Bekymra bussjåførar krev stopp for ståplassar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Forferdeleg dårleg

I alle dei store byane og fleire andre fylke køyrer i dag bussar utan setebelte og med ståplassar på vegar med fartsgrense på 70 og 80 km/t. Både Yrkestrafikkforbundet og busspassasjeren Morten Habbestad har tatt opp saka med Statens vegvesen og Samferdselsdepartementet. Trygg Trafikk meiner det er uansvarleg å la bybussar utan setebelte og med ståplassar i 80-sona.

Les meir: Fryktar for livet på bussen

– Det er ingenting som skjer. Det er forferdeleg dårleg at dei ikkje gjer noko med det. Dei skyv problemet framfor seg.

Det seier Svein Furøy. Han er forbundsleiar i Yrkestrafikkforbundet, og er lei av å venta på at Statens vegvesen skal bestemma seg om det skal bli fartsgrense for såkalla klasse 1-bussar, altså bybussar utan setebelte og med ståplassar.

Vegvesenet: – Umogleg å lova noko
Statens vegvesen seier til Framtida.no at det er umogleg å seia kor lang tid til vil ta å gje eit svar på om dei går inn for fartsgrense for klasse 1-bussar.

– Det kjem an på den til ein kvar tid prioritering av arbeidsoppgåvene, seier Harald Gjelsvik i staben til Statens vegvesen. Han legg til at fartsgrense for klasse 1-bussar allereie har blitt eit tema på Island.

– Først etter at Samferdselsdepartementet eventuelt har fått oversendt eit slikt forslag og dei har samtykka til forslaget, vil det kunne sendast som forslag på høyring. Etter ei slik høyring og oppsummering av den, vil Samferdselsdepartementet ha høve til å foreslå vedtatt ei endring i trafikkreglane, seier Gjelsvik.

LES OGSÅ: – Menn bør ikkje få lappen før dei er 23

Problemet veks
– Problemet har berre blitt større det siste året, når talet på skuleelevar har vakse, seier Svein Furøy i Yrkestrafikkforbundet.

Det er fylkeskommunane som betalar for skuleskyssen. Viss dei ikkje får bruka bussar med ståplassar utanom sentrumsgater med 50-sone, betyr det at dei må skaffa seg fleire bussar. Det kostar pengar.

Men Svein Furøy meiner det blir dyrare å la vera å få fleire bussar utan ståplassar og med setebelte.

– Så langt har det gått overraskande bra. Men det bør gjerast noko no, før noko alvorleg skjer. Det kjem til å kosta endå meir, seier han.

LES OGSÅ: – Bilen må ta rattet frå menneska

Farlegare å køyra buss enn bil
Ifølgje ein fersk forskingsrapport frå Lunds tekniske högskola i Sverige, viser at det var farlegare å køyra buss enn å ta bil i bystrok.

Blant dei skadde var det overraskande mange som hadde alvorlege brot- og hovudskadar. Dei fleste skadane kom ikkje av trafikkulykker, men av fall mens bussen var i fart og uhell når passasjerar skulle stige av og på.

LES OGSÅ: Unge jenter vel farleg i trafikken

Krev forbod mot ståplassar
Fagforeiningsleiaren for bussjåførane krev eit umiddelbart forbod mot ståplassar på alle bussar som køyrer utanom bykjernane.

– Slik det er no, kan bussjåføren få bot viss han ikkje passar på at born som er med bussen bruker setebelte. Samtidig er det heilt greitt å ha ståplassar på bybussar som køyrer i 80-sona. Det er heilt meiningslaust, seier han.

Svein Furøy krev no at samferdselsministeren tek tak i saka.

– Utan politikarane skjer det ingenting, seier han.

LES OGSÅ: Ein av fem gutar gjer som Anders

Framtida.no har vore i kontakt med Samferdselsdepartementet fleire gonger i løpet av veka, men ingen i politisk leiing har hatt høve til å gje noko svar om kva dei vil gjera.

Synest du det er trygt med ståplassar på bussar som køyrer på motorvegen i 80 km/t?