– Auka sjølvforsyning med mindre kjøtt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Redusert kjøttkonsum og auka fôr– og matproduksjon i landbruket kan auke sjølvforsyninga i Noreg med nesten 20 prosent, viser ein rapport frå Framtiden i våre hender (FIVH).

Miljøorganisasjonen har rekna ut at ein reduksjon i kjøttproduksjonen på 1/6 kan auke sjølvforsyningsgraden med 5– 19 prosent, alt etter kva vi vel å dyrke på det frigjorde beitearealet. Auka kraftfôrproduksjon gir ein effekt, mens dyrking av både kraftfôr og menneskemat er det optimale, ifølgje rapporten «Tre for prisen av én: Kutt i kjøttproduksjon hjelper miljø, selvforsyning og matsikkerhet».

Prisen er at vi må vere villige til å ete meir havre og bygg i staden for importert kveite og ris, og vi må ete meir norske poteter, grønsaker og belgvekstar.

Matproduksjonen minkar
Leiaren i FIVH, Arild Hermstad, peikar på at FN ventar eit to-prosents fall i jordbruksproduksjonen kvart tiår framover. Samtidig kjem etterspørselen til å auke.

– Noreg kan ikkje stadig auke importen av jordbruksprodukt og gjere seg meir og meir avhengig av at andre land skal produsere maten vår, eller å leggje beslag på stadig meir jordbruksareal i utlandet, seier Hermstad.

Etter FIVHs reknestykke vil eit seksdelskutt i kjøttforbruket frigjere rundt 800.000 dekar jordbruksland i utlandet – tilsvarande to gonger jordbruksarealet i Hordaland.

Klimagevinstane er òg store, ifølgje rapporten. Klimagassutsleppa kan reduserast med 360.000 tonn CO2-ekvivalentar per år, som svarer til over åtte prosent av dei samla utsleppa frå jordbruket i fjor.

Går for «veggisdag»
Føresetnaden for reknestykka er at vi ikkje byggjer ned meir jordbruksareal i Noreg, og at kjøttimporten ikkje aukar, poengterer Arild Hermstad.

– Mange kuttar ein kjøttmiddag i veka og erstattar han med ein vegetarisk rett. Det er eit enkelt miljøtiltak, og bonusen er betre helse. Målet er at ein «veggisdag» i veka skal bli til fleire når folk oppdagar kor godt og enkelt det er, seier Hermstad.

For å få ned kjøttkonsumet ønskjer FIVH ei eiga særavgift eller full moms på kjøtt, slutt på den subsidierte marknadsføringa av kjøtt gjennom Opplysningskontoret for egg og kjøtt og forbod mot å selje kjøtt med tap for å lokke kundar til daglegvarebutikkane. (©NPK)