsert å gjere. Det høyrest brutalt ut, men så tenker eg at då døydde eg i alle fall lukkeleg, fortel Halstensen.