Barbie vert dataspelutviklar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei seinare åra har leiketøysprodusenten Mattel kvart år lansert Årets karriere for Barbie.

Til no har ho mellom anna prøvd seg som pilot, filmskapar, lege og brannmann gjennom Barbie Careers. I tillegg til meir tradisjonelle kvinneyrker som sjukepleiar og ballerina.

LES OGSÅ: Barbie Savior reddar Afrika med «slumfies»

Barbie-kritikk
Barbie har òg fått prøva seg på data, men med varierande hell.

Boka Barbie: I Can Be A Computer Engineer (2010) fekk i 2014 kritikk for å vera sexistisk og framstilla Barbie som ein hjelpelaus utviklar, som var mest oppteken av design og trengte mannleg ekspertise for å rydda opp i datavirus.

Dette har Feminist Hacker Barbie teke eitt oppgjer med, og gjennom sida inviterer Kathleen Tuite, doktorgradsstudent i datateknologi, brukarane til å skriva om forteljinga.

Enden på visa var at Mattel kom med ei offisiell unnskyldning på Facebook-sidene sine.

LES OGSÅ: Gamer Amalie Marie «Proxyfox» Reisvaag har opplevd å få reaksjonar som; «Herregud, ho er jo jente!»

Gamer gate
Kvinner er eit relativt nytt fenomen i eit tidlegare mannsdominert spelunivers. Ei undersøking frå IGDA (International Game Developers Association) fann at  berre 22 prosent av i alt 2200 spurde utviklarar var kvinner i 2014.

Kvinnelege gamarar, utviklarar og speljournalistar har opplevd mykje hets gjennom rørsler som «gamer gate».

– Sjølv om kvinnedelen har auka er dei redde for å markere seg som damer og forblir usynlege. Sjølv om eg ynskjer at dei skal stå fram og vise kven dei er har eg ein enorm sympati for at ein ikkje orker presset, uttala NTNU-professor Kristine Ask til Framtida.no.

Og det er ikkje fritt for at nokre Twitter-brukerer nytta høvet til å kritisera Barbie sitt siste karriereval.

For å sikra truverdet til Barbie som spelutviklar har Mattel samarbeidd med spelutviklaren Molly Proffitt, leiar i Ker-Chunk Games, LLC.

– Eg veit at jenter treng eit førebilete som viser at dei kan vere ein del av universet og Barie gjer det. Ho har makt til å fortelja jenter at dei kan vera skaparar og byggjarar, uttala Proffitt til Huffington Post.

Spelutviklar-Barbie får ros for ein truverdige stil og ganske realistiske yrkesframstilling. Ein Twitter-bruker var spesielt nøgd:

Barbie, som star for dei desidert største inntektene til leiketøyskjeden Mattel, er i ferd med å endra image på fleire område. Tidlegare i år lanserte leketøysgiganten si populære, men utskjelte heltinne i tre nye kroppsfasongar – lang, kort og “litt rund”.

Men mangfaldet kan alltids bli betre, noko denne mannen sjølv tok ansvar for:

Les meir:

Martine Rørstad Sand omsette det første Nintendo Wii U-spelet til nynorsk