Arveskatten aukar med Frp og Høgre

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Når ein set seg til å lesa tillegga i statsbudsjettet, finn ein mykje interessant, til dømes korleis byråkratane i Finansdepartementet maktar å endra Noreg i det stille. Dette er soga om då Frp og Høgre lurde folket, eller då Siv Jensen og Erna Solberg vart lurde av Finans­departementet.

Kva er det i eit omgrep, skreiv ikkje Shakespeare, men nesten. Når den blåblå regjeringa ved eit pennestrok sletta det stygge ordet arveavgift, var det stor lukke mellom kapitalistar og villa­eigarar. Dei las ikkje det med lita skrift. Truleg er dette ei av dei mest gunstige skatteomleggjing­ane i Noreg nokon gong – ikkje for arvingar, men for staten.

Om Siv Jensen og Erna Solberg trur dei har redusert skatte­børa gjennom arveavgifta, veit vi ikkje, men trur dei det, er det vanskeleg å konkludera med noko anna enn at dei har vorte lurde av byråkratane i Finans­departementet.

Arveavgifta er død.
Leve arveavgifta!
Ved midnatt den 1. januar 2014 døydde den gamle arveavgifta. Ho var ikkje særleg høg, men ho var høg nok til at mange irriterte seg over henne, og det jamvel om dei fleste fagøkonomar tykkjer ein dødsskatt er ein god skatt. Ingen reduserer til dømes arbeidsinnsatsen sin om arveavgifta er høg. Arveavgift er nemleg skatt på det andre har spart saman, ikkje du. Dessutan verkar høg arveavgift utjamnande. Om du skaffa deg husvære i Paris rett etter den franske revolusjonen, har du og etterkomarane dine fått ei årleg gjennomsnittleg verdstiging på 3 prosent og ei avkastning på utleige på 4 prosent. Tre husvære i Paris i 250 år, og mange folk har vorte mangemillionærar, og det berre av di ein eller annan for lenge sidan skaffa seg hus. Arveavgift reduserer eller fjernar slike blodføremoner.

Noreg har aldri hatt ei arveavgift som har konfiskert alt, men litt har staten tradisjonelt teke. I 2013 var alt opp til 470.000 avgiftsfritt, dei neste 330.000 fekk 6 prosent, og alt over 800.000 hadde 10 prosent. Prosentsatsen vart sett på grunnlag av marknadsverdi av det du arva. Dette er noko heilt anna enn ein kapital- eller vinstskatt. Han er basert på det sokalla kontinuitetsprinsippet. Då ser staten på verdien på kjøpstidspunktet, og so reknar han ut kor stor vinst du har hatt. Om du kjøpte noko for 1 million i 1980 og som no er verdt 11 millionar, skal staten ha 27 prosent av vinsten, altso 2,7 millionar, når du sel. Med arve­avgiftssystemet for 2013 kunne staten berre taka vèl 1 million ved ei liknande verdistiging.

Smarte byråkratar
So kva gjorde byråkratane i Finansdepartementet i fjor haust? Jau, dei skreiv noko byråkratisk og kamuflerert inn i statsbudsjettet. «Arveavgiften fjernes fra 2014. Da forsvinner også arveavgiftsgrunnlaget som inngangsverdi. Til erstatning for dette skal det som hovedregel gjelde et kontinuitetsprinsipp i inntektsbeskatningen ved arv og gave. Det betyr at arve- og gavemottaker overtar arvelaters eller givers inngangsverdier på overførte gjenstander ved et senere gevinstoppgjør, samt andre skatte­posisjoner knyttet til det som overføres.»

I klårtekst: Arveavgifta fekk eit nytt namn. No heiter det ikkje lenger arveavgift, det heiter vanleg kapitalskatt. Du må betala skatt på verdistiginga til foreldra dine. Kjøpte dei seg ei tomt i 1970, skal du måtta betala mykje for det. Men primær­huset og familiehytta gjekk ikkje Finansdepartementet etter. Alle som sel eit hus dei bur i, kan i dag selja det skattefritt når dei kjøper noko nytt som dei flytter til. Den regelen vert ikkje endra. Det vil seia at når du arvar eit primærhus og sel det med ein gong, so skal du ikkje lenger betala arveavgift, so her er det faktisk tale om ein reell skattenedgang. Men om vi ser på det større biletet, har Finansdepartementet gjennomført ei stor skatteskjerping.

I Noreg som i dei fleste andre land (her held vi oljen utanfor) kjem om lag 30 prosent av nasjonalinntekta frå kapital og 70 prosent frå lønsarbeid. I stort sett alle kapitalistiske land aukar kapitalinntektene til ulempe for lønsinntekter. Det meste av denne kapitalinntekta kjem ikkje frå primærhus, men frå verksemder, som har overskot og verdistiging; i hovudsak kjem desse peng­ane frå renter på peng­ar, aksjar og utleige av eigedom. Ved overføring av desse verdiane kjem ikkje staten lenger til å taka berre 10 prosent ved død, men 27 prosent frå den tida kapitalen vart skaffa fyrst, når du sel arven. Det får konsekvensar.

Tomteskatt
På Høn i Asker der underskrivne har hus, vart det skilt ut mange tomter i 1970-åra. Desse gjekk for rundt 200.000 kroner. Nokre av dei aller beste tomtene vart ikkje utbygde då, men fleire har vorte selde for 10 millionar no. Tomter får full kapitalskatt. Arving­ane må ut med vel 2,6 millionar om dei sel no. Held verdistiginga fram, og sel so arvingane desse for 20 millionar om tjue år, ja, so må dei ut med over fem millionar. Om det gamle regimet hadde vore halde ved lag, ville skatten vorte på omlag 950.000 no, og staten ville ha nullstilt verdiauken frå 70-åra til idag.

Kor sannsynleg er det so at kapitalinntekter vert mindre eller større i framtida? Det er berre i to periodar dei seinaste par hundre åra i Vesten at kapitalinntekter ikkje har gått opp til ulempe for lønsinntekt: under fyrste og andre verdskrig. Berre under omfemnande krig har ein makta å reversera kapitalopphoping. Kva ein måtte meina om ei slik utvikling, kjem an på ideologi; folk til venstre likar det ikkje, folk til høgre tykkjer det er greitt at sparing skal løna seg. Men sett frå ei statleg side er det sjølvsagt vitugt å skattleggja den delen av økonomien som aukar mest.

Og er det eitt land i Europa der kapitalen kjem til å auka i tiåra frametter, er det nok Noreg. Vi går gjennom ein stor folketalsvokster og har store overskot på handelsbalansen. Dette i sin tur gjer at det trengst massivt med ny realkapital. Utleigebustader må byggjast, vegar finansierast og ei rad aksjeselskap kjem til å auka dramatisk i storleik.

Pensjonsskatt
Eit anna moment er pensjonssystemet. Staten har lagt om pensjonane i privat sektor, og det kjem nok ei omleggjing av dei offentlege pensjonane òg. I åra frametter kjem lønsmottakarar til å konvertera mellom 5 og 20 prosent av løna si til kapital gjennom tvungen pensjonssparing. Dette vil på sikt gje Noreg private pensjonsfond som kan konkurrera med Oljefondet i storleik. Mange av dei som sparer desse pengane, kjem til å døy før dei tek ut særleg av kapitalen. Då kjem det nye kapitalskattesystemet ved dødsfall til å løysa ut store skatteposisjonar. Døma er svært mange.

Eit tredje moment er at denne skatteomleggjinga truleg vil gjera staten til ein endå sterkare kapitalistisk aktør. Den norske staten er den staten i Europa som eig mest aksjar. Staten er til dømes den klårt sterkaste aktøren på Oslo Børs. Staten betalar korkje kapitalskatt, arveavgift eller formueskatt eller andre skattar. Den harde arveskatten vi no får på aktiv kapital, gjer at staten i motsetnad til private tek inn all kapitalvinst utan å måtta gjera noko særleg for det; han får i alle høve alt av verdistiging. Det gjer staten rikare relativt sett til private. Denne trenden vert nok forsterka. Om dette er bra eller dårleg, er igjen eit normativt spørsmål.

Kuriøs presentasjon
Ei litt kuriøs sak er måten regjeringa har presentert denne om­­leggjinga på. I statsbudsjettet finn vi tre døme: Døma Finansdepartementet presenterer, viser berre ein marginal auke i skatten. Ei tomt som vart kjøpt for 25.000 kroner i 1980, «er nå verd 350.000 kroner». Ja, seier Finansdepartementet; før måtte du ikkje betala skatt på dette, men no må du betala 87.750 kroner. Dei andre døma er nokso like. Eit utleigehus til 4,3 millionar ville fått arveavgift på 359.800; med det nye regimet går skatten opp til 540.000.

Sams for desse døma er at dei ikkje er relevante for press­område, der folk flest bur. Knapt nokor tomt i Oslo-regionen har hatt ei so låg prisstiging som 325.000 dei seinaste 34 åra.
Det er sjølvsagt særs vanskeleg å seia kor mykje omleggjinga kjem til å auka skatteinngangen, og det kjem nok rop på sikt om at folk vil ha attende den gamle ordninga. Men det er òg slik at når staten ikkje røyver vanlege hus, so vil protestane ikkje verta so store. Det som verkar meir klårt, er at den blåblå regjeringa ikkje heilt har halde lovnaden sin om å redusera skattetrykket på sokalla aktiv kapital.

Ogso dette kan visa seg å vera ein føremon for økonomien samla sett. Familieselskap får større vekst etter sal, viser mange forskingsartiklar; med denne kapitalskatten vert økonomien etter det meste å døma meir dynamisk. Og det har faktisk vore ein ålmenn trend i det norske skattesystemet sidan reforma av 1992. Det norske skattesystemet er fullt av feil og manglar, og særleg ille er det for primærbustader, men samstundes er det eit av dei enklaste og mest effektive i verda. Ein nordmann kan faktisk rekna ut sin eigen skatt utan å måtta ty til juristar. Det er nokso unikt i verda.
Det regjeringa har gjort, er i alle høve å auka skatten sterkt for dei rikaste familiane her til lands når dei ein gong må selja kapitalen. Blåblått i Noreg er ikkje det same som i andre land.

LES SAKA I DAG OG TID!