Auka innsats gir ikkje fleire veljarar

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Marie Grusell og Lars Nord har studert den svenske valkampen ved førre val. Sjølv om det aldri hadde blitt banka på fleire dører eller posta meir på sosiale media i nokon tidlegare valkamp auka ikkje valdeltakinga av den grunn. Det skriv forskning.no. Veljarane bit nemleg ikkje lettare på sjølv om kampanjane blir meir systemetiske og meir marknadsretta.

Lite auke
I fjor auka valdeltakinga til Riksdagen med berre ein prosent i Sverige, til 86 prosent. På same tid skulle ein stemme til kommuneval, landsting og Europaparlamentet. Forskarane spurte seg korleis det kunne skje når innsatsen som vart lagt ned var så stor. Dei intervjua partisekretærar og kommunikasjonssjefar før og etter valet i 2014. Sjølv om oppslutninga til val er stor i Sverige, blei mange likevel skuffa over at innsatsen dei la ned i valkampen ikkje vart belønna med fleire veljarar.

Seinfeld-val
Under intervjua kom det fram at ein valkamp utan store og avgjerande saker eller mediehendingar av betyding kunne vere årsaken. På førehand hadde ein journalist spådd eit «Seinfeld-val», altså eit val som ikkje handla om noko.

Forskarane har kome fram til at partia ikkje klarer å forutsjå kva som skal til for å vinne valkampen, trass sine mange strategiar og strategar. Dei meiner spriket mellom innsats og utfall gir grunn til ettertanke. Dei trur det kan tyde på at det er lite kontakt med grasrota. Dei trur også at mange veljarar føler at valkampdebatten går over hovudet på dei og sjeldan handlar om dei spørsmåla dei syns er viktige. Eit anna moment forskarane peiker på er at det er så mange innspel og ynskjer i ein valkamp at ingen enkeltsaker får gjennomslag i debatten.

Forskinga seier ikkje noko om situasjonen i Norge, men også her er politikarane ivrige på husbesøk og sosiale media. Ved førre kommuneval stemte 65 prosent, for stortingsvalet var talet 78 prosent. Om nordmenn er meir lettpåverkelege av profesjonelle valkampstrategiar gjenstår å sjå.